× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Portrettbilde av IT-konsulent Henriette Jonassen

YrkesintervjuIT-konsulent favoritt ikon

Henriette Jonassen trur ho må ha eitt av dei mest takknemlege yrka som finst. – Folk blir så glade når du reddar ein PC som dei trudde var død, seier ho.

Henriette Jonassen
26 år
IT-konsulent
Carlsen Fritzøe, Sandefjord

Kvifor valde du dette yrket?

– Eigentleg skulle eg bli bilmekanikar. Eg begynte på teknikk og industriell produksjon, og deretter på køyretøy. Der opplevde eg forskjellsbehandling som jente, og gleda meg til utplassering. Men eg blei plassert på eit delelager, og var ikkje fornøgd med arbeidsoppgåvene. Derfor valde eg å skifte retning og begynne på IKT-servicefag. Etter to år i lære begynte eg her som IT-konsulent. Eg har alltid likt data, og fekk min første PC då eg var fem år.

img_9956.jpg

IT-konsulent Henriette Jonassen sittande framfor to dataskjermar, avbilda frå livet og opp, iført ei blå dongeriskjorte.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Det startar med ein kaffikopp, viss eg har tid. Totalt er det 700 brukarar i Carlsen Fritzøe, derfor har eg mange arbeidsoppgåver. Eg driftar alle telefonane våre og telefonsystemet vårt, og sørger for opplæring i dette systemet. Eg sett opp dei fleste PC-ane våre – minst ein om dagen, andre gongar ti. Eg sett også opp brukarar og installerer skrivarar. Serverane er òg mitt ansvar, og eg jobbar med backup og antivirus. Nyleg har vi bytta ut alle kassaapparata, som eigentleg er datamaskinar. Eg har også vore mykje rundt og rydda i dataskap – i desse er det spagetti av leidningar, og det er viktig å ha oversikt. Eg kjøper også inn mobilar, PC-ar og anna utstyr. Eg skrur også noko, for eksempel kan eg bytte skjerm, tastatur, ram-brikker og diskar. Ofte har vi fleire øydelagde PC-ar, og då kan eg sette dei saman til ein som fungerer.

Eg har i utgangspunktet vakt heile tida, og det er sjeldan jobb berre frå 8 til 16. Telefonen ringer ofte klokka 6 på morgonen. Heldigvis kan vi fikse mykje frå telefonen, for eksempel å aktivere brukarar.

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket?

– Sjølv har eg gått vegen om IKT-servicefag. Ein kan òg ta ein grad på høgskole eller universitet, men då får du ei meir spesialisert utdanning. Til mi stilling her er nok IKT-servicefag mest relevant. Eigentleg treng ein inga utdanning – erfaring tel meir, og dei andre på avdelinga mi har inga IT-utdanning. Dei fleste yngre IT-konsulentar har nok likevel utdanning i faget.

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for? 

– Folk som liker høgt tempo og mykje å gjere – men det varierer samtidig frå arbeidsplass til arbeidsplass. Du må like å hjelpe andre. Det er også viktig å ha ei interesse for faget, for viss ikkje er ikkje jobben morosam. Og så må du vere veldig tolmodig, for det kan vere mykje mas innimellom. Og folk vil ofte fortelje heile bakgrunnshistoria om kva som har skjedd, sjølv om kanskje brukaren berre er deaktivert. Så bør ein vere litt nytenkande, for det er stadig nye system ein kan ta i bruk for å jobbe betre og meir effektivt. Det er også ein fordel å ha litt bein i nasen, kanskje særleg viss du er jente. Mange bad om å få prate med min mannlege kollega då eg først begynte her. Sånn er det ikkje no lenger.

Kven passar ikkje dette yrket for? 

– Det passar absolutt ikkje dersom du ikkje har interesse for faget, for då klarer du ikkje å lære deg det du treng. Du må henge med på den teknologiske utviklinga, som går veldig fort. Ein bør eigentleg ikkje ha høgdeskrekk heller, for av og til må vi opp i ein lift for å fikse ting. Av og til slit eg litt med å løfte tunge serverar, men då får eg hjelp av folk i nærleiken.

Kva liker du best med yrket ditt?

– At det er så mykje variasjon og mykje å gjere – eg hatar å kjede meg, og det treng eg aldri her. Eg er veldig fornøgd med arbeidsoppgåvene – at eg har så mykje ansvar og i stor grad styrer dagen min sjølv, det er herleg.

Dette må vere eit av dei mest takknemlege yrka som finst, og det er veldig givande. Folk blir så glade når du reddar ein PC som dei trudde var død. Det er også et veldig sosialt yrke – ein pratar mykje med andre og reiser rundt og blir kjend med folk. Eg kan også ha ein del heimekontor, og det er fint. 

Kva liker du minst med yrket ditt?

– Det kan vere stressande innimellom – for eksempel viss nettet går ned som følge av noko du ikkje kan gjere noko med akkurat då, og det ringer 100 stykk og klagar. Det blir nokre sure miner når systema går ned, men dei fleste visar forståing for det. Men eg liker veldig godt jobben min. Det er ikkje sånn at eg gler meg til ferie.

img_9964.jpg

IT-konsulent Henriette Jonassen kikkar inn i eit skap med kablar. Avbilda frå brystet og opp, iført blå dongeriskjorte.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?

– Du kan jobbe med support. Du kan også jobbe meir spesialisert, for eksempel med nettverk. Dersom du sertifiserer deg, kan du jobbe som dataelektronikar og fikse PC-ar.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Det er generelt høg lønn innan IT – gjennomsnittslønna for IT-tilsette er på 670 000 kroner i året, har eg lese. Startlønna er på rundt 380 000 kroner i året, men det er ofte mange tillegg.

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?

– Då eg søkte jobb, var det ikkje mange stillingar som IT-konsulent ute. Mange av dei eg gjekk saman med på IKT-linja, jobbar med andre ting i dag. Eg trur det er lettare å få ein supportjobb. Samtidig blir det jo meir og meir IT i samfunnet. 

Tekst:
Signe Steinnes
    • Eg liker at eg har så mykje ansvar og i stor grad styrer dagen min sjølv.
    • Det kan vere stressande innimellom – for eksempel viss nettet går ned som følge av noko du ikkje kan gjere noko med akkurat då, og det ringer 100 stykk og klagar.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser