× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Portrett av heismontør Terje Haugen, avbilda frå brystet og opp, iført mørkeblå t-skjorte.

YrkesintervjuHeismontør favoritt ikon

Heismontør Terje Haugen monterer nye heisar del for del. Han set pris på sjølvstendet og dei gode arbeidsvilkåra i yrket sitt.

Terje Haugen
49 år
Heismontør
Kone, Larvik

Kvifor valde du dette yrket?   

– Eg var interessert i å jobbe med noko som ikkje «alle andre» dreiv med, og vurderte fleire yrke – som seglmakar og møbeltapetserar, for eksempel – men valde å begynne på elektrolinja. Så høyrde eg om ein i familien som var heismontør, og syntest det verka interessant. Eg hadde vel eigentleg inga aning om kva det gjekk ut på då eg begynte. Det ein ser på film, er ikkje verkelegheita, for å seie det sånn. At heisen dett ned, for eksempel, er nesten fysisk umogleg.

heismontor_1.jpg

Heismontør Terje Haugen berande på ein heisdel, avbilda i heilfigur, iført mørk bukse og t-skjorte.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?   

– Eg jobbar stort sett med nymontasje av heisar, som vil seie at eg bygger nye heisar ute på anlegg. Eg kjem til ei tom sjakt, og når eg går, er heisen ferdig og kan brukast av publikum. Ein standardheis som blir sat inn i eit nybygg, tar 120–200 timar å sette inn, litt avhengig av høgde. Eg monterer del for del, og av og til bygger eg også sjakta sjølv. Det er ein del sjauing og tungt arbeid, men vi har mange hjelpemiddel. Faget er nok over 70 prosent mekanisk. Ein ny standardheis er det berre å skru saman, men er det større heisar ein skal montere, eller moderniseringar av gamle heisar, må ein skjære og tilpasse mykje meir.   

Eg er ein del ute og reiser i heile Noreg, og då bur eg på hotell i desse periodane. Mange reiser ganske mykje, men det tilpassast kvar enkelt sin livssituasjon. Eg jobbar mest aleine, mens i andre avdelingar er det mykje tomannsarbeid.   

Det hender også at eg må ut på reparasjonar. Feila kan vere veldig ulike, men øydelagde dører er ein gjengangar. Dei blir ofte køyrt på og herja med. Ulykker med heis er det få av.

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket?

 – Ein går to år på elektrolinje, og deretter i lære i heismontørfaget i to og eit halvt år. I dette ekstra halvåret er lærlingane på kurssenteret til Opplæringskontor for heisfaget i Oslo for å få endå meir fagleg skolering.

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for? 

– Eg vil anbefale det for folk som liker utfordringar og ikkje er redde for å ta i et tak. Ein må kunne handtere dei fysiske oppgåvene vi har, men hjelpemidla er gode. Vi har fleire dyktige kvinnelege heismontørar i selskapet vårt. Ein må også klare å jobbe sjølvstendig, for ein er ofte aleine på jobb. Samtidig må ein kunne samarbeide godt med kollegaer, publikum og dei andre som jobbar på ein byggeplass. 

Kven passar ikkje dette yrket for?

– Du bør ikkje ha høgdeskrekk, men det er samtidig ei tilvenningssak. Eg kan framleis kjenne eit sug i det eg kikkar utfor sjakta første gong på morgonen, men det tar ikkje lang tid før det går greitt. Og vi brukar jo sikring etter behov.

Kva liker du best med yrket ditt?

– Det er variasjon i oppgåvene, og eg liker å kunne jobbe sjølvstendig. Eg har ikkje nokon som heng over meg og sjekkar heile tida – det er fridom under ansvar. Så er det et òg eit yrke ein kan bli gammal i. Blir montasje for tungt, kan ein gjere lettare oppgåver, som for eksempel service.

Kva liker du minst med yrket ditt?

– Å utføre service – å gå og nærmast «tørke støv» og sjekke at alt er ok – synest eg ikkje er så gøy. Det kan òg bli ein stressfaktor å måtte utføre eit visst tal serviceoppdrag i løpet av ein dag. No gjer eg ikkje slike serviceoppgåver lenger. 

fullsizeoutput_234f.jpeg

Heismontør Terje Haugen løfter ein del til heissjakta han skal montere. Avbilda frå livet og opp, iført mørkeblå t-skjorte.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?

– Du kan veksle mellom service, reparasjon og montasje. Du kan også få ei kontorstilling, for eksempel innan sal. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Det er eit godt betalt yrke. Begynnarlønna er på omtrent 640 000 kroner i året, og aukar etter ansiennitet. 750–800 000 kroner er ei vanleg årslønn for ein erfaren heismontør. Grunnen til at vi har så god lønn og gode arbeidsvilkår, er at vi er ei samla gruppe med veldig høg organisasjonsgrad. Samhald gir styrke. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?

– Dei er ikkje så veldig store, for vi er ikkje meir enn 800 heismontørar på landsbasis. Det blir tatt inn ein til to klassar i året, og 12–20 personar går årleg ut i jobb. Alle lærlingar blir tilsett via Opphei, Opplæringskontor for heisfaget. 

Tekst:
Signe Steinnes
    • Det er ein del sjauing og tungt arbeid, men vi har mange hjelpemiddel.
    • Eg kan framleis kjenne eit sug i det eg kikkar utfor sjakta første gong på morgonen, men det tar ikkje lang tid før det går greitt.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser