Voss har fantastiske linjer, ca 30 varierte valfag og dyktige lærarar. Her fordjuper me oss i faga! Unike fasilitetar i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, og spennande studieturar i inn- og utland. Her får du både utfordring og meistring i eit inkluderande fellesskap. Opplev draumane dine, velkomen til Voss!
Voss folkehøgskule ligg vakkert til, midt i smørauget av ekstremsport- og kulturbygda Voss. Omkransa av fjell speglar skulen seg i Vangsvatnet, berre 10 minutters gange frå Voss sentrum med alt bygda har å by på. Ein perfekt stad for ein folkehøgskule!
Heile Voss er vårt klasserom! I tillegg til gode undervisningsrom på skulen, nyttar me Voss sine unike fasilitetar for både kunst og kultur, ekstremsport og friluftsliv.
Alle elevar ved Voss folkehøgskule får:
- Prøve kroppsflyging i Voss vindtunnel
- Årskort i Voss gondol, som ligg i gangavstand til skulen og tar deg rett til fjells og endelaust pudder!
På Voss veit me at det er mengdetrening som gjer meister. Med to og ein halv linjedag i veka, og ein og ein halv dag til valfag, får du tid til å fordjupe deg. Og bli betre i det du interesserer deg for, heilt utan karakterpress og formelle vurderingar.
Eit breitt spekter av ulike linjer gir eit allsidig og inkluderande miljø. Her vil du garantert treffe folk som deler interesser med deg, uansett kva dei måtte vere!
Utdanningstilbud
Tittel Sort descending | Interesser |
---|---|
Bratt | Friluftsliv, idrett og sport, Sykkel, Ski, brett, snowboard |
Data | Nord-Amerika, Grafisk design, Media og kommunikasjon |
Data & Friluftsliv | Nord-Amerika, Ski, brett, snowboard, Media og kommunikasjon |
Ekstremsport | Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Kano, kajakk, Friluftsliv |
Ekstremsport Luft | Ekstremsport, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Friluftsliv |
Film og Foto | Kunst, tegning, maling, Kunst og håndverk, TV, film, video, Media og kommunikasjon |
Idrett og Friluftsliv | Multisport, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Idrett |
Kunst og Natur | Kunst, tegning, maling |
Lyd & Musikkproduksjon | Pop, rock, vise, band, Musikk, scene og teater, Musikk, Lyd-, lys-, sceneteknikk |
Låtskrivar//studio | Pop, rock, vise, band, Musikk, scene og teater, Musikk, Lyd-, lys-, sceneteknikk |
Musikk & Friluftsliv | Surfing, vannsport, seiling, Musikk, scene og teater, Ski, brett, snowboard, Friluftsliv |