Ortopediingeniør - yrkesintervju

Som ortopediingeniør må Lise Skaaret Knutsen vere litt Petter Smart og god på problemløysing.

Namn: Lise Skaaret Knutsen

Alder: 48 år

Yrke: Ortopediingeniør

Arbeidsplass: Ortopediteknikk i Sandvika

Kvifor valde du dette yrket?

- Jobben er både praktisk og teoretisk, og eg får jobbe med menneske. Eg undersøkte mange yrke, men falt for ortopediingeniør.

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

- Den er i hovudsak klinisk. Eg konsulterar med amputerte og brukarar som treng ortopediske hjelpemiddel. Eg jobbar med tilpassing og måling av hjelpemiddel, finn ut korleis det skal lagast og tek avstøypingar. Det er mykje kundekontakt og vi må prøve og stille inn hjelpemiddel. Eg jobbar også med gangtrening saman med fysioterapeut, og ofte reiser eg til rehabiliteringsstadar i arbeidet.

Kva utdanning og/eller kvalifikasjonar er naudsynt for å bli ortopediingeniør?

- Det er ei eigen ortopediingeniør-utdanning på Høgskulen i Oslo. Ein går då tre år på skule, og er to år i turnusteneste før ein er ferdig utdanna. Ein må ha realfag for å komme inn på studiet. Eg studerte i Skottland, og mange tek utdanninga i Sverige og Storbritannia.

- Som person må ein vere glad i å ha med menneske å gjere. Ein kjem svært nær brukaren, og god kontakt er viktig. I tillegg er det mykje handverk og her treng ein mykje tolmod. Det er ein morosam måte å kombinere praksis og teori på, og ein må vere litt Petter Smart og god på problemløysing.

Kva er det beste med yrket ditt?

- Yrket er så variert. Det er aldri to like dagar. I tillegg har ein mykje med menneske å gjere, og ein blir godt kjent med brukarane. Det er ei stor utvikling innan yrket. Eg har jobba i bransjen i 25 år, og aldri angra.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

- At det rett og slett er for mykje å gjere. Det er for få folk i bransjen, så det er underbemanna mange stadar. I tillegg er det mykje byråkrati. Med NAV som einaste arbeidsgjevar har vi eit litt tungt system å jobbe med.

Kva andre arbeidsområde/mogligheiter finst innanfor ditt yrke?

- Det er eit lite felt, men nokre jobbar i legemiddelindustrien med sal av komponentar eller liknande. Elles kan ein ta master og spesialisere seg innan eitt område, til dømes med tilpassing av rullestolseter eller armprotesar.

Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?

- Eg trur rundt 500 000 er omtrent gjennomsnittet, litt mindre til å byrje med.

Korleis ser du sjansane for å få jobb innan dette yrket?

- Det har vore veldig enkelt. Det kan endre seg no som fleire blir utdanna her til lands, sidan det jo er eit veldig smalt felt. Det er ikkje verkstadar over heile landet, så ein må kanskje flytte på seg. Samstundes er det behov for fleire avdelingar, så det òg kan jo endre seg.

Yrkesbeskrivelse av ortopediingeniør

Fleire yrkesintervju

Tekst og foto: Maria Pile Svaasand

Oppdatert:

27 apr 2011
Skriv ut
Lise Skaaret Knutsen
Foto: Maria Pile Svaasand
bildelisensikon
Ortoped
Ortoped

En ortoped er en lege som jobber med forebygging og operativ behandling av sykdommer og skader i muskler og skjelett.

Ortopedisk utviklet benprotese
Ortopediingeniør

Ortopediingeniøren utvikler og tilpasser proteser og andre tekniske hjelpemidler.

Moderne benprotese
Ortopeditekniker

Ortopediteknikeren lager og reparerer ortopediske hjelpemidler.