Interessetestar favoritt ikon

Kva er du interessert i? Finn ut meir om evnene og interessene dine ved hjelp av interessetestar.

Interessetester hos Nav

Nav.no har tre program for yrkesval som kan hjelpe deg med val av utdanning og yrke.


Interessetest på vilbli.no

Vilbli.no er fylkeskommunenes informasjonsteneste om vidaregåande opplæring. Interessetesten er for deg som skal søke vidaregåande opplæring og ønsker å sjå kva for utdanningsprogram som kan passe for deg.


Jobbkompasset

Jobbkompasset gir ei oversikt over jobbmoglegheiter innan ulike bransjar, og kan inspirere til val av jobb og utdanning. Verktyet leier deg vidare inn på anna innhald på utdanning.no.

I tillegg kan du prøve desse testane:

  • Test deg sjølv og lær meir om restaurant- og reiselivsutdanning: verdenerdin.no
  • Test deg sjølv og lær meir om realfaglege og teknologiske yrke: velgriktig.no

Kjenner du til andre interessetestar? Send ein epost til redaksjonen [at] utdanning [dot] no.