× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Portrettfoto av journalist Sigrid Ringnes, ikledd stripete ullgenser, sittande i svart korgstol, avbilda frå brystet og opp.

YrkesintervjuJournalist favoritt ikon

– Som journalist bør du vere interessert i menneske og nysgjerrig på alle sider ved samfunnet, meiner Sigrid Ringnes (36). Ho har som mål å røre folk med det ho skriv.

Sigrid Ringnes
36 år
Journalist
Østlands-Posten, Larvik

Kvifor valde du dette yrket? 

– Eg begynte på språkstudium på Blindern i Oslo, men fann ut at eg ønska noko mindre akademisk. Under ei volleyballtrening møtte eg ein journaliststudent som fortalde om kva journalistyrket dreier seg om. Då skjønte eg at ein journalist ikkje berre må vere glad i å skrive, men også nysgjerrig på folk og interessert i alle brikker i samfunnet. Då fekk eg ein følelse av at det passa meg. Eg var også veldig begeistra og fascinert av utanriksjournalist Åsne Seierstad på den tida. Så kom eg inn på journaliststudiet i Bodø, og forstod fort at eg hadde hamna på rett hylle. Då eg var ferdig utdanna, fekk eg jobb i Østlands-Posten, og her har eg jobba sidan. 

img_1718.jpeg

Journalist Sigrid Ringnes ståande med eit mannleg intervjuobjekt, med blokka i handa og kameraet på skuldra.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?    

– Alle journalistane møtast til eit morgonmøte halv ni. Der går vi gjennom dagsorden, snakkar om sakene vi skal jobbe med og går gjennom statistikk for nettavisa. Deretter går vi kvar til vårt og gyv laus på arbeidsoppgåvene. Som regel er eg ute og møter folk før lunsj, og skriv ferdig saka etter lunsj. Eg er allroundjournalist og dekker alt mogleg, men er spesielt interessert i skole, oppvekst, familieliv og gode historier om folk i Larvik. Akkurat nå har vi for eksempel ein artikkelserie som heiter «adresse Larvik», kor vi pratar med folk om korleis dei hamna her. 

Eg er også med og styrer avisas Instagram-konto. I tillegg er eg innimellom frontredigerar, som inneber at eg styrer kva for nokre saker som blir lagt ut på nettet, redigerer og publiserer dei, og gir råd til frilansarane våre. Foto er også ein viktig del av jobben. 

Dei fleste journalistar jobbar turnus. Eg jobbar som regel ein kveld i veka og kvar fjerde helg. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?    

– Journalist er ikkje ein beskytta tittel, men eg trur det er ein fordel å ha journalistutdanning. Journaliststudiet er ei bachelorgrad som du kan ta ved ulike studiestadar i Noreg. Er du ung og lurer på om journalistyrket er noko for deg, kan du troppe opp i ein redaksjon og få ein smakebit gjennom å frilanse. Vi har mange frilansarar som jobbar for oss i helger og på kveldar. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?   

– Du bør vere nysgjerrig på alle sider av samfunnet, og interessert i menneske. Du bør også vere glad i å skrive, men det er samtidig eit handverk som du lærer etter kvart. Mange tenker nok at journalistar må vere veldig utåtvende og ha spisse olbogar – men eg kjenner mange gode journalistar som er ganske introverte. Det er likevel ein fordel at du lett kjem i kontakt med folk.

Samtidig er vi journalistar utruleg forskjellige, og eg trur yrket passar for veldig mange – og det er ein stor fordel at ein redaksjon består av mange ulike typar menneske. 

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Det er å få formidle historier som er både spennande, morosame og rørande. Målet mitt er at det eg skriv om, rører nokon – på godt eller vondt. Så er det veldig varierte arbeidsdagar. Eg har for eksempel nettopp skrive ein artikkelserie om kjærleikshistorier frå Larvik, eg har skrive om ein månefisk som dukka opp på ei strand, om den nye læreplanen og kva for ei betyding den har for skolen her, og om psykisk helse. Det er også veldig gøy å ha ei rolle der du kan ringe kven du vil og spørje om kva som helst. I tillegg er vi ein viktig del av demokratiet og har eit viktig samfunnsoppdrag. Mange dannar seg eit verdsbilde basert på bloggar og ulike influensarar, som ofte er kjøpt og betalt. Ei avis er heilt uavhengig, noko som er kjempeviktig. 

Eg har som mål å gjere alle saker interessante, og følger med på lesartal på alle artiklane. Det kan samtidig vere både positivt og negativt – det kan vere frustrerande når saker ein sjølv ser på som veldig viktige, får langt færre klikk enn meir trivielle saker. 

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Det er vanskeleg å komme på noko, for eg er veldig glad i jobben min. Men det at du alltid lagar saker i ditt eige namn, kan nokre gonger vere negativt. Du kan få negative tilbakemeldingar både på telefon, e-post og i kommentarfelt. Det kan også vere litt slitsamt at du alltid er på jakt etter saker, og sånn sett er litt på jobb heile tida. 

I tillegg kan det vere høgt arbeidspress, men det er noko du blir van med. 

img_1702.jpeg

Journalist Sigrid Ringnes sittande foran PC-en, avbilda frå livet og opp.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Du kan vere journalist i lokalavis og riksavis, du kan jobbe utanriks, i TV, radio og i ulike magasin og tidsskrift. Mange journalistar går også over i kommunikasjonsbransjen. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Gjennomsnittleg startlønn er ca. 550 000 kroner i året, og utover det varierer lønna veldig ut frå geografi og størrelse på avisa. 625 800 kroner er ifølge Statistisk sentralbyrå gjennomsnittleg årslønn for journalistar. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?    

– Eg trur dei er gode. Har du lyst, og er flink og ivrig, er det store moglegheiter for å få jobb i lokalavis. Det kan nok vere noko meir utfordrande i hovudstaden.

 

Tekst:
Signe Steinnes
    • Er du ung og lurer på om journalistyrket er noko for deg, kan du troppe opp i ein redaksjon og få ein smakebit gjennom å frilanse.
    • Eg har som mål å gjere alle saker interessante, og følger med på lesartal på alle artiklane. Det kan vere frustrerande når saker ein sjølv ser på som veldig viktige, får langt færre klikk enn meir trivielle saker. 

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser