× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Portrettbilde av Sara Lossius i eit lydstudio, ved sida av ein mikrofon. Avbilda frå brystet og opp, med blå strikkegenser.

YrkesintervjuInfluensar favoritt ikon

– I denne jobben må du ha ein stor dose sjølvdisiplin og vere ukueleg optimistisk på eigne vegne, seier Sara Lossius. Ho driv Noregs største helse- og livsstil-podkast, Ingefær.

Sara Lossius
38 år
Influensar
Sjølvstendig næringsdrivande, Nesodden

Kvifor valde du dette yrket?

– Eg jobba som kommunikasjonsrådgjevar i Ikea, og var i mammapermisjon nummer to. Då hadde eg allereie ein blogg og hadde skrive ei bok. Eg oppdaga tidleg podkast, og begynte å lage min eigen helsepodkast. Etter kvart vaks han såpass fort at eg måtte ta eit val om eg skulle tilbake i jobben. I Ikea hadde eg presseansvar ei veke i månaden, og eg måtte pendle eit stykke. Eg valde derfor å satse på dette, fordi det skapar eit litt meir fleksibelt familieliv, i tillegg til at eg alltid har hatt lyst til å drive for meg sjølv. Det har tatt litt tid å bli eit levebrød, og det var ikkje slik at eg tenkte at eg skulle bli ein influensar. Men 35 prosent av lyttarane mine seier at dei nyttar samarbeidspartnarane mine, så eg har jo ei påverknadskraft. Folk blir også påverka av tema eg pratar om – enten det handlar om verdiar eller å koke kraft. 

bokbad.jpg

Sara Lossius sittande i samtale med forfattar Gry Hammer på ei scene, med publikum framfor.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Det er veldig variert. Eg gjer det meste sjølv, og det er veldig mange oppgåver som må gjerast – ikkje berre det eg liker eller er god på. Nokre dagar har eg heimekontor. I dag drog eg rett til studioet kor eg spelar inn podkasten, og hadde eit intervju. Nå er eg heime og skal jobbe med sal, for eg må sørge for å dra inn eigne pengar. Det inneber å oppsøke potensielle samarbeidspartnarar, kontakte allereie etablerte kundar, eller skrive om resultatet frå ein kampanje. Sidan eg har ei påverknadskraft, vel eg samarbeidspartnarar med omhug. Eg vil ikkje berre at dei skal gi meg pengar, men også ein meirverdi for lyttarane. Derfor hender det også at eg seier nei til annonsørar. Eg er veldig bevisst på korleis eg framstiller livet og kroppen.

I går jobba eg ganske seint på kvelden og skreiv spalta mi til Kamille. Eg førebudde intervju, gjorde klar innlegg til sosiale media, og sende av garde fakturaar. Eg skriv også mine eigne reklamesnuttar. Innimellom prøver eg å få tid til litt bokskriving. Av og til drar eg heim til folk for intervjue dei – det spørst kva som passar dei. Dersom gjesten i podkasten min er ein forfattar, les eg boka i forkant og gjer mykje research. Eg liker research, og synest samtalene blir betre viss eg kan mykje om temaet. Heldigvis huskar eg lett og er tryggare i rolla som programleiar nå, så eg bruker mindre tid på førebuingar nå enn før.

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket?

– Når du jobbar for deg sjølv, er dei personlege eigenskapane viktigast. Du må ha evne til å stå i motgang over lengre tid. Det kan vere veldig ubehageleg av og til. Du må ha ein stor dose sjølvdisiplin, og vere ukueleg optimistisk på eigne vegne. Det passar ikkje for alle. Når du jobbar som eg gjer, må du vere god til å prate med folk, like å gjere research og evne å dra inn pengar. Eg trur ikkje det er dumt å ha bakgrunnen eg har. At eg har ei lang universitetsutdanning, har mykje å seie for kva eg klarar å snakke om i podkasten. Og så har eg jo lyst til å gjere ein forskjell. Gjer ein det berre for pengane, trur eg det blir tungt etter kvart. I tillegg må du like folk. Eg liker kvart einaste møte eg har, og då er det fint å ikkje vere den mest introverte personen. 

Kven passar ikkje dette yrket for? 

– Det kan passe for veldig mange, men passar nok ikkje viss ein ikkje er så gira på å ta risiko, eller viss du liker å få oppgåver framfor å ta oppgåver. 

img_6008_1.jpg

Sara Lossius i eit lydstudio, ståande ved ein mikrofon, med ei skrivebok liggande på bordet framfor.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva liker du best med yrket ditt? 

– Eg elskar å tileigne meg kunnskap, og vurderte å ta doktorgrad nettopp på grunn av det. Når eg får stille spørsmål om det eg har lært til dei som har lært meg det, og får formidle det til tusenvis av menneske, er det utruleg morosamt. Det kan eg leve på i fleire dagar. Når eg ser at lønningane mine er ordentlege i min eigen AS, er det også veldig tilfredsstillande. 

Kva liker du minst med yrket ditt?

– Eg begynner å bli betre til å ta fri, men eg kan i utgangspunktet alltid jobbe. Det kan vere eit minus. I tillegg skulle eg ønske eg kunne sett bort meir arbeidsoppgåver, slik at eg kunne gjere enda meir av det eg er best på. Eg har ingen problem med å drive sosiale media, for eksempel, men skal det gjerast veldig bra, tar det meir tid enn det eg har.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?

– Då eg begynte som kommunikasjonsrådgjevar, hadde eg aldri sett for meg at dette skulle bli levebrødet mitt. Då fanst ikkje podkast ein gong. Vegen blir til medan ein går, fordi ein opparbeider seg erfaringar – og nye dører ein ikkje visste fanst, opnar seg.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Det er vanskeleg å seie. Nokre influensarar drar inn millionar, mens andre ikkje gjer det. Det kjem mellom anna an på eigen merkevare og avtalar med annonsørar.

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Det er vanskeleg å svare på. Ein lagar sin eigen jobb, og må gjere den jobben til eit levebrød. 

Tekst:
Signe Steinnes
    • Det har tatt litt tid å bli eit levebrød, og det var ikkje slik at eg tenkte at eg skulle bli ein influensar.
    • Når du jobbar for deg sjølv, er dei personlege eigenskapane viktigast. Du må ha evne til å stå i motgang over lengre tid.

Yrkesbeskrivelser