Kva skal du bli? favoritt ikon

Her får du nokre tips om kva du bør tenke over når du skal velje utdanning og yrke.

1. Dine interesser og eigenskapar

  • Kva er interessene og verdiane dine?
  • Kva eigenskapar og ferdigheiter har du?
  • Er du teoretikar eller praktikar?
  • Likar du å arbeide saman med andre eller åleine?

Kanskje kjenner du nokon som kan bidra med informasjon og råd ut frå si eiga erfaring?

Det finst fleire interessetestar som kan hjelpe deg på veg.

2. Utforsk moglegheitene dine

Når du har funne nokre alternativ, kan det vere lurt å finne ut av kva moglegheiter som finst innanfor dei ulike yrka. Det kan vere mange vegar til det same yrket. Her er nokre punkt det kan vere verdt å tenke på:

  • Korleis er arbeidsmarknaden/framtidsutsiktene for dei ulike yrka?
  • Korleis er det å arbeide med det?
  • Kva lønn kan du vente deg?
  • Kva utdanning må du ha for å nå dit?
  • Kva fagkrav og poengkrav stiller ein?
  • Kor lang er utdanninga?
  • Kvar kan du ta utdanninga?
  • Har du lyst og høve til å ta utdanninga i utlandet?

Det kan vere lurt å gå inn i denne prosessen med eit kritisk blikk. Sjølv om eit yrke er "trendy" nett no, er det ikkje sikkert at det er eit yrke som passar for deg. Det er betre å følgje evnene og interessene sine, enn å la deg presse inn i eit spor som alle følger.

På utdanning.no kan du bla i over 550 yrkesskildringar med informasjon om mellom anna arbeidsoppgåver, personlege eigenskapar, utdanning og lønn:

Søk i yrke på utdanning.no

Du kan også finne yrke etter interesser i Jobbkompasset.

3. Korleis når du målet ditt?

Når du veit kvar du er og kva mål du har, gjeld det å finne ut og bestemme seg for korleis du skal nå dit. Utdanning.no har oversyn over skolar og institusjonar som tilbyr utdanninga du ønsker.

 Skildring av utdanningar frå a til å 

Dersom du ønsker å studere i utlandet finn du gode oversyn og informasjon hos Ansa:

Sjølv om du gjer eit val no, betyr ikkje dét at dette er endeleg og avgjerande for kva du skal gjere resten av livet. Mange utdanningar gir deg fleire val når det gjeld yrke, og du har mange høve til å bygge på ei fullført fagutdanning.

Lukke til!