Gjennomgått i samarbeid med Utdanningsforbundet 11. september 2023

Lærar

Ein lærar underviser born og vaksne i ulike fag.

Arbeidsoppgaver

Lærer er eit samlebegrep om alle som jobbar med undervisning, og gjeld både dei som jobbar i grunnskule, vidaregåande skular, folkehøgskular og voksenopplæring.   

Ein lærar støttar barn og vaksne i læringa deira, utvikling og danning. Som lærer er det viktig å ha gode faglege, pedagogiske og sosiale evner.

Det er mange måtar å bli lærar på og det avheng av kven du vil undervise eller kva du vil undervise i.

Grunnskulelærar

For å bli lærar i grunnskulen kan du gå grunnskulelærerutdanningene for 1.–7. trinn eller 5.–10. trinn. Begge utdanninga er femårige og gir deg ei mastergrad. I utdanninga for 1.–7. trinn er fokuset på byrjaropplæring og rolla som kontaktlærar. I 5.–10. trinn blir det lagt vekt på grunnleggande evner, klasseleiing og vurdering av læringa til elevar. Samisk grunnskulelærarutdanning er bygd opp på same måte, men fokuserer òg på samisk språk og kultur. 

Meir om yrket grunnskulelærar

Lektor

Ein lektor er ein lærar med mastergrad. For å bli lektor kan du gå lektorutdanninga for 8.–13. trinn. Forskjellen på ei lektorutdanning og vanleg grunnskolelærerutdanning er kva trinn i utdanningssystemet ein utdannar seg vor å vere lærar i. Ein får òg lektortittelen med grunnskulelærarutdanning. 
Med lektorutdanninga kan du undervise på mellomtrinnet, i ungdomsskulen, på vidaregåande opplæring, og vaksenopplæringa. Gjennom lektorutdanninga får du kompetanse til å undervise i to fag på skulen. I utdanninga fordjupar du deg i eit av faga du skal undervise i, medan det andre faget utgjer 60 studiepoeng. 

Meir om yrket lektor 

Yrkesfaglærar

Yrkesfaglærarar har spisskompetanse innan ei rekke ulike fagfelt, som til dømes bygg- og anleggsteknikk eller helse- og oppvekstfag. 

Yrkesfaglærarutdanningane krev fagbrev og arbeidserfaring.

For å bli yrkesfaglærar kan du òg ta årsstudium i praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y). Det krev òg fagbrev og ofte to års relevant arbeidserfaring. 

Viss du har ein bachelor i utøvande eller skapande kunstfag, kan du søke på årsstudium i praktisk pedagogisk utdanning (PPU) og bli faglærar. For utøvande eller skapande kunstfag, til dømes musikk og formgiving, er opptakskravet til PPU bachelorgrad frem til 2023. Faglærarutdanninga fasas ut. Frå 2023 kan ein søke eit femårig studie; lærarutdanning i praktiske og estetiske fag (LUPE). LUPE erstattar det som tidlegare heita faglærarutdanning. 

Meir om yrket yrkesfaglærar

Adjunkt

Adjunkt er ein lærar med ein fireåring grunnskulelærarutdanning. Du kan òg få tittelen adjunkt med ein bachelorgrad frå universitet eller høgskule i tillegg til 1-årig praktisk pedagogisk utdanning (PPU). I dag er det krav om å ha mastergrad før du kan søka om praktisk pedagogisk utdanning, men fram til 2024 er det unntak viss du har bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag.

Meir om yrket adjunkt

Pedagog

Ein pedagog kan vera ei nemning på ein lærar, men du kan òg vera pedagog utan å vera lærar. 
Det er fleire utdanningsløp som leiar til tittelen pedagog. Du kan ta pedagogikkutdanning på universitet eller høgskular. Lærarar, barnehagelærarar og barnevernspedagogar har hatt pedagogikk som ein del av utdanninga, og kan òg kalla seg pedagogar. 

Sjølv om du tek ei utdanning i pedagogikk, er du ikkje automatisk kvalifisert til å undrrvise i skulen. Pedagogikk-utdanninga er ikkje det same som praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Pedagogikk kan bli kobinert med andre akademiske studier.

Pedagogar kan òg arbeida som konsulentar, med organisasjonsutvikling og opplæring som spesialfelt, eller innan kartleggings- og forskingsarbeid For tilsette i barnehage og skule med barnehagelærar- eller lærarutdanning er pedagogikkfaget gjerne ei vidareutdanning. 

Meir om yrket pedagog

Spesialpedagog

Spesialpedagogen fungerer ofte som ei trygd for læraren og legg til rette for elevar med spesielle læringsbehov. Det kan vera elevar som har psykososiale vanskar, lese- og skrivevanskar, språkvanskar, syns- eller høyrslevanskar, generelle lærevanskar (utviklingshemming) og autismespekterforstyrringar.

For å bli spesialpedagog kan du ta ein bachelor eller masterutdanning på universitet eller høgskule. Ein del spesialpedagogar har gjerne spesialisering innanfor fagområde som logopedi, synsskadar, høyrsleskadar eller utviklingshemming eller andre utfordringar. 

Meir om yrket spesialpedagog

Morsmålslærar

Morsmålslærarar, eller tospråklege lærarar, underviser elevar i særskild språkopplæring. Ein morsmålslærar underviser elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, og som ikkje klarer å følge vanleg undervisning på norsk. Dei får då undervisning på sitt eige morsmål, heilt til dei kan følge den ordinære undervisninga. For å bli morsmålslærar må du enten ha lærarutdanninga frå heimlandet til eleven, treårig lærarutdanning for morsmålslærarar, eller høgare utdanning på minst tre år som inkluderer pedagogikk og språket og kulturen til eleven.

Mastergrad + praktisk pedagogisk utdanning

Med fullført mastergrad innanfor relevante undervisningsfag i skulen kan du òg ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Relevante undervisningsfag kan vera engelsk, framandspråk, historie, matematikk, naturfag, norsk, religion og etikk, samfunnsfag.

Det vil gi deg tittelen lektor. Det blir gitt unntak frå masterkravet viss du søker med ein bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag. Det vil gi deg tittelen adjunkt. Dette unntaket gjeld til 2024.

 

Intervjuer

Portettfoto av Faglærer i design, kunst og håndverk Lisa Tomren

Faglærer i design, kunst og håndverk

Lisa Vik Tomren

Jeg har alltid hatt interesse for å skape og være kreativ, sier Lisa Vik Tomren.

Lønn

Bedrifter som ansetter lærarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med lærarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3349127 - LÆRER (SPRÅKKURS)
  • 3349113 - LÆRER (FOLKEHØYSKOLE)
  • 3341103 - ADJUNKT (YRKESFAG)
  • 3341102 - YRKESFAGLÆRER
  • 3341101 - FAGLÆRER (VIDEREGÅENDE SKOLE)
  • 3320104 - SKOLEFRITIDSLEDER
  • 3310115 - PEDAGOG (GRUNNSKOLE)
  • 3310114 - LEKTOR (GRUNNSKOLE)
  • 3310113 - LÆRERVIKAR (GRUNNSKOLE)
  • 3310112 - ADJUNKT (GRUNNSKOLE)
  • 3310111 - MORSMÅLSLÆRER (GRUNNSKOLE)
  • 3310108 - GRUNNSKOLELÆRER
  • 3310107 - LÆRER (SMÅSKOLEPEDAGOGIKK)
  • 3310106 - SANGLÆRER
  • 3310105 - MUSIKKLÆRER
  • 3310104 - LÆRER (GRUNNSKOLE)
  • 3310103 - SOSIALLÆRER (GRUNNSKOLE)
  • 3310102 - FAGLÆRER (GRUNNSKOLE)
  • 3310101 - ALLMENNLÆRER
  • 2351102 - PEDAGOG (VIDEREGÅENDE SKOLE)
  • 2340107 - SPESIALLÆRER (LÆREVANSKER)
  • 2340102 - SPESIALLÆRER
  • 2320106 - LEKTOR (FAGSKOLE)
  • 2320105 - LÆRERVIKAR (VIDEREGÅENDE SKOLE)
  • 2320104 - ADJUNKT (VIDEREGÅENDE SKOLE)
  • 2320103 - LEKTOR (I VIDEREGÅENDE SKOLE)
  • 2320102 - LÆRER (VIDEREGÅENDE SKOLE)
  • 2310118 - LÆRER (UNIVERSITET OG HØYSKOLE)
  • 2310117 - UNIVERSITETSLEKTOR
  • 2310114 - HØYSKOLELÆRER
  • 2310112 - LEKTOR (UNIVERSITET OG HØYSKOLE)
  • 2310108 - FØRSTELEKTOR (UNIVERSITET OG HØYSKOLE)
  • 2310106 - HØYSKOLELEKTOR
  • 3349132 - MATEMATIKKINSTRUKTØR
  • 2340105 - SPESIALPEDAGOG

Andre yrke

Kvinnelig adjunkt som underviser i klasserom

Adjunkt

Ein adjunkt er ein lærer med ein fireårig lærarutdanning eller som har ein bachelorgrad og praktisk pedagogisk utdanning. Som lærer arbeider adjunktar med barn, unge og vaksne i skolen.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren legg til rette for aktivitetar for ulike brukargrupper.
Astronauter

Astronaut

Ein astronaut er ein person som er utdanna til å manøvrere eller arbeide om bord i eit romfartøy.
En astronom kikker på stjernene på nattehimmelen.

Astronom

Astronomar studerer objekt og fenomen i universet, som planetar, galaksar og stjerner.
Barne- og ungdomsarbeider leker med barn.

Barne- og ungdomsarbeidar

Ein barne- og ungdomsarbeidar arbeider med pedagogiske tilbod for born og ungdom.
Barnehageassistent leser med barna.

Barnehageassistent

Som barnehageassistent hjelper du til med de daglege aktivitetane og gjeremåla i ein barnehage.
Barnehagelærar saman med barn.

Barnehagelærar

Som barnehagelærar er du med på å skapa eit trygt og omsorgsfullt miljø for barn gjennom leik, læring, omsorg og danning.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Barnevernspedagog snakker med barn.

Barnevernspedagog

Barnevernspedagogar førebyggjer, løyser konfliktar og gir omsorg til barn og unge.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.