× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Thoraxkirurg og overlege ved Rikshospitalet, Steinar Kristian Solberg.

YrkesintervjuThoraxkirurg favoritt ikon

Som thoraxkirurg meiner Steinar Kristian Solberg det er viktig å kunne handtere dramatiske og stressande situasjonar.

Steinar Kristian Solberg
64 år
Thoraxkirurg — Overlege
Rikshospitalet
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

Kvifor valde du dette yrket?

— Det er vanskeleg å kome på ein enkel, konkret grunn. Det er eit konkret fag der dine eigne prestasjonar betyr mykje for korleis resultatet blir for pasienten. Thoraxkirurgi med operasjonar i og på brysthola er særskilt fascinerande.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

— Dagen byrjar med morgonmøte der legen som har hatt vakt informerer om korleis det går med pasientane som er operert. Me går også gjennom planane for dagens operasjonar. Så går me visitt, som inneber å sjå til pasientane før dagens fyrste operasjonar skal gjennomførast. Dei dagane eg har to operasjonar rekk eg matpakka og litt kontorarbeid mellom operasjonane. Dagar der eg berre har ein operasjon, går resten av dagen med til papirarbeid med vurdering av søknadar, samt møter med andre avdelingar som utgreiar pasientar som er aktuelle for operasjon hjå oss. I tillegg kjem vakter der det må jobbast ein del kveldar og netter. Helger og høgtider kan også pregast av vaktarbeid.

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket? 

— Utdanninga mi bestod i seks års medisinstudium, halvanna år med turnusteneste og fem år med teneste i generell kirurgi, før eg gjennomførte tre års teneste i thoraxkirurgi innan det som kallast greinspesialisering. Arbeidet i utdanninga skal vere under rettleiing og med aukande erfaring arbeidar ein gradvis meir sjølvstendig. Det krevjast også at du har utført fleire operasjonar og gått på ei rekkje kurs. No er alle spesialitetar i medisin under revisjon, der hovudmålet er å korte ned på tida det tek å bli ferdig spesialist. Når det gjeld eigenskapar, må ein vere stø på handa og like konkret arbeid. Ein må ha beslutningsevne og kunne handtere situasjonar med dramatikk og hastverk og samstundes behalde ro, handlekraft og arbeidsevne.

thoraxkirurg_steinar_kristian_solberg.jpg

Thoraxkirurg og overlege ved Rikshospitalet, Steinar Kristian Solberg.
Lisens: 
All rights reserved.

Kven vil du seie ikkje passar til å jobbe innan yrket ditt?

— Dersom ein ikkje er praktisk anlagt, ikkje likar praktisk arbeid og ikkje kan handtere det brutale ved at det går dårleg med ein pasient, bør ein ikkje velje thoraxkirurgi.

Kva likar du best med yrket ditt?

— Det er eit praktisk yrke med mykje forsking og utvikling bak arbeidet vårt. Det skjer stadig endringar og det kjem nye behandlingsmetodar ein må lære seg. Det er også fascinerande at mange yrkesgrupper deltek i utgreiinga av pasientane og i gjennomføringa av operasjonane. Dersom ein toler brutaliteten i dei heldigvis sjeldne hendingane med dårleg resultat, er det særs givande å sjå det positive i vellukka operasjonar.

Kva likar du minst med yrket ditt?

— Få, om nokon, har såpass gode evner at dei kan bli gode i dette yrket utan å legge ned mykje arbeid. Det blir lange dagar, til dels kveldar og nokre gonger også netter. Dette går ut over tid og overskot til å gjere andre ting.

Kva slags type folk vil du anbefale dette yrket for?

— Det er nok ikkje mange som bestemmer seg for å bli thoraxkirurg under legestudiet, men den som likar kombinasjonen anatomi, fysiologi, hjarte, lunger og kirurgi vil trivst med arbeid innan thoraxkirurgi.

Kva andre arbeidsmoglegheiter finst innan yrket ditt?

— Etter å ha studert til lege kan ein arbeide innan tallause spesialitetar og nisjar. Utanom å arbeide med tradisjonelt legearbeid kan ein medisinar også jobbe innan forsking, administrasjon og i legemiddel- og utstyrsindustrien.

Kva kan ein vente seg i lønn innan yrket ditt?

— Dei fleste overlegar innan thoraxkirurgi har ei lønn på mellom ein og to millionar kroner årleg. Lengda på arbeidsvekene og kor mange vakter ein arbeider bestemmer kor høg lønn ein får.

Korleis ser du på sjansane for å få seg jobb innan yrket ditt?

— Hjartekirurgi utførast i Tromsø, Trondheim, Bergen, Rikshospitalet og på Ullevål. Her gjennomfører ein også lungekirurgi. I Bodø, Stavanger og på AHUS utfører ein lungekirurgi, men ikkje hjartekirurgi. Det er om lag 40 overlegestillingar i thoraxkixuxgi, og eit tilsvarande mengd utdanningsstillingar.

 

Tekst: Sigrid Hesjevoll

    • No er alle spesialitetar i medisin under revisjon, der hovudmålet er å korte ned på tida det tek å bli ferdig spesialist.
    • Få, om nokon, har såpass gode evner at dei kan bli gode i dette yrket utan å legge ned mykje arbeid.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser