Lærekandidat favoritt ikon

Ein lærekandidat har mål om å ta eit kompetanseprov. Kompetanseprov er mindre omfattande enn fag- eller sveinebrev.

Lærekandidat kan vere eit alternativ for deg som veit det kan bli vanskeleg å fullføre eit fag- eller sveinebrev. Lærekandidat er ein grunnkompetanse, som kan byggast vidare til yrkeskompetanse.

Som lærekandidat inngår du ein opplæringskontrakt med ei lærebedrift. Det er ikkje krav om at du må ha bestått fag på vidaregåande skole. Det er mogleg å få opplæringskontrakt rett etter ungdomsskolen, men det er heller inga øvre aldersgrense.

Læretida varierer frå 1–4 år, og planen for opplæringa blir laga etter kva du kan og kva du ønsker å lære.

Søknadsfrist er 1. februar. Kontakt fagopplæringskontoret i ditt fylke dersom du har spørsmål om lærekandidatordninga.

Sjå oversyn over fagopplæringskontora