× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Portrettfoto av fotograf Hege Mathisen

YrkesintervjuFotograf favoritt ikon

Fotograf Hege Mathisen er glad i menneske, og set pris på å kunne følge familiar over fleire år. Rekneskap og golvvask er også ein del av jobben.

Hege Mathisen
47 år
Fotograf
Sjølvstendig næringsdrivande, Larvik

Kvifor valde du dette yrket?

– Eg har alltid syntest det er gøy å ta bilde. I 9. klasse hadde eg arbeidsveke hos ein fotograf. Det å få vere med på barne- og bryllaupsfotografering syntest eg var veldig stas, og då bestemte eg meg. Eigentleg har eg jobba som fotograf sidan då. 

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Eg kjem til studioet på morgonen, sett ut skilt og ser over timeboka. Ofte har eg ei barnefotografering frå morgonen av, som tar ein time – halvannan, avhengig av barnet. Når fotograferinga er ferdig, lastar eg inn bilda, tar backup og jobbar med redigering på andre jobbar. Ofte har eg ein salstime i løpet av dagen, det vil seie at kundar kjem for å bli guida gjennom aktuelle produkt. Det mest vanlege er innramma bilde, men eg lagar også veggrupper, album og takkekort. Eg liker å ha kontroll på sluttproduktet, og vite at det blir ordentleg laga.

På ein typisk dag har eg ein til to avtalar, og redigerer foto mellom avtalane. Eg fotograferer mest menneske, og innimellom også produkt. Når du driv for deg sjølv, må du gjere det meste, så golvvask og rekneskap er også ein del av jobben. 

img_0067.jpg

Fotograf Hege Mathisen gjer i stand ein bildecollage på arbeidspulten sin. Avbilda frå livet og opp.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket?

– Fotograf er ikkje ein beskytta tittel, så du kan sånn sett starte som fotograf berre du har eit kamera. Det er likevel veldig lurt å få kunnskap gjennom å gå i lære. Sjølv har eg sveinebrev og meisterbrev i fotograffaget. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for? 

– Dei aller fleste fotografar driv for seg sjølv. Då må du ha ståpå-vilje og jobbe når det er jobbar å få. Eg jobbar mykje med portrett – då er det ein fordel å like menneske og vere litt utåtvend. Du bør også ha ein sans for form og farge, for det er eit estetisk fag. Så må du ha vilje og evne til å utvikle deg heile tida, for det nyttar ikkje å berre gjere det same. 

Kven passar ikkje dette yrket for? 

– Det passar ikkje for dei som trur at fotograf-faget berre er «å knipse». Sånn som det er nå, må du like datamaskinen også, for du sit mykje føre skjermen og redigerer. Ei typisk barnefotografering skjer i høgt tempo, så då må du kunne bevege deg fort. Men du kan også velje andre sjangrar, for eksempel produktfoto. Er du fargeblind, vil redigeringa bli vanskeleg, men det går an å sette den jobben bort til andre. 

Kva liker du best med yrket ditt? 

– Alle menneska eg møter. Barna i studio er veldig gøy. Det er også veldig fint å kunne følge ein familie over mange år – frå dei kjem som kjærastar, og deretter med første og andre barn, og sjå at dei blir eldre. 

Kva liker du minst med yrket ditt?

– Papirarbeid og rekneskap er tiltak. Eg liker heller ikkje så godt å ta produktbilde – det kan vere greitt å ta bilde av ei saltpølsepakke, men det gir meg ikkje så mykje. 

img_0059.jpg

Fotograf Hege Mathisen bak kameraet, tar bilde av eit måleri. Avbilda med ryggen til, frå livet og opp.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket? 

– Du kan for eksempel jobbe i media, du kan jobbe med mote og reklame, og du kan jobbe i større institusjonar. Dei fleste fotografar er likevel sjølvstendig næringsdrivande

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Som sjølvstendig næringsdrivande er det overskotet ditt som er lønna di. Det kan vere alt frå null til ein million. Husleige og straum er den største utgifta, og kamera og datamaskinar må fornyast etter 4–5 år. Har du høg etterspørsel og har jobba deg opp til eit sterkt namn, kan du ta høgare timepris og få mange jobbar. Eg veit også om fleire fotografar som må ha ein tilleggsjobb for å klare seg.

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Det er alltids nokon som blir tilsett, men dei fleste skapar sin eigen bedrift. Det er hard konkurranse, og eg har sett mange som startar opp, men som forsvinn.

Tekst:
Signe Steinnes
    • Dei aller fleste fotografar driv for seg sjølv. Då må du ha stå-på-vilje og jobbe når det er jobbar å få.
    • Det er veldig fint å kunne følge ein familie over mange år – frå dei kjem som kjærastar, og deretter med første og andre barn, og sjå at dei blir eldre. 

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser