× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Portrettbilde av anestesilege Maria Nemat Naguib Leerberg i kvit legefrakk.

YrkesintervjuAnestesilege favoritt ikon

– Som anestesilege er det er viktig å kunne behalde roa i akutte situasjonar og ta mange avgjerder på kort tid, seier Maria Nemat Naguib Leerberg.

Maria Nemat Naguib Leerberg
30 år
Anestesilege
Sykehuset i Vestfold, Tønsberg

Kvifor valde du dette yrket?

– Eg hadde lenge tenkt å studere jus, men på slutten av vidaregåande begynte eg å sjå på medisin. Det er eit målretta studium, sidan det er eit profesjonsstudium. Det er samfunnsretta, og det er ei utdanning kor det går an å jobbe internasjonalt. Eg syntest tidleg at anestesi verka som eit interessant fagfelt. I tillegg merka eg meg då eg studerte at det alltid var god stemning på anestesiavdelingane. Eg jobba eitt år som barnelege då eg var ferdig med turnus, og begynte på anestesi etter det. 

img_0032.jpg

Anestesilege Maria Nemat Naguib Leerberg trekk opp ei sprøyte, iført grøne sjukehusklede og hette på hovudet. Avbilda frå brystet og opp.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Eg jobbar både dagvakt og nattevakt. Som regel veit eg ikkje heilt korleis vakta kjem til å bli, for akutte situasjonar kan oppstå når som helst. Når pasientar vurderast som alvorleg sjuke, frå barn til dei eldste, er vi ein del av det teamet som blir tilkalla akuttmottaket. Ein annan typisk situasjon vi tar del i er akutt keisarsnitt. Då sett vi som regel ei såkalla spinalbedøving i ryggmergsvæska, og følger med på pasienten mens ho blir operert av gynekologane. Det kan også haste så mykje at kvinna må i narkose. Då er det vi som har ansvar for narkosen, og følger pasienten opp saman med kirurgane. 

Dessutan er eg på operasjonsavdelinga som narkoselege, og har ansvar for ei eller fleire operasjonsstover. Eg jobbar også på intensivavdelinga, og tar vare på nokon av dei sjukaste pasientane på sjukehuset, for eksempel dei som får respiratorbehandling. Dette gjer vi i samarbeid med den pasientansvarlege avdelinga, for eksempel lunge- eller hjarteavdelinga. Enkelt sagt har vi ansvar for den støttande behandlinga rundt ein pasient – vi legg til rette for at kirurgen kan operere pasienten og bidrar til at pasienten kjem seg gjennom den alvorlege sjukdommen. 

I anestesien ser vi raskt effekten av tiltaka vi gjer. Vi driv med akutte problemstillingar, og samarbeider med mange forskjellige medisinske spesialitetar. Vi møter folk i vanskelege situasjonar, kor vi kan vere ei støtte for dei, og det er fint. Anestesilegen jobbar på lag. Vi har ofte med oss ein anestesisjukepleiar, eller samarbeider med ambulanse når vi er ute i feltet.

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket?

– Det er seks års medisinstudium, halvanna års turnusteneste og fem års spesialisering. Når du spesialiserer deg, er du på jobb og lærar mens du jobbar. Du har òg eit visst tal kurs og prosedyrar som du må gjennom for å få godkjent spesialiseringa.

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for? 

– Mange seier at det er litt utolmodige typar som blir anestesilegar, for vi liker å sjå effektane av det vi gjer raskt. Vi ser at vi kanskje har eit litt anna tidsperspektiv enn enkelte andre. Det er viktig å kunne behalde roa i akutte situasjonar og ta mange avgjerder på kort tid, men det er også noko du lærar deg etter kvart.

Du må vere interessert i menneske, for du kjem tett på dei. I denne typen arbeid må du gi ein del av deg sjølv, som i alle omsorgsyrke. Det er også viktig å kunne samarbeide og jobbe i lag. Elles krevst det gjennomføringsvilje for å komme seg gjennom utdanninga, og du må akseptere at du må jobbe heilagdagar og netter. 

Kven passar ikkje dette yrket for? 

– Du ramlar ikkje inn i denne spesialiseringa, og eg trur at dei det ikkje passar for, skjønner det litt sjølv. Du må vere interessert i det faget inneber. Det passar heller ikkje for dei som ikkje kan jobbe netter, for det er ein stor del av jobben som anestesilege på sjukehus. 

fullsizeoutput_2610.jpeg

Anestesilege Maria Nemat Naguib Leerberg snakkar med ein kollega som sitt med ein dataskjerm. Begge iført sjukehusklede og hette på hovudet.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva liker du best med yrket ditt?

– Eg liker veldig godt at ting skjer fort, at det er litt tempo. Eg liker at eg raskt ser resultatet av det eg gjer. Eg liker også at eg får ei brei erfaring med medisinen, for vi samarbeider med alle dei andre spesialitetane. Eg liker at vi er dei som blir tilkalla når ting er litt tøft. Og eg sett veldig pris på kollegaene mine, både legar og sjukepleiarar. Vi skapar god lagfølelse saman. 

Kva liker du minst med yrket ditt?

– Nokre gonger må du jobbe på julaftan, eller droppe bursdagar. Du går i større grad glipp av ting med familie og venner fordi du må jobbe helge- og nattevakter. Men det er eit bevisst val ein tar når ein vel dette yrket. 

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?

– I Noreg er anestesifaget ganske breitt samanlikna med mange andre land, kor ein skil mellom anestesi og intensiv. Som anestesiolog i Noreg jobbar du både med narkose, akuttmedisin og smertemedisin, i tillegg til det prehospitale, som når vi er ute saman med luftambulanse. Jo større sjukehus du er på, jo spissare kompetanse har du. Då jobbar du kanskje berre på intensivavdelinga, for eksempel. Som anestesilege kan du jobbe på sjukehus, i helikopter eller bil, eller på private sjukehus og klinikkar.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Når ein reknar med vakttillegg og andre tillegg som vi får grunna turnusarbeid og vaktbelasting samt overtid, ligg årslønna stort sett mellom 800 000 og 1 000 000 kroner. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Dette er noko som alltid vil trengast, og det ser ut som at det ikkje er vanskeleg å få jobb som lege i spesialisering – særleg om du er villig til å flytte på deg. I større byar er det trongare om plassen.

Tekst:
Signe Steinnes
    • Mange seier at det er litt utolmodige typar som blir anestesilegar, for vi liker å sjå effektane av det vi gjer raskt.
    • Når pasientar vurderast som alvorleg sjuke, frå barn til dei eldste, er vi ein del av det teamet som blir tilkalla akuttmottaket. Ein annan typisk situasjon vi tar del i er akutt keisarsnitt.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser