× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Sirkulær økonomi og verdiskaping favoritt ikon

Universitet og høgskole

Studienivå

Årseining og kortare

Organisering

  • Nettstøtta
  • Samlingsbasert

Søknadsfrist

15. mai 2019

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Dagens bruk-og-kast-samfunn har ført til enorme miljø- og klimaproblem. Dei store sosiale skilja som dette systemet medfører kjem i tillegg. Tida er overmoden for å utforske alternative økonomiske modellar.

I dette kurset vil ein læra å sjå verdipotensialet i sirkulær økonomi. Studentane blir utfordra på korleis ein kan skape verdiar basert på gjenbruk av og nyskaping rundt eksisterande ressursar. Faget har eit særleg fokus på regenerativt landbruk og andre fremtidsretta driftsformer. Samspel med naturen sine produktive krefter er eit sentralt mål.

Kurset er praktisk retta og held fokus på aktørar og potensiala for ny verdiskaping gjennom dei sirkulærøkonomiske verdikjedene.