× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Portrettbilde av energioperatør Håkon Offergaard Jevne, avbilda med hjelm og høyrselsvern.

YrkesintervjuEnergioperatør favoritt ikon

Energioperatør Håkon Offergaard Jevne sørger for at kraftverket lagar straum som det skal. Han liker at han stadig må løyse nye utfordringar.

Håkon Offergaard Jevne
33 år
Energioperatør
Skagerak Kraft AS, Åbjøra kraftverk i Valdres

Kvifor valde du dette yrket?

– Eg var utplassert på dette kraftverket då eg gjekk på vidaregåande. Då var det mykje som skjedde her, og eg syntest det verka spennande. Men det var ingen ledige stillingar her då eg var ferdig på skolen, så eg jobba først nokre år som energimontør. Etter nokre år blei det utlyst lærlingplass her som energioperatør, og då søkte eg – og fekk jobben. 

hakon3.jpg

Energioperatør Håkon Offergaard Jevne sjekkar straumskap. Iført hjelm, høyrselsvern og arbeidsglede.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Jobben min dreier seg om å inspisere og halde ved like alt som er menneskeskapt i vassvegen til kraftverket – ifrå vatnet regnar ned og blir samla i magasin, til det kjem ut igjen som straum. Arbeidsoppgåvene varierer frå dag til dag. Service, kontroll og vedlikehald av ulike typar utstyr er det vanlegaste. Vi tar hand om både det mekaniske og elektriske, og jobbar med alle spenningsnivå. Firmaet tener pengar så lenge kraftverket går, så hovudfokuset er å sørge for at det er i driftsmessig stand heile tida. 

Femte kvar veke har eg vakt. Då er eg på kraftstasjonen til vanleg tid, altså halv åtte til tre, men i tillegg må eg vere tilgjengeleg på telefon 24 timar i døgnet. Vakta har også eit sett med vaktrundar han skal igjennom, og må følge med på vassituasjonen, med tanke på tørke, flaum eller liknande. Den som har vakt, informerer kvar morgon dei andre om kva som har skjedd det siste døgnet.

Eg er stasjonert i Valdres, men skjer det noko ekstraordinært, kan vi ein sjeldan gong bli bedt om å dra til andre driftsområde. 

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket?

– Du må ta fagbrev som energioperatør. I tillegg må du ta ulike kurs årleg, innan førstehjelp, brannberedskap, fallsikring og forskrifter. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for? 

– Du må vere løysningsorientert, roleg og beherska, særleg i vaktsituasjonar. Viss det skjer noko, må du finne ut kva som er gale, og fikse det på kortast mogleg tid – men samtidig på ein sikker og trygg måte, for det er store krefter og energiar som blir forvalta. Du må også ha evne til å halde oversikt, for det er eit stort og komplekst anlegg, med mange komponentar som skal fungere saman. 

Kven passar ikkje dette yrket for? 

– Det passar ikkje dersom du ikkje har ein viss praktisk sans og interesse for faget. 

Kva liker du best med yrket ditt?

– Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene, og du må heile tida løyse nye utfordringar – sjølv etter ti år kjem eg stadig borti noko nytt. Og sjølv om kraftverket er bygga for å vare i 50 år, er verktøy, utstyr og hjelpemiddel i utvikling, både innan det elektriske og det mekaniske. I tillegg er det gode arbeidsvilkår og høgt fokus på HMS, som også er noko ein lærar seg å sette pris på.

Kva liker du minst med yrket ditt?

– Rutinearbeidet. Kontrollrundane ein gjer om og om igjen utan at det er noko særleg utvikling, er ikkje så spennande. 

hakon2.jpg

Energioperatør Håkon Offergaard Jevne vassende i vatn, i eit kraftverk-magasin.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket? 

– Dei fleste energioperatørar jobbar i kraftverk, men du kan også jobbe i fjernvarmeanlegg, vindmøller og solcelleanlegg.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Som nyutdanna begynner du kanskje på rundt 350 000 kroner i året. Etter nokre års erfaring og med vakttillegg ligg lønna på 550 000–650 000 kroner.

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Dei er ikkje så store, dessverre. Det er få som blir utdanna energioperatør, fordi det er få arbeidsplassar. Automatisering er den største fienden til energioperatørar, men det byrjar å ha nådd eit minimum – det er krav om ein viss beredskap, og i mange område er det ein høg gjennomsnittsalder. Gjer ein eit godt inntrykk som lærling, og viser at ein er dyktig, er det ikkje umogleg å få jobb. Dersom ein får jobb innan energioperatørfaget, er ein stort sett sikra arbeid til ein sjølv vel å slutte.

Tekst:
Signe Steinnes
    • Firmaet tener pengar så lenge kraftverket går, så hovudfokuset er å sørge for at det er i driftsmessig stand heile tida. 
    • Du må vere løysningsorientert, roleg og beherska, særleg i vaktsituasjonar. Viss det skjer noko, må du finne ut kva som er gale, og fikse det på kortast mogleg tid – men samtidig på ein sikker og trygg måte, for det er store krefter og energiar som blir forvalta.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser