Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Samlingsbasert
Studiepoeng:
15

Informasjon oppdatert

30. mai 2022.

Om studiet

Vitskapleg publisering for museumstilsette er retta mot tilsette i museumssektoren og skal gjere studentane kjende med publisering av vitskaplege tekstar, særleg i fagfellevurderte tidsskrift. Emnet skal òg gje øving i å skrive ein vitskapleg artikkel basert på eit forskingsprosjekt.

Studentane skal skrive eit utkast til ein vitskapleg artikkel under rettleiing og diskutere eigne og medstudentane sine artikkelutkast, ut frå bestemte faglege vurderingsnormer og retningsliner. Artikkelen kan vere basert på eit sjølvstendig forskingsarbeid knytt til museumssektoren eller andre sjølvstendige forskingsarbeid.

Tre studiesamlingar à tre dagar i Bergen i løpet av vårsemesteret, med forelesingar og seminar. Inntil 3 timar rettleiing til artikkelen kjem i tillegg til samlingane. Rettleiinga kan vera individuell eller gruppebasert.