× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Portrettfoto av skriftgranskar Reidun Wilhelmsen, avbilda frå brystet og opp, ikledd kvit t-skjorte og grøn jakke.

YrkesintervjuSkriftgranskar favoritt ikon

Skriftgranskar Reidun Wilhelmsen avslørar om dokument er forfalska. Ho elskar pirkarbeid og er van med å bli fillerista av forsvarsadvokatar.

Reidun Wilhelmsen
66 år
Skriftgranskar
Sjølvstendig næringsdrivande på Tjøme

Kvifor valde du dette yrket?   

– Eigentleg er eg cand.philol. med historie som hovudfag, og har i tillegg norsk og tysk. Men som nyutdanna fekk eg ikkje jobb i skolen, og søkte derfor alle moglege andre jobbar. Så blei eg kalla inn til test hos Kripos, kor eg saman med ei gruppe sat ein heil dag og gjorde oppgåver. Vi skulle blant anna samanlikne skrifter og finne ut om vi trudde det var same person som hadde skrive det. Ut frå denne testen var vi fem som blei innkalla på intervju, og til slutt fekk eg jobben.

fullsizeoutput_2464.jpeg

Skriftgranskar Reidun Wilhelmsen ved eit mikroskop, med forstørra skrift på ein skjerm. Avbilda frå livet og opp, iført grøn jakke.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?   

– Etter sju år i Kripos begynte eg for meg sjølv. No jobbar eg ikkje så mykje med strafferett, det er stort sett sivile saker. Ei typisk oppgåve er å sjekke om dokument er forfalska – for eksempel testament, kausjonserklæringar, timelister, gjeldsbrev og anonyme brev. Eg har også hatt ein del falske vitnemål, kor karakterar har blitt bytta ut. For ikkje lenge sidan hadde eg eit testament der vitna sine underskrifter var originale, mens signaturen frå testatoren var i kopi. Eg blir ofte kontakta av folk via heimesida mi, eller via advokatar. Innimellom blir eg oppnemnd av rettsapparatet i tvistesaker, og må møte i retten.

For å avgjere om eit dokument har blitt forfalska, bruker eg mikroskop. Eg skannar også alt inn på dataen for å få det blåst opp på skjermen. I tillegg bruker eg filter med ulike fargar og infraraud stråling – då kan eg for eksempel sjå om det er forskjellar i blekket. Viss nokon for eksempel føyer til ein null på ein sum, kan du sjå om blekket er ulikt på den siste nullen. Ulike filter vil framheve ulike eigenskapar i blekket.

Vanlegvis bruker eg ein dag på ein sak, men eg lar det ofte gå over fleire dagar, for å sjå på det fleire gonger. Så lagar eg ein rapport, i tillegg til illustrasjonar over kva eg ser av likskapar og forskjellar. Det er bra å ha i retten, kor eg er 10–12 gonger i året. Eg gjer også ein del telefonavhøyr. Basert på funna mine lager eg ein sannsynskonklusjon, utanom når ein kan slå fast om noko er ein kopi eller original, eller skrive med ulikt blekk, då konklusjonen kan bli 100 %. Eg har rundt hundre saker i året, og i det siste har eg også fått saker frå den svenske marknaden. Eg er den einaste i landet som driv med dette privat. I Noreg er det ikkje nok saker til berre å leve av skriftgransking, så eg har ei deltidsstilling som lærar i tillegg. I USA og England er det store firma som driv med dette. Lærarstillinga pensjonerer eg meg frå til neste år, og skal då berre jobbe med skriftgransking. 

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket?   

– Den einaste staden du får utdanninga i Noreg, er i Kripos. For å bli tatt opp her må du ha høgare utdanning. Dei fleste av fagtidsskrifta er på tysk og engelsk, så du bør meistre desse språka. Og du må kunne møte i retten og uttrykke deg godt skriftleg og munnleg.   
Skriftgranskar er ikkje ein beskytta tittel, men gjennom Kripos lærar du blant anna nøyaktigheit og flid. Innimellom dukkar det opp folk som prøver seg som skriftekspertar, men utan fagkunnskapar og erfaring å vise til, har dei ikkje den autoriteten som trengst i retten. Ein kan heller ikkje synse, ein må kunne underbygge konklusjonen sin med konkrete funn og målingar. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?

– Du må vere nøyaktig og grundig, ha sans for detaljar og god evne til å formulere deg, sidan du skal skrive rapportar som skal kunne brukast i retten. «Kva trur du Staff (red.anm.: Kjend forsvarsadvokt)ville gjort viss du kom med den setninga?», kunne vi seie i Kripos. Vi møtte ofte gode og harde forsvarsadvokatar, og då blir du fillerista om ikkje alt er heilt klart i rapporten.

Kven passar ikkje dette yrket for?

– Viss du ikkje er tolmodig og ikkje liker å sitte med detaljar på eit kontor, passar det ikkje. Du må ha god konsentrasjon og kunne forsvinne inn i det du jobbar med. Skriftgransking er pirkarbeid.

skriftgransker_img_0001_1.jpg

Skriftgranskar Reidun Wilhelmsen penslar eit middel på ein lapp for å avsløre kva som har blitt skrive der tidlegare.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva liker du best med yrket ditt?   

– Eg liker best å sitte og samanlikne og teikne raude strekar. Då koser eg meg.

Kva liker du minst med yrket ditt?   

– Eg liker minst å få kjeft av folk som ikkje får det resultatet dei ønsker. Det skjer ikkje så veldig ofte, heldigvis. Og så er det eit stort ansvar som kviler på skuldrene dine, noko som kan vere stressande til tider.   

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Du kan jobbe i Kripos eller for deg sjølv.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?   

– Då eg begynte i Kripos, hadde skriftgranskarane same lønnstrinn som ein lektor. Som privat varierer det veldig, og er avhengig av kor mange saker du får og kva marknaden er villig til å betale for tenestene dine. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?   

– Dei er avgrensa. 

Tekst:
Signe Steinnes
    • Ei typisk oppgåve er å sjekke om dokument er forfalska – for eksempel testament, kausjonserklæringar, timelister, gjeldsbrev og anonyme brev.
    • Innimellom dukkar det opp folk som prøver seg som skriftekspertar, men utan fagkunnskapar og erfaring å vise til, har dei ikkje den autoriteten som trengst i retten.

Yrkesbeskrivelser