Ein av Noregs finaste folkehøgskular er eit tidlegare SAS-hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar. Det er difor klatrarar, musikarar, filmskaparar, surfarar, skikøyrarar, kunstnarar og friluftsfolk kjem reisande hit frå fjern og nær. Dei vil oppleve noko vilt, vakkert og ekte.


Musikk.Friluft | Idrett.Ball | Golf.Idrett | Multisport | SjøSnøSurf | Global.Safari | Alarm.Beredskap | Bo.Aktiv

På Sunnmøre finn du Geiranger, Hjørundfjorden, Strandafjellet Skisenter, Sunnmørsalpar og Runde Fyr. Her får du med andre ord djupe fjordar og sylkvasse vestlandstindar, brear, fuglefjell og skikøyring i verdsklasse. Legg vi til at Via Ferrata Loen og surfespot’n Hoddevika berre ligg halvannan time unna, forstår du at di nye leikegrind har det meste å by på.

Likevel: Eit år på folkehøgskule kan vere vanskeleg å dokumentere med ord og bilder. Denne nettstaden gjev berre ein liten smakebit av kva som ventar deg. Difor seier vi ofte: Du må oppleve det for å forstå det. Du må vere her for å få det!

Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjekk ut skulebrosjyra på nett

Sunnmøre Folkehøgskule

Telefon: 7000 9600
www.sunnmore.fhs.no

Utdanningstilbud

Dette lærestedet tilbyr 9 folkehøgskoleutdanninger
Tittel Sort descending Interesser
Alarm.Beredskap Trening og kosthold, Andre fag og linjer, Friluftsliv, Dykking
Bo.Aktiv Tilrettelagte tilbud og botrening, Trening og kosthold, Tilrettelagt undervisning, Friluftsliv
Global.Safari Reise, språk og kultur, Internasjonal solidaritet, Friluftsliv, Afrika
Golf.Idrett Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Ballidretter
Idrett.Ball Friluftsliv, idrett og sport, Volleyball, Ski, brett, snowboard, Ballidretter
Leiartrening Andre fag og linjer, Psykologi, Friluftsliv, Reiseliv
Multisport Multisport, Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard
Musikk.Friluft Klassisk, korps, orkester, Pop, rock, vise, band, Musikk, scene og teater, Friluftsliv
SjøSnøSurf Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Friluftsliv, Europa