Gjennomgått i samarbeid med UIT - Institutt for helse- og omsorgsfag 28. mai 2023

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.

Arbeidsoppgaver

Ein barnesjukepleiar er ein spesialsjukepleiar som jobbar med akutt og kritisk sjuke og skadde barn og ungdom i aldersgruppa 0–18 år, som treng behandling, overvaking og pleie. Barnesjukepleiarar har kunnskap om utvikling og behov hos foster, premature, nyfødde, barn og ungdom.

Familien til barnet speler ei viktig rolle i behandlinga av det sjuke barnet, og barnesjukepleiaren arbeider tett med familien til barnet.

Barnesjukepleiaren gir pleie og behandling til barn som:

  •     fødast for tidleg
  •     fødast med sjukdom eller utviklingsavvik
  •     blir utsett for ulykker
  •     blir ramma av akutt eller kritisk sjukdom
  •     blir greidd ut for, eller har fått ei forverring av, langvarig eller kronisk sjukdom
  •     har ei funksjonsnedsetting
  •     har psykiske, fysiske eller sosiale utviklingsforstyrringar eller skadar

 

Barnesjukepleiarar jobbar helsefremjande, førebyggjande, lindrande, behandlande og rehabiliterande. Arbeidsoppgåvene kan variera ut frå kvar du jobbar og kva avdeling du jobbar ved. Du må ha autorisasjon frå helsedirektoratet som sjukepleiar for å kunna bli barnesjukepleiar.

Kor jobbar barnesjukepleiarar?

Barnesjukepleiaren arbeider hovudsakleg ved nyfødd- og barneintensivavdelingar, poliklinikkar, og vaksenavdelingar med sengeplassar for barn. Ein del barnesjukepleiarar jobbar ved habiliteringsavdelingar, kommunehelsetenesta og barne- og ungdomspsykiatrien.

Intervjuer

Caroline Klemp Barnesykepleier i en gang på sykehuset. Veggene er dekorert med tegninger som barna har laget.

Barnesykepleier

Caroline Klemp

Jeg har nå blitt den irriterende jenta som forteller at jeg gleder meg til mandag og ny uke på barnekirurgen, forteller barnesykepleieren Caroline Klemp.

Viktige eigenskapar

Som barnesjukepleiar må du like barn. Du må ha gode kommunikasjonsevner, fordi du må kunne samarbeide med barn i ulike aldrar og utviklingsnivå og med foreldra deira. Du må ha god vurderingsevne og evne til å behalde roa i stressa eller akutte situasjonar.

Lønn

Utdanning

For å bli barnesjukepleiar må du først ta ein treårig bachelorgrad i sjukepleie. Deretter må du studere vidare for å spesialisere deg. Dei fleste tar ei mastergrad i barnesjukepleie på 120 studiepoeng (4 semester). 

Opptakskravet for å bli barnesjukepleiar er bachelorgrad i sjukepleie, norsk autorisasjon som sjukepleiar og minst to års relevant yrkespraksis som autorisert sjukepleiar.

 

Dei vanlegaste jobbane blant sjukepleiarar med vidareutdanning i barnesjukepleie

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 661120 - Bachelor, sykepleie, treårig
  • 661109 - Videreutdanning i sykepleie, barnesykepleie
  • 661104 - Sykepleiehøgskole, treårig grunnutdanning
  • 661128 - Videreutdanning i sykepleie, barnesykepleie

Bedrifter som ansetter barnesjukepleiarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med barnesjukepleiarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2230116 - BARNESYKEPLEIER
  • 2230121 - PEDIATRISYKEPLEIER
  • 2230119 - PEDRIATISK SYKEPLEIER
  • 2230107 - SPESIALSYKEPLEIER

Andre yrke

Kvinnelig adjunkt som underviser i klasserom

Adjunkt

Ein adjunkt er ein lærer med ein fireårig lærarutdanning eller som har ein bachelorgrad og praktisk pedagogisk utdanning. Som lærer arbeider adjunktar med barn, unge og vaksne i skolen.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren legg til rette for aktivitetar for ulike brukargrupper.
Lege kikker i øret på en pasient

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

En anæstesisygeplejerske passer på de vigtigste funktioner til patienten. Dette sker i et avanceret teknologisk miljø. Sygeplejerske/sosu-hjælper/sosu-assistenten håndterer både planlagte situationer og nødssituationer, både på sygehuset og andre steder.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Barne- og ungdomsarbeider leker med barn.

Barne- og ungdomsarbeidar

Ein barne- og ungdomsarbeidar arbeider med pedagogiske tilbod for born og ungdom.
Barnehageassistent leser med barna.

Barnehageassistent

Som barnehageassistent hjelper du til med de daglege aktivitetane og gjeremåla i ein barnehage.
Barnehagelærar saman med barn.

Barnehagelærar

Som barnehagelærar er du med på å skapa eit trygt og omsorgsfullt miljø for barn gjennom leik, læring, omsorg og danning.
Barnevernspedagog snakker med barn.

Barnevernspedagog

Barnevernspedagogar førebyggjer, løyser konfliktar og gir omsorg til barn og unge.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.