× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Portrett av tannhelsesekretær Julie Pettersen.

YrkesintervjuTannhelsesekretær favoritt ikon

Julie Pettersen møter pasientar frå null til hundre år. Ho bistår tannlegen i alt fra vanlige undersøkingar til kirurgiske inngrep.

Julie Pettersen
25 år
Tannhelsesekretær
Borgejordet tannklinikk, Larvik

Kvifor valde du dette yrket?    

– Eg blei introdusert for helsesekretæryrket då eg begynte på Vg1 Helse- og oppvekstfag. Det fanga interessa mi, og interessa auka etter at eg fekk vere utplassert på ein tannklinikk. Eg valde derfor å gå vidare på Vg2 Helseservice og Vg3 Tannhelsesekretær. Tannhelsesekretæryrket er veldig variert. Vi jobbar sjølvstendig, samtidig som vi er i eit team. Vi har også arbeidstider som er veldig gunstige. Vi jobbar kvart på åtte til kvart over tre, og berre på kvardagar. For meg som har små barn er det fint å ha helgene fri. I tillegg har eg har alltid hatt lyst til å jobbe med menneske. I dette yrket har vi eit breitt spekter av pasientgrupper, frå null til hundre år. 

tannhelse2.jpeg

Tannhelsesekretær Julie Pettersen legg fram sterilt utstyr som tannlegen skal bruke i behandlinga. Ståande ved tannlegestolen, ikledd kvite arbeidsklede og hårnett.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?    

– Tannhelsesekretærar har ansvar for alt som har med smittevern å gjere på klinikken. Vi skal handtere og halde ved like instrument og utstyr, og sørge for at det er reint og klart til bruk. 

Store delar av dagen går til å assistere tannlegen i behandlingane. Det kan vere alt frå vanlege undersøkingar og boring til kirurgiske inngrep, for eksempel viss ein skal operere bort ei visdomstann. Då tar vi på oss kirurgiske hanskar og hetter og «dekker opp i grønt», som vi seier – alt av utstyr skal vere sterilt og innpakka, og ingenting skal kome i kontakt med hendene våre undervegs. Vi desinfiserer og steriliserer alt utstyret på eit eige rom som vi kallar «Sterilen». 

Vi tar også røntgenbilde og gjer lettare laboratoriearbeid. Det kan for eksempel vere å behandle tannavtrykk og gipsmodellar, eller å lage bit- og bleikeskinner. 

I tillegg gjer vi det administrative arbeidet – som å ta telefonar, føre rekneskap eller bestille varer. Dette gjer vi innimellom arbeidet med tannlegen. No jobbar eg på ein stor klinikk, kor vi har fordelt dei administrative oppgåvene mellom tannhelsesekretærane. Tidlegare jobba eg på ein mindre tannklinikk, og der måtte vi gjere alle desse oppgåvene. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?    

– Du må gå Vg1 Helse- og oppvekstfag, Vg2 Helseservice og Vg3 Tannhelsesekretær. Deretter må du søke om autorisasjon frå Helsedirektoratet. Då får du ein beskytta tittel som tannhelsesekretær. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?   

– Du må vere sjølvstendig, fleksibel, ha gode samarbeidsevne og kunne kommunisere godt med både medarbeidarar og pasientar. Gode språkferdigheiter er viktig. 

Kven passar ikkje dette yrket for?   

– Viss du er veldig ustrukturert og ikkje liker å jobbe med og møte mange ulike folk, er det ikkje noko for deg.

Kva liker du best med yrket ditt?    

– At det er så variert. Vi har pasientar frå dei er små til dei er gamle, og det gleder meg å kunne vere med og hjelpe folk. Det er også ein god følelse når det kjem folk med tannlegeskrekk, og vi kan bidra til at dei klarar å kome seg greitt gjennom behandlinga. Eg liker også å jobbe i team. Vi lærer av kvarandre og har fine samtalar og diskusjonar. Eg er også veldig fornøgd med arbeidstidene, og at vi slepp å jobbe turnus

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Det må vere dei gongene vi får krasse telefonar frå pasientar eller pårørande som er misnøgde med behandlinga, ofte utan å kjenne heile bakgrunnen. Vi har også pasientar frå rus- og psykiatrifeltet som kan utagere av og til. Tannhelsesekretæren er den første som møter pasienten, og det er viktig at vi alltid svarar profesjonelt, sjølv om det kan vere krevjande. 

tannhelse1.jpeg

Tannhelsesekretær Julie Pettersen tek røntgenbilde av ein pasient i tannlegestolen. Avbilda frå livet og opp, ikledd kvite arbeidsklede og munnbind.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?    

– Du kan jobbe i offentleg og privat tannhelseteneste. Du kan jobbe på spesialistklinikkar, for eksempel innan kjeveortopedi, altså med tannregulering eller rotfylling. Du kan også jobbe med oralkirurgar. I tillegg jobbar det tannhelsesekretærar i tannhelsetenesta sine kompetansesenter, ved dei odontologiske fakulteta på til dømes høgskuler, og i Forsvaret.

Det er også mogleg å ta eit anestesikurs, for å kunne sette bedøving. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?   

– Startlønna er på 350 800 kroner i året, og med full ansiennitet er årslønna på 430 000 kroner. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?    

– Dei er gode. Det finst mange ulike stader ein kan jobbe, og mange tannhelsesekretærar nærmar seg pensjonsalder. 

Tekst:
Signe Steinnes
    • Det er ein god følelse når det kjem folk med tannlegeskrekk, og vi kan bidra til at dei klarar å kome seg greitt gjennom behandlinga.
    • Store delar av dagen går til å assistere tannlegen i behandlingane.
    • Du må gå Vg1 Helse- og oppvekstfag, Vg2 Helseservice og Vg3 Tannhelsesekretær.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser