× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Port­rett­fo­to av kun­de­an­svar­leg Mag­nus Bleie, kledd i kvit skjor­te med Stam­i­na-logo.

YrkesintervjuKun­de­an­svar­leg favoritt ikon

– Som kun­de­an­svar­leg må du ha gode kom­mu­ni­ka­sjons­evne og på­gangs­mot, sei­er Mag­nus Bleie. Han har an­svar for å føl­ge opp og gi råd til 250 kun­dar.

Mag­nus Bleie
27 år
Kun­de­an­svar­leg
Stam­i­na Hel­se, Lar­vik

Kvi­for val­de du det­te yr­ket?

– Eg har ei ba­che­lor­grad i or­ga­ni­sa­sjon og lei­ing frå Høgskolen i Innlandet, kor HMS, HR og per­so­nal­ar­beid står sent­ralt. Eg har all­tid vore in­te­res­sert i å job­be med og for men­nes­ke. At det blei ak­ku­rat kun­de­an­svar­leg ak­ku­rat her, var til­fel­dig. 

fullsizeoutput_2637.jpeg

Kundeansvarleg Magnus Bleie sittande ved ein arbeidspult, iført kvit skjorte og headset. Han ser mot ein dataskjerm. Avbilda frå livet og opp.
Lisens: 
All rights reserved.

Kor­leis er ein van­leg ar­beids­dag for deg?

– Stam­i­na er Noregs stør­ste be­drifts­hel­se­te­nes­te, og pro­duk­tet eg job­bar med, er di­gi­tal be­drifts­hel­se­te­nes­te. Vi sei­er at vi job­bar for fris­ke og mo­ti­ver­te til­set­te i tryg­ge, sunne og pro­duk­ti­ve ar­beids­mil­jø. Man­ge bran­sjar er på­lag­de å vere til­knytt ei be­drifts­hel­se­te­nes­te. Som kun­de­an­svar­leg er eg kon­takt­per­so­nen for kun­den, og kart­legg kva dei er flin­ke til og kva dei mang­lar in­nan det­te fel­tet. Så har vi eit ar­se­nal av fag­folk som dei be­stil­ler et­ter be­hov – en­ten det er psy­ko­log, lege, yr­kes­hy­gie­ni­kar el­ler noko anna. Vi ko­or­di­ne­rer opp­dra­get og gjer det en­kelt for kun­den. I til­legg er eg med i ar­beids­ut­val, kor vi skal vere ein nøyt­ral tred­je­part.

Eg sit med an­svar for 250 kun­dar, som eg skal føl­ge opp og gi råd til – som re­gel over te­le­fon el­ler e-post. Eg har of­tast kon­takt med dag­le­ge lei­a­rar i små og mel­lom­sto­re be­drif­ter, mens sto­re be­drif­ter ofte har eig­ne HMS- og HR-an­svar­le­ge. Vi skal byg­ge in­te­res­se og kom­pe­tan­se hos kun­da­ne, noko som skal gje­re dei til gode bes­til­la­rar av pro­duk­ta våre. Det er vel­dig spen­nan­de å job­be med så man­ge for­skjel­li­ge bran­sjar og be­drif­ter. Kun­da­ne har uli­ke øns­ker, uli­ke be­hov og ulik kom­pe­tan­se – og treng uli­ke råd. Yr­kes­hy­gie­ni­ka­rar er det som blir be­stilt of­tast. Dei le­ve­rer ri­si­ko­vur­de­rin­gar, som er den vik­ti­gas­te grunn­stei­nen i HMS-ar­bei­det, for­di det vi­ser kva som er ri­si­ka­belt med job­ben du gjer. Arbeidshelsekontrollar blir også vel­dig ofte be­stilt. Des­se skal sik­re at dei til­set­te har ein så sunn og trygg ar­beids­plass som mog­leg.

Kva krevst for å kun­ne job­be med det­te yr­ket?

– Det er in­gen spe­si­fik­ke ut­dan­nings­krav for å vere kun­de­an­svar­leg, men er­fa­ring, kom­pe­tan­se el­ler ut­dan­ning in­nan­for fa­get du job­bar med, er re­le­vant. Uansett kva slags om­rå­de du job­bar med, er det vik­tig å ha gode di­gi­ta­le fer­dig­hei­ter og gode kom­mu­ni­ka­sjons­evne. Du pra­tar med folk hei­le da­gen, en­ten det er kol­le­g­aer el­ler kun­dar. Du må også vere sjølv­sten­dig, sys­te­ma­tisk og ha på­gangs­mot. Det er fri­dom un­der an­svar – du sty­rer dine eig­ne kun­dar, og må føl­ge dei opp på rik­tig tids­punkt. Du bør tri­vast med, og kun­ne hand­te­re, å ha mykje å gje­re og man­ge bal­lar i luf­ta sam­ti­dig.

Kven pas­sar ik­kje det­te yr­ket for?

– Kla­rer du ik­kje å sit­te i ro, er det ik­kje noko for deg – for du sit på eit kon­tor stort sett hei­le da­gen. Li­ker du ik­kje å prate i te­le­fon, pas­sar det heller ik­kje. Bort­sett frå det er vi som job­bar her, vel­dig for­skjel­li­ge ty­par. 

Kva li­ker du best med yr­ket ditt? 

– Va­ri­a­sjo­nen. Det er eit stort fag­felt vi job­bar med, med vel­dig uli­ke be­drif­ter og fram­gangs­må­tar. Eg kan ha fem te­le­fon­møte i lø­pet av ein dag, som alle hand­lar om noko for­skjel­lig. Det gjer at du læ­rer mykje, og du fø­ler ik­kje at du gjer det same hei­le tida. 

Kva li­ker du minst med yr­ket ditt?

– Det må kan­skje vere at vi sit mykje stil­le. Vi har stå­pult og ak­ti­vi­tets­pau­sar, men det er mykje sta­tisk ar­beid. Bort­sett frå det har eg lite vondt å seie om job­ben min. 

fullsizeoutput_2635.jpeg

Kundeansvarleg Magnus Bleie og ein kollega. Dei ser begge ned på ei notatblokk som Magnus held og peikar på.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre mog­leg­hei­ter finst in­nan­for yr­ket? 

– Det vil va­ri­e­re et­ter kor du job­bar som kun­de­an­svar­leg. Hos oss er det man­ge mog­leg­hei­ter, for­di vi er eit stort kon­sern og i vekst. Då kan du job­be deg opp­over til stil­lin­gar med meir an­svar. Eg har gått frå å job­be med sal til å bli kun­de­an­svar­leg, og den sis­te tida har eg i til­legg fun­gert som as­sis­te­ran­de av­de­lings­lei­ar. Når du job­bar som kun­de­an­svar­leg, opp­ar­bei­der du deg er­fa­ring som kan vere re­le­vant for andre be­drif­ter. I mitt til­fel­le er det HR og HMS, som alle be­drif­ter job­bar med i ei el­ler anna form.

Kva kan ein for­ven­te i lønn i det­te yr­ket?

– Det kjem heilt an på kor mykje er­fa­ring, ut­dan­ning og an­si­en­ni­tet du har. I den­ne bran­sjen er det nok van­le­gast med ei grunn­lønn på mel­lom 360 000 og 550 000 kro­ner i året. I til­legg får du sals­bo­nus, som hos oss er opp til 120 000 kro­ner i året. Den­ne er av­hen­gig av kor godt du pres­te­rer. For å få mak­si­mal bo­nus må du ha gjort ein ek­sep­sjo­nelt god jobb.

Kor­leis rek­nar du sjan­sa­ne for å få jobb in­nan det­te yr­ket? 

– Dei trur eg er gode. Hos oss pei­kar pi­le­ne berre ein veg, og eg trur også det er gode mog­leg­hei­ter andre sta­der. Kun­de­an­svar­le­ge og kun­de­ser­vi­ce vil nok ald­ri gå av moten.

Tekst:
Signe Stein­nes
    • Det er fri­dom un­der an­svar – du sty­rer dine eig­ne kun­dar, og må føl­ge dei opp på rik­tig tids­punkt. Du bør tri­vast med, og kun­ne hand­te­re, å ha mykje å gje­re og man­ge bal­lar i luf­ta sam­ti­dig.
    • Kla­rer du ik­kje å sit­te i ro, er det ik­kje noko for deg – for du sit på eit kon­tor stort sett hei­le da­gen. Li­ker du ik­kje å prate i te­le­fon, pas­sar det heller ik­kje.

Yrkesbeskrivelser