× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Portrettbilde av fiskeoppdrettar Siri Ag.

YrkesintervjuFiskeoppdrettar favoritt ikon

Fiskeoppdrettar Siri Ag meiner ein bør vere uredd og initiativrik for å passe inn i yrket hennar.

Siri Ag
27 år
Fiskeoppdrettar / Veterinær
Midt-Norsk Havbruk
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

Kvifor valde du dette yrket?

— Det finst eit hav av moglegheiter innan havbruksnæringa. Potensialet for å utvikle seg fagleg og på andre område er stort, og ein kjem i kontakt med ei rekkje spanande personar og bedrifter. 

fiskeoppdrettar_siri_ag.jpg

Fiskeoppdrettar Siri Ag
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

— Omtrent halvparten av tida nyttast på sjøen der eg gjennomfører helsekontrollar, deltek på avlusingar, prøveuttak og har generelt tilsyn med fiskehelse. Resten av tida brukast på kontor eller på reise der ein planlegg prosjekt, skriv rapportar, osv.  

Kva krevjast av utdanning og eigenskapar for å kunne jobbe innan dette yrket?

— Ansvaret for fiskehelsetilsyn ligg hjå fiskehelsepersonell som kan skrive reseptar; ein må altså vere veterinær eller fiskehelsebiolog for å kunne arbeide innan yrket. Som person bør ein vere sjølvstendig, løysingsorientert og beslutningsdyktig.

Kven vil du seie ikkje passar til å jobbe innan yrket ditt?

— Alle som har lett for å bli sjøsjuke eller som ikkje har motivasjon eller arbeidslyst til å jobbe med fisk bør ikkje bli fiskeoppdrettar. Det er til tider mykje feltarbeid, som inneber lange dagar på sjøen.

fiskeoppdrettar_siri_ag_3.jpg

Fiskeoppdrettar Siri Ag
Lisens: 
All rights reserved.

Kva likar du best med yrket ditt?

— Eg må trekkje fram fleksibiliteten rundt å bestemme innhaldet i arbeidsdagen min, variasjonen i oppgåver og samarbeid med andre menneske på tvers av næringsliv og bakgrunn.

Kva likar du minst ved yrket ditt?

— Det er til tider ugunstige arbeidstider og stor uføreseieleg i arbeidsdagen. Ein må òg rekne med nattarbeid i høljeregn.

Kva slags type folk vil du anbefale dette yrket for?

— Alle som er motiverte til å ta del i ein spanande arbeidskvardag med stor variasjon i oppgåver. Ein bør vere uredd og initiativrik.

Kva andre arbeidsmoglegheiter finst innan yrket ditt?

— Ein har eit hav av moglegheiter. Etterspurnaden etter fiskehelsepersonell er stort og variasjon innan arbeidsmoglegheiter likeeins.

Kva kan ein vente seg i lønn innan yrket ditt?

— Ein har særs gode lønns- og vilkår i oppdrettsnæringa.

Korleis ser du på sjansane til å få seg jobb innan yrket ditt?

— Eg ser på sjansane som gode. Det er forresten ein fordel å vere flyttbar, og å bu langs kysten er nærast eit krav.

 

Tekst: Sigrid Hesjevoll

    • Som person bør ein vere sjølvstendig, løysingsorientert og avgjerdsdyktig.
    • Ein må vere veterinær eller fiskehelsebiolog for å kunne arbeide innan yrket.
    • Ein har særs gode lønns- og vilkår i oppdrettsnæringa.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser