× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Portrettbilde av familierådgjevar Helle Bjørnstad

YrkesintervjuFamilierådgjevar favoritt ikon

– Du må ha eit genuint ønske om å jobbe med menneske. Og du bør vere robust, for jobben kan vere forholdsvis tappande og intens i periodar, seier familierådgjevar Helle Bjørnstad.

Helle Bjørnstad
48 år
Familierådgjevar
Tønsberg

Kvifor valde du dette yrket? 

– Eg har alltid tenkt at eg ville jobbe med menneske, og kjem frå ein familie der mange jobbar i helse- og omsorgssektoren. Eg jobba 17 år i barnehage før eg tok utdanning som barnevernspedagog. Etter to år i barnevernet begynte eg på master i familieterapi for å få endå fleire moglegheiter og eit breiare nedslagsfelt. Som familieterapeut får du møte både vaksne, barn og ungdom, både i grupper og individuelt, og det er spennande.

img_0288.jpg

Familierådgjevar Helle Bjørnstad sittande framfor ein PC på kontoret sitt.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?   

– Eg har to ulike jobbar som familierådgjevar. I dei to jobbane mine kjem eg borti veldig ulike typar utfordringar og problem.

Eg driv eit enkeltmannsføretak kor eg for det meste tar imot par. Dagane eg jobbar her, kan eg ha alt frå to til fem samtalar. Ofte jobbar eg ettermiddag og kveld, slik at para ikkje treng å komme i arbeidstida. I parterapi-praksisen handlar det om kva som gjer at folk får det vanskeleg i parrelasjonen sin. Typiske problemstillingar kan for eksempel vere yngre par med barn som føler at dei får lite tid til kvarandre. Det kan handle om utruskap og sjalusi, om personlege skilnader som skapar konfliktar, eller par med vaksne barn som plutseleg har mykje tid saman, men ikkje lenger føler samhøyr. Nokre kan ha mista nokon, og føler ikkje at den andre klarer å møte sorga. Mangel på intimitet er også ein gjengangar, det same er «dine og mine barn». Den yngste eg har hatt her, har vore 21 år, den eldste 83. Mange er ganske lei seg – eg opplever ikkje at det er mykje sinne her inne. Mange kjem til meg fordi dei får time her raskt. Offentlege familiekontor har ofte lengre ventetid. 

Hovudjobben min er å vere rettleiar for fosterforeldre. Ein typisk dag kan eg vere på besøk i to ulike fosterheimar i Vestfold, Buskerud eller Telemark. Eller eg kan vere med på eit samarbeidsmøte på ein skole, med fosterforeldre, barn, pedagogisk-psykologisk teneste (PP-teneste), lærarar og rettleiarar til stades. Nokre dagar kan eg gå heim klokka to, andre dagar er eg heime ti på kvelden. Dette styrer eg litt sjølv. Som rådgjevar for fosterheimar jobbar eg med barn som kjem frå alvorleg omsorgssvikt og ofte er veldig traumatiserte. Når dei flyttar i fosterheimar, strevar dei naturleg nok mykje. Fosterforeldra skal forstå kva som skjer, omsette kva det er uttrykk for, og møte barna på ein måte som gjer at dei landar, føler seg inkludert i familien og får ei sunn og god utvikling. Det kan vere barn som har mykje mareritt og strevar både skolefagleg og sosialt. Dei kan vere veldig utrygge og stolar ikkje på vaksne. Ein del slit med sjølvbildet, og med eteforstyrring og sjølvskading. Dei treng ofte mykje hjelp til å regulere kjensler, og det skal dei vaksne eg jobbar med, bli gode til og finne strategiar for. Mange av fosterforeldra har ofte gode tankar om det sjølv, så må vi i tillegg kurse dei i såkalla traumesensitiv omsorg. Har dei eigne barn i familien, kan det gjere ting vanskelegare.

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket?   

– Familieterapeut er i utgangspunktet ikkje ein beskytta tittel, men det blir jobba med at det skal bli det. Eg synest min bakgrunn, med bachelorgrad i barnevern og mastergrad i familieterapi – er ein fin fagkombinasjon. For å ta master i familieterapi må du ha fem års klinisk erfaring frå feltet. Eg gjekk saman med både vernepleiarar, sjukepleiarar, sosionomar, pedagogar, jordmødrer og sexologar. Utdanninga ved Diakonhjemmet, kor eg gjekk, er svært anerkjent.

Ein familierådgjevar må vere uthaldande og tolmodig. Du må ha eit genuint ønske om å jobbe med menneske. Du bør vere robust, for jobben kan vere forholdsvis tappande og intens i periodar. Du må tole å høyre mykje om andre sitt strev, og bli fylt med andre menneske si liding over tid. Når eg for eksempel jobbar med folk som har mista barn, kan det gå veldig inn på meg. Då er det viktig med gode kollegaer, så du sjølv får tømt deg innimellom og kan tole å ta imot meir. Du må vere løysningsorientert, nysgjerrig og trygg på deg sjølv – og samtidig audmjuk og open for at ein alltid kan sjå ting på ein annan måte. Du må nok også vere ganske sortert på eigne kjensler. Dersom mykje i livet mitt ikkje var i balanse, kunne det vere lett å overføre det på dei eg jobbar med. Eg bør ikkje vere i krise sjølv når eg jobbar med dette.

Kven passar ikkje dette yrket for?

– Eg rettleiar studentar ved OsloMet som skal skrive bacheloroppgåve i barnevern. Det har hendt at eg har sagt ifrå til høgskolen om studentar eg trur kan få det vanskeleg på grunn av eigen bakgrunn. Eige strev og vanskelege erfaringar kan av og til vere ein ressurs, men det kan også gjere jobben vanskeleg. Mange parterapeutar er skilde, inkludert meg sjølv. I ein terapeutisk rolle kan det vere ein fordel å ha kjent på litt motgang sjølv – så lenge kjenslene er sorterte og gjennomarbeidd.

Kva liker du best med yrket ditt?   

– Eg sluttar aldri å la meg fascinere av menneske si sårbarheit og strategiar for å takle strev. Det er innmari mange menneske som toler utruleg mykje, og som er villige til å jobbe for å få det betre. Eg møter mange ulike menneske, og det gir meg veldig mykje når ting går betre. Eg bruker også mykje humor i jobben, og det fyller meg veldig når ting er tungt. Så er eg veldig glad i å få styre min eigen kvardag, noko eg kan nå.

Kva liker du minst med yrket ditt?   

– Eg har god arbeidskapasitet, men nokre gonger kjenner eg at eg strekk meg mykje over lang tid. Når ein jobbar med menneske som slit, kan eg sjølv få ein følelse av utmatting. Folk kan vere lei seg og fortvila når dei går ut herifrå, og eg føler mykje ansvar for at andre skal få det betre. Omsorgstrøyttleik er eit omgrep i dette feltet, og i periodar blir eg prega av det. Då er det godt med ein ferie, og eg er heldigvis god til å hente meg inn igjen.

img_0282.jpg

Familierådgjevar Helle Bjørnstad sittande ved eit bord på kontoret sitt. På bordet er det tre koppar og ein vase med ein grøn kvist.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Det er mange moglegheiter. Mange jobbar i barnevernet, i ulike barnevernsinstitusjonar, ved statlege familiekontor og i barne- og ungdomspsykiatrien. Du kan jobbe administrativt innanfor helsesektoren. Du kan undervise og rettleie på høgskolar. Du kan jobbe i barnehage- og skolesektoren. Du kan jobbe på sjukehus, for eksempel med familiar som har sjuke barn. Du kan også drive eigen praksis, som meg. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?   

– Som privat tener eg 800 000 kroner i året. Det hadde eg ikkje gjort viss eg jobba i kommunen.   

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?   

– Dei er gode. Er du fleksibel og open for kva du kan jobbe med, får du jobb.

Tekst:
Signe Steinnes
    • Som familieterapeut får du møte både vaksne, barn og ungdom, både i grupper og individuelt, og det er spennande.  
    • Eg sluttar aldri å la meg fascinere av menneske si sårbarheit og strategiar for å takle strev. Det er innmari mange menneske som toler utruleg mykje, og som er villige til å jobbe for å få det betre.

Yrkesbeskrivelser