× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Portrett av Marianne Timby Hartvåg. Ho har på blåstripete skjorte og her lyst, kort, krøllete hår. Fargerik bakgrunn.

YrkesintervjuArrangementsplanleggar favoritt ikon

Marianne Timby Hartvåg elskar å sjå at folk kosar seg på arrangementa ho har planlagt.

Marianne Timby Hartvåg
31 år
Arrangementsplanleggar
Grønt Event, Sandefjord.

Kvifor valde du dette yrket?

– Eg jobba lenge prosjektbasert i kulturlivet. Ein dag sat eg meg ned og tenkte: Viss eg kunne jobbe med akkurat det eg ville, kva ville eg gjort då? Eg kom fram til at eg hadde lyst til berre å jobbe med arrangement. Som ungdom fekk eg fort rolla som arrangementsplanleggar då vi arrangerte festar. Vi leigde lokale, røykmaskin, DJ, lys og lyd, tok inngangspengar og hadde det veldig gøy. I studietida og seinare fekk eg også ofte i oppgåve å ordne festane. Eg har nok litt anlegg for det, og bestemte meg for å satse. 

img_0209.jpg

Arrangementsplanleggar Marianne Timby Hartvåg bøyer seg over eit ark på eit bord, med penn og linjal. Iført blåstripete skjorte, avbilda frå brystet og opp.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Eg jobbar mykje med offentlege arrangement, marknadar og festivalar, men også med arrangement for bedrifter. Arbeidsdagen er veldig variert. Eg sitt mykje med telefon og data. Eg ringer til folk, snakkar med dei. For eksempel: Korleis kan eg få folk til å bli med og stå på ein marknad, opne garden sin for eit arrangement, eller sponse eit offentleg arrangement? Eg snakkar også med leverandørar – «Nå er det nokon som vil ha ein sommarfest, kan du vere kokk? Kan du senke prisen litt, slik at eg får det innan budsjettet? Kan du komme og ha underhaldning her?» Utfordringa er ofte å få alle som eg vil ha, til å ha ledig plass i kalenderen på same dag.

Kvardagen går ofte med til å studere prosjekt i Excel-ark – «Korleis prissett eg dette, korleis får eg det slik at kunden får det dei ønsker, samtidig som leverandørane og eg får det vi skal leve av?» Når det nærmar seg arrangement, er det ein heilt annan kvardag. Då er eg mykje hos trykkeriet, eg sett opp utstyr der vi skal ha arrangementet, og eg lærar opp andre korleis ting skal vere under arrangementet. Mykje handlar om verktøykasse, tråd, teip og saks. I tillegg jobbar eg med marknadsplanar, eg tar bilde og legg ut innlegg på Facebook, eg skriv pressemeldingar og forsøker å selje saker inn til pressa. Etter arrangementet kan eg sitte i dagevis og samle inn statistikk og skrive rapportar. Har arrangementet fått offentleg tilskot, skal alt dokumenterast. Ein annan oppgåve i etterkant kan vere å køyre avfall på søpla, og sørge for at det hamnar i riktig behaldar. 

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket?

– Personlege eigenskapar er i høgste grad viktigare enn utdanning. Sjølv har eg master i kulturstudium, men eg kan ikkje sette fingeren på kor mykje eg bruker utdanninga mi i denne jobben. Det finst prosjektleiarkurs som kan vere nyttige. Utdanning innan økonomi, eller økonomisk sans, er også ein fordel, for du kjem ikkje utanom å jobbe med budsjett. Det som er fint med arrangementsplanlegging, er at det er mange former for det. Du kan godt vere ein grafisk designar og lage dekor i kombinasjon med arrangementsplanlegging, for eksempel. Du kan kombinere det med mange kreative yrke. Eg er også konferansier og har omvisingar. Det er litt på sida, men eg kan bake det inn saman med det eg gjer. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for? 

– Menneske som er utåtvende, for mesteparten av det eg gjer, er å prate med folk. Du må vere i stand til og glad i multitasking, for du må heile tida jobbe med fleire prosjekt samtidig. Du må ha ein sans for struktur og vere organisert, for du vil ende opp med eit papirkaos som du må halde styr på. Eg trur også det er ein fordel å vere kreativ, men det trur eg alle eigentleg er, berre på forskjellige område. Det kan også vere ein fordel å vere ein god menneskekjennar, for då ser du lettare kva folk vil ha. 

Kven passar ikkje dette yrket for? 

– Det passar ikkje for folk som ikkje liker endring og som trivst veldig godt med rutinar og repetitive oppgåver. Dette er ein dynamisk jobb, og ting skjer heile tida. 

Kva liker du best med yrket ditt?

– Eg liker aller best å sjå at folk koser seg, og å sjå at ting går saumlaust som følge av god planlegging.

Kva liker du minst med yrket ditt?

– At det er så lite føreseieleg. Gjennom året er det oppturar og nedturar. Du må heile tida jage etter inntekta di og oppdraga – det kjem ikkje stabilt av seg sjølv.

img_0194.jpg

Arrangementsplanleggar Marianne Timby Harvåg sittande føre ein dataskjerm, med mange post it-lappar på veggen. Avbilda frå livet og opp, iført blåstripete skjorte.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket? 

– Det er eit breitt felt. Du kan jobbe med bryllaup eller barnebursdagar, du kan jobbe med privatmarknaden, bedriftsmarknaden og festivalar. Som nemnt tidlegare kan du kombinere det på mange måtar, avhengig av bakgrunnen din og spesialiteten din. Fleire offentlege etatar tilsett også folk i stillingar som arrangementsansvarlege, for eksempel i kulturetatar, bibliotek og litteraturhus – stadar kor dei har mange arrangement. Uansett kva slags type arrangement du jobbar med, handlar det om å skaffe folk, marknadsføre, ta betalt, gjennomføre arrangementet og skrive rapport. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Som sjølvstendig næringsdrivande er det periodar ein ikkje tener pengar i det heile tatt, mens du i andre periodar kan tene 100 000 på ein månad. Det kjem heilt an på kva for ein marknad du jobbar i, om du jobbar med store eller små arrangement, og kor gode avtalar du klarer å lage med leverandørane dine. Dette er eit yrke kor du kan tene mykje – men ikkje utan å jobbe. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Det er ein marknad i vekst, så det er gode sjansar. Det er også eit yrke som ikkje nødvendigvis krev så mykje startkapital. Men du må som regel skape din eigen arbeidsplass og din eigen nisje, slik at du skil deg ut. Det er ei stor satsing på gründerverksemd over heile landet, og det lønner seg å sjekke ut alle tilboda for deg som startar for deg sjølv. Eg sitt i eit kontorfellesskap, noko som gir sosial og fagleg støtte. Når ein jobbar aleine, er det nyttig å kunne få innspel frå andre.

Tekst:
Signe Steinnes
    • Utfordringa er ofte å få alle som eg vil ha, til å ha ledig plass i kalenderen på same dag.
    • Gjennom året er det oppturar og nedturar. Du må heile tida jage etter inntekta di og oppdraga – det kjem ikkje stabilt av seg sjølv.

Yrkesbeskrivelser