× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Portrettfoto av gartnar Gry F.T. Snildal. Avbilda frå brystet og opp, iført gul arbeidsjakke.

YrkesintervjuGartnar favoritt ikon

– Det er veldig hyggeleg å gjere det fint for fellesskapet, seier Gry Frenche Tangen Snildal. Ho skapar trivsel for innbyggarane i Larvik gjennom flotte parkar og rekreasjonsområde.

Gry Frenche T. Snildal
57 år
Gartnar
Larvik kommune

Kvifor valde du dette yrket?

– Eg har vore ei friluftsjente frå eg var lita, og alltid vore opptatt av naturen og det som lever. Eg va veldig glad i tre og blomar, og blei meir og meir nysgjerrig og fascinert etter kvart som eg lærte meir. Eg kunne heller ikkje tenke meg å sitte på kontor – eg ville gjere noko med hendene. Det gjorde at eg valde å bli gartnar.

img_0514_kopi.jpg

Gartnar Gry F.T. Snildal beskjerer eit tre med ei stor greinsaks. Iført gul arbeidsjakke.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Sju til halv tre er vanleg arbeidstid. Her i kommunen har gartnarane ansvar for parkar, friområde og skjergard. Eg ser på parkane og rekreasjonsområda som ein felles hage for alle i kommunen. Det er så hyggeleg å kunne gjere det fint for eit fellesskap, og det er noko av grunnen til at eg er så glad for å jobbe i kommunen. Flotte grønområde og parkanlegg er veldig viktig for folk sin trivsel – det er «grøn resept». Det gir også turistar eit godt inntrykk av kommunen.

Vi lever i takt med årstidene, og arbeidsoppgåvene varierer veldig. På våren er det mykje beskjering. Vi ryddar opp etter vinteren og gjer naturen og parkane klare for 17. mai, og for å ta imot sommaren. Det er spennande å sjå kva som kjem opp, og kva «kong Vinter» har øydelagt. Ingen vår er lik. Så kjem sommaren, kor vi set ut alle sommarplantane. Vi vatnar, lukar og klipper gras. I sommarhalvåret deler vi også ein båt saman med Sandefjord kommune, for å ta hand om skjergarden. Vi set også ut badeflåter, redningsbøyer, badetrapper og handikapramper. På sommaren jobbar vi nokre helger, og tømmer søppel og vatnar ved behov.  På hausten tar vi inn det som må inn av sommarplantar. Så ser vi kva sommaren har gjort – har den vore våt eller tørr, er det sjukdommar eller skadedyr på vekstane? Vi hjelper naturen med å forberede seg på vinteren. Nokre stader lar vi plantene ligge, mens andre stader tar vi dei opp. På hausten får vi også eit overblikk for å planlegge neste vår, og bestiller blomar og tre. Er det parkar vi skal gjere mykje om på, gjer vi grovarbeidet på hausten. Vi set også ned mykje blomsterløk. På vinteren har vi ansvar for snørydding på gangstiar og trapper. Vi har også ansvar for trefelling i friområda. Då er det berre å finne fram verneutstyr og motorsag. I tillegg held vi ved like parkmøblar og søppelkasser på vinteren.

Som gartnar har du kunnskap om produksjon og skjøtsel av planter – for eksempel plantesjukdommar og gjødsling, kva for nokre planter som trivst saman, og kor plantene helst bør stå. Ulike område i kommunen har ulike naturtypar som eg må ha kunnskap om. Plantene skal også ha ulik stil på ulike stadar – for eksempel skal historiske lokasjonar, som Thor Heyerdahls barndomsheim eller Tollerodden, ha eit eige uttrykk. Det gjer at dagane blir veldig varierte. 

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket?

– Du tar fagutdanninga ved ein gartnarskole. Eg tok mi utdanning ved Gjennestad. Sidan eg ikkje hadde noko gard eller gartneri eg skulle overta, var park- og hagegartnar mest aktuelt. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for? 

– Du må ikkje vere redd for å bli møkkete eller ta i eit tak. Du må vere allsidig og villig til å gjere eit breitt spekter av oppgåver. Det er nok også ein fordel om du er flink til å samarbeide og lytte til andre sine erfaringar. Driv ein med produksjon, bør ein vere interessert i motar. Planter følger trendar, og er det in med sarte pastellfargar, kan du ikkje produsere oransje blomar. Vi ser også ulike trendar i hagar og parkar, og tar omsyn til desse når vi planlegg beda. Estetisk sans er også viktig. Ein skal velje riktig farge og form på plantene ut frå kor dei skal stå – og variere uttrykket over tid, slik at ein gjer mange til lags. 

Kven passar ikkje dette yrket for? 

– Ein park- og hagegartnar har ein fysisk jobb, så du må ha fysikken til å klare oppgåvene. Jobbar du med planteproduksjon, er det nok større moglegheiter for tilrettelegging. Vi har veldig variert arbeid, så vi er ikkje så utsett for belastningsskadar – men det kan gå ut over ryggen viss du ikkje er flink til å be om hjelp. Heldigvis har vi gode verktøy og hjelpemiddel som gjer jobben enklare. 

Kva liker du best med yrket ditt?

– Alt – eg er så glad i jobben min! Mange blir litt overraska over kor variert ein gartnar jobbar, og eg liker veldig godt variasjonen. Vi blir veldig i eitt med naturen og årstida. Du møter også mange menneske i denne jobben, og det er hyggeleg. Det er mange som set pris på det du gjer, og eg får ofte spørsmål om folk sin eigen hage. Då må du «bjuda på»!  Eg får i tillegg lov til å bli kjent med veldig mange gjennom ulike prosjekt i kommunen. Blant anna hjelper flyktningar innimellom til med søppelplukking og andre parkrelaterte oppgåver. Det er også ein «boost» med alle ungdommane som har sommarjobb her. 

Kva liker du minst med yrket ditt?

– Utakksam syting. Av og til møter vi folk som ikkje ser fellesskapet, og berre er opptatt av sitt eige. Det er ein del av jobben å takle dei. Hærverk liker eg sjølvsagt heller ikkje, men heldigvis er det lite av det her.

img_0505.jpg

Gartnar Gry F.T. Snildal kniper av visne blomar. Avbilda med hendene i forgrunnen.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket? 

– Under utdanninga spesialiserer du deg innan produksjon eller park og hage. Du har også moglegheit til å ta tilleggsutdanning innan det du er mest interessert i. Er du fascinert av tre, kan du bli arborist. Du kan også spesialisere deg på historiske anlegg, plantesjukdommar eller trua artar, for eksempel. Du må i tillegg oppdatere deg på faget gjennom heile yrkeskarrieren din. Dette er eit fagfelt som ikkje står stille. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Som fagarbeidar i kommunen tener ein rundt 430 000 kroner i året med full ansiennitet, det vil seie etter 16 år. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Det er nok ikkje så vanskeleg å få jobb som park- og hagegartnar – men det er ikkje alltid så lett å få 100 prosent stilling, dersom du ikkje har fleire bein å stå på. Mange stadar er gartnarane sesongtilsette i 8–9 månadar. Mange vel derfor å ta for eksempel brøytesertifikat i tillegg. Her i kommunen er vi fast tilsette, men då må ein vere villig til å gjere ulike oppgåver.

Tekst:
Signe Steinnes
    • Eg ser på parkane og rekreasjonsområda som ein felles hage for alle i kommunen.
    • Ulike område har ulike naturtypar som eg må ha kunnskap om. Plantene skal også ha ulik stil på ulike stadar.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser