Jotunheimen, Jostedalsbreen,Sognefjordenog høge fjell! Studentbygda Sogndal og skulen vår!

Midt mellom høge fjell og den djupe Sognefjorden ligg forholda til rette for fagleg utvikling og spennande aktivitetar!På eit år hjå oss vil du kunne utvikledegog vere en del av fellesskapet på skulen vår. Med heile område som klasserom finnes berre moglegheiter- kom då!

Det er nemleg berre det som skal til- at nettopp du kjem til oss! Denne skulen er ein heim og denne heimen er ein skule. Kjenner du på lysta til å bu med andre som og er på jakt etter uendeleg påfyll i minneboka så finn du dei hjå oss.

I Sogndal vil du få læring gjennom opplevingar og aktivt bidra til å gripe dei moglegheitene me har tilgjengeleg. Året vil innebere store kontrastar av naturen rundt oss, alt frå å kjenne solstrålar varme på brygga vår, til kjensla av å vere omslutta av puddersnø om vinteren. Uavhengig av kva linje du vel, så legg me opp til ein kvardag der du kan nytte deg av alt Sogndal og omegn kan by på.

Sogndal ligg rett før eller rett etter brua og er ein viktig del av bygdebilete til Sogndal. Kvar og ein som kjem til oss vert ein del av bygda og du er viktig! Dette vil du og kjenne gjennom ulike fag og aktivitetar vi gjer gjennom skuleåret- frå frivillig deltaking på lokalløpet SMILI til heiagjeng på fotballkampar. Du vil treffe lokale på butikken, på skøyteisen vår dei kaldaste dagane og når me haustar av bygdas mange frukttre. Studentlivet er aktivt og tilbyr konsertar og treffpunkt for eit mangfald av interesser. Eit år hjå oss varer livet ut!

Sogndal folkehøgskule

Telefon: 57 62 75 75
www.sogndal.fhs.no

Utdanningstilbud

Dette lærestedet tilbyr 16 folkehøgskoleutdanninger
Tittel Sort descending Interesser
Fotoreise Media og kommunikasjon, Foto
Fotoreise haust TV, film, video, Media og kommunikasjon, Asia
Fotoreise vår Nord-Amerika, TV, film, video, Media og kommunikasjon
Friluftsliv Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Klatring, Kano, kajakk
Friluftsliv haust Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Friluftsliv
Friluftsliv Noreg Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Klatring, Kano, kajakk
Friluftsliv Noreg vår Friluftsliv, idrett og sport, Vinteridrett, Ski, brett, snowboard, Kano, kajakk
Friluftsliv topptur Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Friluftsliv
Idrett Friluftsliv, idrett og sport, Idrett, Fotball, Ballidretter
Idrett haust Multisport, Friluftsliv, idrett og sport, Kano, kajakk, Fotball
Idrett vår Multisport, Friluftsliv, idrett og sport, Fotball, Ballidretter
Klatring haust Ekstremsport, Friluftsliv, idrett og sport, Friluftsliv, Europa
Ski og klatring Friluftsliv, idrett og sport, Klatring
Ski vår Friluftsliv, idrett og sport, Vinteridrett, Klatring, Friluftsliv
Ski, sykkel og surf Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Sykkel, Friluftsliv
Sykkel, surf haust Friluftsliv, idrett og sport, Idrett, Friluftsliv, Europa