Det er her det skjer. Ikkje midt i det største lyskrysset i landet, eller i den største folkevrimmelen. Nei, det er her det skjer.

Her som fjella reiser seg frå dei grøne markane, der fjorden blenkjer mot deg i haustsola og der himmelen over deg er mørk nok til å kunne sjå stjernene på vinteren.

Friluftslivskulen ligg fantastisk til mellom bre, fjell og fjord.

På breen knakar og brakar det i 50 milliardar tonn kvit, blank og blå is. På med hjelm, stegjern og klatresele. Klar med isøksa til å møte eit nytt element. Jostedalsbreen er nabo til friluftslivskulen, du kan gå den på langs og på tvers, under over og gjennom den.

Fjella er høge, kvasse, bratte, steile, tøffe og majestetiske. Dei er vakre og luftige. Fjella inviterer til strevsomme oppturar og belønnar med rein plankekøyring ned att. Vi startar i fjæra og går heilt til topps, opp på dei høgste tindane. Av og til eit slit for å kome opp og fram, alltid ei god kjensle av å meistre når vi når målet.

Og så er det fjorden. Ein dag er den speglblank. Vi glir stille i kajakken langs land. Neste dag finn vi fram segla, reiser masta og prøvar vinden. Ytst ute mot havet kjem dei store dønningane innover. No er det surfebrettet sin tur. Så skal vi under overflata, der finn vi eit nytt univers for oppdagingar, dykking og jakt.

Nordfjord folkehøgskule

Telefon: 57 86 80 40
www.friluftslivskulen.no

Utdanningstilbud

Dette lærestedet tilbyr 11 folkehøgskoleutdanninger
Tittel Interesser
Bu og fritid Tilrettelagte tilbud og botrening, Tilrettelagt undervisning, Friluftsliv, Sosial, helse og omsorg
Friluftsliv / Ekspedisjon Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Klatring, Kano, kajakk
Friluftsliv / Fjellsport Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Friluftsliv
Friluftsliv / Jakt og fiske Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Kano, kajakk, Friluftsliv
Friluftsliv / KRIK Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Ballidretter
Friluftsliv / Ski Friluftsliv, idrett og sport, Vinteridrett, Sykkel, Ski, brett, snowboard
Friluftsliv / Ski og surf Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Vinteridrett, Friluftsliv
Friluftsliv / Sport Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport
Friluftsliv / Utforsk Norge Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Kano, kajakk
Friluftsliv / Vegleiing, 2.-års tilbod Andre fag og linjer, Ledertrening, Friluftsliv, Sosial, helse og omsorg
Friluftsliv / Vind og vatn Friluftsliv, idrett og sport, Vinteridrett, Sykkel, Friluftsliv