× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Portrett av skoproduksjonsarbeidar Sigmund Steinberg

YrkesintervjuSkoproduksjonsarbeidar favoritt ikon

– Eg liker å skape noko, seier skoproduksjonsarbeidar Sigmund Steinberg. Han jobbar i ein bransje som det nesten ikkje er noko igjen av i Noreg.

Sigmund Steinberg
63 år
Skoproduksjonsarbeidar og fabrikkeigar
Eiks treskofabrikk i Hovsherad, Rogaland

Kvifor valde du dette yrket?

– Eg hadde inga utdanning, og har alltid hatt lyst til å drive for meg sjølv. Denne fabrikken var eigentleg konkurs – og då eg fekk moglegheita til å ta over i 1989 for å drive han vidare, måtte eg hoppe på. Her har det blitt laga tresko i over hundre år. Eg hadde vore her i arbeidsveka i niande klasse, og kona mi jobba her. Av arbeidserfaring hadde eg hatt produksjonsansvar på ein vindaugsfabrikk. Det likte eg godt, men eg måtte gripe denne sjansen.

fullsizeoutput_1fd5.jpeg

Skoproduksjonsarbeidar Sigmund Steinberg avbilda ved ein maskin som sett saman ein rosa tresko. Steinberg er avbilda frå livet og opp, iført ei blå skjorte.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Mi stilling inneber både produksjon, tilrettelegging, pakking, sal og fakturering. Eg er ofte i produksjonen på formiddagen og gjer meir administrative oppgåver på ettermiddagen. Hovudoppgåva mi i produksjonen er å lage trebotnar til tresko og å stanse ut lêr. Når eg lagar trebotnane, fôrer eg ein maskin med råstoff, som i dette tilfellet er bjørk. Ei stanse er ei presse som pressar ut lêret. Vi legg ei form oppå lêret og får slik ein såkalla nåtling. Så blir det sat på reimer på desse, før alt blir sat saman til ein sko.

Her produserer vi tresko, arbeidssko og vernesko. 90 prosent av produksjonen er sko med mjuk sole, som brukast i helsesektoren og i industrien. Dei fleste som jobbar i produksjonen her rullerer på postane, slik at dei har tre til sju ulike oppgåver i løpet av ein dag.

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket?

– Alle som jobbar her, har fått den nødvendige opplæringa her. Sånn sett krevst det ingen forkunnskapar – det blir ein læreprosess når du begynner. Det er to skofabrikkar igjen i Noreg, så det er ein smal bransje. Før fanst det ei fagutdanning, men sidan bransjen praktisk talt er borte, er det ikkje lenger noko grunnlag for ei slik utdanning. 

Kven passar ikkje dette yrket for?

– Viss du ikkje er praktisk og fingernæm, passar det ikkje for deg. Du bør heller ikkje ha støvallergi – sjølv om vi har avsug, blir det ein del støv. Før var det store problem med løysemiddel i limet og krom i lêret, som gjorde at mange fekk utslett. Det har heldigvis blitt betre, med meir bruk av naturprodukt. 

Kva liker du best med yrket ditt?

– Eg liker det å skape noko. Her lagar eg ikkje berre sjølve skoen, men er også med på å designe produkta. Så liker eg veldig godt kontakten med kundane. 

Kva liker du minst med yrket ditt?

– Reklamasjonar er det eg liker desidert minst. Eg vil ha topp produkt. Pakking av sko kan òg vere litt kjedeleg. 

fullsizeoutput_1fd3.jpeg

Skoproduksjonsarbeidar Sigmund Steinberg avbilda frå magen og opp, iført blå skjorte, ståande ved ei stanse – ein maskin som pressar ut lêret.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?

– Du må vere fingernæm og like å skape ting. Men du får erfaring og trening undervegs, både når det gjeld kvalitet og utføring.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?

– Du kan lett gå inn i andre produksjonsbedrifter, for du får erfaring med å føre maskiner. Alt produksjonsarbeid er eigentleg beslekta – du berre produserer forskjellige ting.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Du kan forvente ei gjennomsnittleg industrilønn, som er rundt 200 kroner timen. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?

– Det er vanskeleg, fordi det er så lite skoproduksjon igjen i dette landet. Her er det sju tilsette, og det finst berre ein annan skofabrikk i Noreg. Då vi begynte for 30 år sidan, var det mange fabrikkar, men nesten alle har flagga ut produksjonen til lågkostland. 

Tekst:
Signe Steinnes
    • Det er to skofabrikkar igjen i Noreg, så det er ein smal bransje.
    • Du må vere fingernæm og like å skape ting. Men du får erfaring og trening undervegs, både når det gjeld kvalitet og utføring.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser