Gjennomgått i samarbeid med Norsk forening for medisinsk mikrobiologi 28. november 2022

Mikrobiolog

Mikrobiologar studerer éin- og fåcella organismar slik som bakteriar, sopp, virus og amøbar.

Arbeidsoppgaver

Mikrobiologar er spesialiserte biologar. Dei studerer levande organismar som er umogelege å sjå utan bruk av mikroskop. Mikrobiologar undersøker bakteriar, sopp, virus, amøbar og andre mikroorganismar. Mikrobiologar jobbar ofte som forskarar.

Mikrobiologar studerer mikroorganismar si form, deira reaksjonar med kjemikal og korleis organismane utviklar og reproduserer seg sjølv. Arbeidet går som oftast føre seg i laboratorium med avanserte instrument og verktøy. Mikrobiologar forskar på korleis mikroorganismar reagerer på helsa til menneske, dyr og plantar. Forsking på feltet har ført til gjennombrot innan medisinske og andre naturfaglege felt.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein mikrobiolog:

  • isolera og identifisera mikroorganismar i vatn, mat og frå andre kjelder
  • planlegga og gjennomføra eksperiment
  • dyrka fram celler og/eller mikroorganismar
  • forska og finna ut av korleis nokre mikroorganismar kan hjelpa eller
  • forårsaka sjukdom hos menneske, dyr og plantar
  • lesa forskingsartiklar og oppdatera seg på faglitteratur
  • følgje og lære bort tryggingsreglar og rutinar for å unngå uhell i laboratorium eller på sjukehus

Mikrobiologar arbeider tett på mange ulike forskarar i bedrifter, på sjukehus og universitet. Ofte samarbeider mikrobiologar med kjemikarar, biokjemikarar, geologar og spesialiserte legar innan mikrobiologi, som for eksempel infeksjonsmedisin eller patologi. Feltet spenner frå grunnleggande cellebiologi til økologi og utnytting av mikroorganismar i kommersiell samanheng.

Dei fleste mikrobiologane spesialiserer seg innan eit felt. Det kan vere ingeniørarbeid innan bioteknologi, eller meir forskingsbasert arbeid som cellebiologi, virologi, bakteriologi eller molekylærbiologi.

Kor jobbar mikrobiologar?

Mikrobiologar arbeider på sjukehus, høgskular og universitet, industrielle laboratorium, selskap innanfor jordbruk, matvareindustrien, bioteknologi, medisin, oljeindustri og liknande. Nokon er fast tilsette, medan andre er engasjerte på mellombelse kontraktar og innleidd som konsulentar, enten gjennom konsulentfirma eller som frilansar.

Med fullført mastergrad med kompetanse innan medisinsk mikrobiologi kan du undervisa i helselære.

Intervjuer

En ung kvinne sitter i det som ser ut til å være et laboratorium. Hun har på seg en hvit frakk, og rundt henne står små flasker og beholdere. Hun har lysbrunt hår i en hestehale.

Mikrobiolog

Maria Disen Barbuti

Som mikrobiolog bidrar Maria til å finne løsninger på alvorlige, globale problemer.

Viktige eigenskapar

Som mikrobiolog må du vere interessert i mangfaldet i naturen. Du må vere nyfiken, like å undersøke for å finne ut av ting, og du må kunne tileigne deg ny kunnskap basert på fysiske prov. Ei evne til å arbeide nøyaktig og tolmodig er ein føresetnad.

Lønn

Lønna varierer etter arbeidsstad, grad av ansvar, ansiennitet og kva kompetanse du har.

Som forskar ved ein statlig institusjon vil årslønna ligge på 468.400 – 620.500 kroner, og ved oppnådd professorkompetanse 544.000 – 808.000 kroner. (Kjelde: Hovuddtariffavtala i staten 2012 -2014.)

Utdanning

Fleire høgskolar og universitet i Noreg tilbyr ei bachelorgrad i biologi. Nokre universitet tilbyr også bachelorstudium i meir spesialiserte fag som til dømes havbruksbiologi og molekylærbiologi.

Dei som jobbar som mikrobiologar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant mikrobiologiutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 8513 - Mikrobiologi og cellebiologi
  • 751307 - Master, mikrobiologi, toårig
  • 751306 - Master, cellebiologi, toårig
  • 751305 - Master, molekylær biovitenskap, toårig
  • 751303 - Cand.scient.-utdanning, molekylærbiologi
  • 751301 - Cand.real.-utdanning, mikrobiologi
  • 751302 - Cand.scient.-utdanning, mikrobiologi
  • 751309 - Master of Science, mikrobiologi, toårig

Bedrifter som ansetter mikrobiologar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med mikrobiologar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2211113 - MIKROBIOLOG
  • 2211122 - MOLEKYLÆRBIOLOG
  • 2211104 - CELLEBIOLOG
  • 2211101 - BAKTERIOLOG

Andre yrke

Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren legg til rette for aktivitetar for ulike brukargrupper.
Lege kikker i øret på en pasient

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

En anæstesisygeplejerske passer på de vigtigste funktioner til patienten. Dette sker i et avanceret teknologisk miljø. Sygeplejerske/sosu-hjælper/sosu-assistenten håndterer både planlagte situationer og nødssituationer, både på sygehuset og andre steder.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Astronauter

Astronaut

Ein astronaut er ein person som er utdanna til å manøvrere eller arbeide om bord i eit romfartøy.
En astronom kikker på stjernene på nattehimmelen.

Astronom

Astronomar studerer objekt og fenomen i universet, som planetar, galaksar og stjerner.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Ung mannlig baker setter bakverk i ovnen

Bakar

Bakarar arbeider med å laga brød, bagettar, kaker og anna bakverk.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
En kvinnelig bartender lager en drink til en gjest på baren

Bartender

Bartenderar arbeider med å gjere klar og servere drikkevarer.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.