Nøkkelinformasjon

Du lærer å strikke plagg og tekstiler, samt bruk av verktøy, maskiner, materialer og teknikker.

Læreplan

Læreplan i strikkefag

Strikkefaget skal medverke til å føre vidare kulturarv og tradisjonar frå husflid og husflidsnæring. Strikkehandverkaren lagar klede, stoff, interiørtekstilar og utsmykking som einskildmodellar og i mindre seriar. I strikkefaget blir det brukt både manuelle teknikkar og reiskapar og moderne teknologi. Strikkefaget skal medverke til å dekkje behova for strikka tekstilar og klede og handverkstenester i samfunnet.

Opplæringa skal medverke til praktisk produksjon av strikka plagg og tekstilar. Opplæringa skal vidare medverke til utvikling av handverksferdigheiter, bruk av verktøy, maskiner og teknikkar og gi innsikt i bruk av ulike materiale i strikkefaget. Opplæringa skal også stimulere til arbeid med trendar og motar, tradisjonar og historie, knytt til eigen produksjon. Opplæringa skal vidare medverke til design- og produktutvikling i nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittel er strikkehandverkar.

Yrker og arbeidsliv i hele landet
Hele landet

Samarbeidsavtaler i hele landet
Hele landet

Det finnes 2 samarbeidsavtaler mellom skoler og bedrifter, hvorav 2 passer dine kriterier.