Godkjenning av utanlandsk vidaregåande utdanning
Du må dokumentere fullført vidaregåande utdanning frå utlandet dersom du skal søke høgare utdanning i Noreg.
For å få godkjent den utanlandske graden din må du ha:
- tilsvarande generell studiekompetanse frå utlandet
- dokumenterte norsk- og engelskkunnskapar
- eventuell annan dokumentasjon
Søke om godkjenning
Dersom du har tatt Vg1 eller Vg2 i utlandet, kan du søke om å få godkjent året hos inntakskontoret Går du på privat vidaregåande, må du ta kontakt med dagleg leiar på skolen din. Dersom du har tatt eit år på eit yrkesfagleg utdanningsprogram som leier fram til fag- eller sveinebrev, må du kontakte fagopplæringskontoret
fagopplæringskontoret for å få informasjon om godkjenning.
Du må gå Vg3 i Noreg for å få ein norsk grad, så du kan ikkje søke om å få godkjent Vg3. Men du kan få utferda ein grad frå den utanlandske lærestaden din.
Dersom du har tatt ein heil grad i utlandet og har fått generell studiekompetanse, kan du enten be om å få ei førehandsvurdering hos Samordna opptak dersom du er i tvil om du oppfyller krava til opptak, eller søke opptak til universitet og høgskolar utan førehandsgodkjenning. Då blir vurderinga gjort under opptaket.
Korleis søke opptak hos Samordna opptak
Fag- eller sveinebrev frå utlandet
Dersom du har fag- eller sveinebrev frå utlandet, er det ikkje ei formell godkjenningsordning i yrke som ikkje er lovregulerte. Dette gjeld dei fleste yrkesfaglege utdanningar på vidaregåande nivå. Då er det opp til arbeidsgivar å bestemme om utdanninga er tilstrekkeleg for å utføre jobben du søker.
Fagopplæringskontoret kan vurdere utdanninga di mot eit norsk fag- eller sveinebrev. Då må du ha dokumentasjon på utdanninga med skildring av innhald i tillegg til vitnemål, samt skildring av eventuell arbeidserfaring. Vurderinga kvalifiserer til å ta norsk fag- eller sveinebrev, og godkjenner ikkje utdanninga di.
Dersom du manglar dokumentasjon, kan du få godskrive praksis som del av realkompetansevurdering.