× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Portrett av Marit Synnøve Johnsen

YrkesintervjuKjole- og draktsyar favoritt ikon

– Det er veldig stas å sy klede frå botnen av og sjå kundane stråle i det ferdige plagget, seier kjole- og draktsyar Marit Synnøve Johnsen (32). Ho opplever også at stadig fleire ønsker å reparere og ta vare på kleda sine.

Marit Synnøve Johnsen
32 år
Kjole- og draktsyar
Gøjtøy systue, Drammen 

Kvifor valde du dette yrket? 

– Eg har alltid vore opptatt av handarbeid. Mamma strikka og sydde mykje, og som sjuåring lærte eg å strikke. Etter kvart lærte eg å legge opp masker sjølv og felle av, og var så stolt over å kunne lage eit plagg heilt på eiga hand utan hjelp. Eg strikka masse dokkeklede, alt utan oppskrift. Og tenkt, alt passa! Så satt eg ved sida av mamma og såg på at ho sydde på symaskin, og då ville jo eg gjere det same. Sidan eg var for lita til å få sy på maskin, sydde eg for hand i staden. 

Eg såg vesker og plagg eg hadde lyst til å lage, og målte, klipte og sydde det saman for hand. Etter kvart fekk eg lov til å bruke symaskina, og det blei klede til meg sjølv og søstera mi. Sånn starta min store lidenskap for å skape klede, og han har berre vakse. Gjennom ungdomsåra sydde eg skjørt og kjolar, og strikka genserar. På vidaregåande blei det formgiving grunnkurs, så design og tekstil andre året. Eg gjekk også saum på folkehøgskole, og deretter ut i lære. Mannen min påpeiker at kona hans syr heile dagen på jobb, og setter seg til å sy eller strikke når ho kjem heim. Eg kan rett og slett ikkje la vere! Eg synest det er fantastisk gøy og veldig givande. 

20200217_124431.jpeg

Kjole- og draktsyar Marit Synnøve Johnsen sittande bøygd over ein symaskin. Iført gul cardigan, avbilda frå livet og opp.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?    

– Vi har to lærlingar på jobb, så kvelden eller dagen i førevegen har eg planlagt oppgåver dei skal gjere. I starten av læretida er det mykje tid som går med på opplæring i alle saumteknikkar og mønsterkonstruksjon, og i korleis ulike plagg skal syast. Då føler eg meg ofte som ein lærar, men det gjer at eg blir meir reflektert rundt kva eg faktisk kan og gjer. Etter kvart som lærlingane blir flinkare, syr dei meir og meir omsaum og kundeoppdrag. 

Når eg kjem på morgonen, gir eg lærlingane oppgåvene eg har planlagt for dei, og fordeler kundeoppdrag som er på deira nivå. Eg bruker mykje tid på å følge med og sjå at ting blir riktig, og å svare på spørsmål. Samtidig gjer eg min eigen jobb, som er å sy omsaum, nysaum av bunadar, ta telefonen, svare på Facebook-førespurnader og å ta imot dei mange kundane som kjem innom i løpet av dagen. Då kjem kundar med klede som skal reparerast, leggast opp eller tilpassast. Vi arbeider også med interiør, som pynteputer, sofaputer og gardiner – ja, det meste som kan syast. 

Vi har også kundar som ikkje liker masseproduksjonen i Kina, og heller vil ha norskproduserte klede med kvalitet, og sydd akkurat slik dei vil ha det. Då tar vi mål av kunden, konstruerer mønster, klipper, syr, tilpassar og ferdigstiller. 

Det vi tener mest pengar på, er bunadar. Vi har mellom 70 og 100 bunadar innom systua i løpet av eit år. Då er det både å sy nye bunadar, og å tilpasse gamle bunadar.

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?    

– Du går VG1 Design og handverk, VG2 Design og tekstil, og deretter to år i lære før du tar fagbrevet i kjole- og draktsyarfaget. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?   

– Du bør ha estetisk sans og god forståing for form, farge og stoff. Du må kunne sjå kva som passar til ulike kroppsfasongar og personlegdomar. Du må ha handverket i hendene for å klare å utføre alle saumteknikkar perfekt. Du må også vere flink til å ta kundane godt imot – det er avgjerande for at dei kjem tilbake. At dei er fornøgde gjer at du tener pengar. Du må også kunne ha ei forståing for samanhengen mellom flate mønsterkonstruksjonar og faktiske klede, og korleis det skal syast. Og så må du forstå samanhengen mellom kva som er mogleg å utføre, og kva som ikkje lar seg gjere. 

Er du ikkje kreativ, tolmodig og løysingsorientert, passar du ikkje for dette yrket. Og du tar ikkje dette yrket for å bli rik. 

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Eg elskar å sy og skape ting, og er utruleg heldig som får jobbe med det eg liker best. Ingen dagar er like. Og det er veldig stas å sy klede frå botnen av og sjå kundane stråle i det ferdige plagget.

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Nokre gonger kan det bli litt kjedeleg å legge opp bukser og sprette ut glidelåsar. Arbeidsdagane kan også bli lange innimellom. Men slik er det – ting må bli ferdig, og kundar kjem ofte i siste liten. 

20200217_124118.jpeg

Kjole- og draktsyar Marit Synnøve Johnsen ståande med nål og tråd ved ei arbeidsbord. Ho syr på eit mørkt plagg. Avbilda frå livet og opp.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Du kan jobbe med kostymesaum, som bunadstilverkar, starte eiga systue eller slå deg saman med andre. Du kan også jobbe på brudesalongar med å tilpasse brudekjolar. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Du kan forvente mellom 300 000 og 400 000 kroner i året. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?    

– Det er ikkje lett å få jobb innan yrket. Men stadig fleire blir bevisst på å ta vare på det dei har og heller fikse det, framfor berre å kaste og kjøpe nytt. Så eg trur marknaden og behovet i samfunnet er der – folk må berre få vite at du er der også. Og det at vi tilbyr ei teneste framfor eit produkt, gjer at vi er sterkare konkurransemessig. Eit produkt kan du alltids finne billegare ein annan stad, men yter du ei teneste ingen andre kan matche, har du ein egen nisje. Og vår nisje vinn ein stadig større marknad.

Tekst:
Signe Steinnes
    • Det er ikkje lett å få jobb innan yrket. Men stadig fleire blir bevisst på å ta vare på det dei har og heller fikse det, framfor berre å kaste og kjøpe nytt.
    • Eg elskar å sy og skape ting, og er utruleg heldig som får jobbe med det eg liker best.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser