Optiker - yrkesintervju

- Ein optikar bør ha gode sosiale antenner, seier Guro Vigdahl Svendsen.

Namn: Guro Vigdahl Svendsen

Alder: 26 år

Yrke: Optikar

Arbeidsstad: Synsam Frogner i Oslo

Kvifor valte du dette yrket?

- Det var eigentleg heilt tilfeldig. Eg hadde deltidsjobb hos ein optikar i Tromsø, og fekk slik eit breitt inntrykk av kva ein optikar gjer. I tillegg har eg alltid vore nærsynt, og gått til optikar sjølv. Der har eg sjølvsagt òg fått eit innblikk i arbeidsoppgåvene til ein optikar. Det verka interessant å jobbe med helsefag, og samstundes ha mykje kontakt med menneske.

Kva for oppgåver har du i laupet av ein arbeidsdag?

- I laupet av ein arbeidsdag gjer eg alt frå synsprøver, linsekontroll, sal av briller, kontaktlinse og andre optiske produkt, veiledning i brille-/linsekjøp, samt ein del forefallande arbeid. Som mange andre optikarar jobbar eg i butikk, og det inneber sjølvsagt ein del vanleg butikkarbeid. Vi gjer òg ein del småreparasjoner på briller, og vi lager briller i laupet av arbeidsdagen.

Som regel er vi nok tilsette på jobb, så vi får gjort alt vi skal. Men i periodar før skulestart og rett etter jul er det ofte travelt. Også rett før sommarferien, når folk skal til Spania og brått kjem på at dei treng meir linser, kan arbeidsdagen vere hektisk.

Kva for utdanning og kvalifikasjonar er naudsynte for å bli optikar?

- Den einaste staden du kan ta optikerutdanning (optometri) i Noreg, er på Høgskulen i Buskerud, avdeling Kongsberg. For å kome inn på studiet treng du generell studiekompetanse. Der tok eg ein bachelor, altså tre år, og gjekk ut som autorisert optikar. Eg hadde praksis i Drammen i eitt semester. Dei fleste jobbar så i 1 år, før dei byggar på med eit kontaktlinsekurs. Det er eit sju-vekeskurs som går over eitt år, og endar i ein eksamen.

For å bli optikar må du vere sosial og like folk. Ein del av dette kan ein nok lære seg, men det er ein stor fordel å ha gode sosiale antenner. Du må jo kunne snakke med ulike folk i ulike situasjonar. I tillegg er det nok lurt å å vere tålmodig, hyggeleg og serviceinnstilt.

Kva er det beste med å vere optikar?

- Det må vere at jobben er så variert. Eg har kontakt med mange ulike menneske, havner i mange ulike situasjonar og dagane er aldri like. I tillegg er optometri eit spanande fagfelt, der vi som helsearbeidarar har uendeleg mykje å halde oss oppdatert på. Å vere optikar er veldig hyggeleg, og her hos oss har vi godt miljø.

Kva misliker du mest med yrket ditt?

- Arbeidstidene er ikkje alltid så kjekke. Sidan mange optikarar jobbar i butikk, er det ingen ”åtte til fire”-jobb. Mange jobbar laurdagar, og til og med sundagar når vi nærmer oss jul. I tillegg er det ein del seine ettermiddagar, særskilt om ein jobbar i eit handlesenter.

Kva for arbeidsområder og moglegheiter finnast innanfor optikaryrket?

- Dei fleste jobbar i butikk, men ein kan òg jobbe ved sjukehus, hjelpemiddelsentralar, laserklinikkar, som forskar eller lærar ved Høgskulen i Buskerud, også vidare. Det er eit jo eit fagfelt der ein kan kursast vidare og utvide moglegheitene sine.

Kva kan ein vente i løn som optikar?

- Det er utruleg sprik i lønningane til ulike optikarar. Lønna er sjølvsagt avhengig av om du jobbar i det offentlege eller det private, kor mykje erfaring og etterutdanning du har, og kvar du bur i landet. Eg vil tru det er litt høgare lønn i grisgrendte strøk, sidan det er færre om beinet der. Eit røft anslag er frå 300 000 kroner og oppover.

Korleis vurderar du sjansane for å få jobb som optikar?

- Fram til i dag har det vore veldig lett. Det siste året har vi jo hatt finanskrisa, og ifølgje ryktet er det vanskelegare å få jobb no. Etter at eg tok eksamen, hadde eg berre to dagar ferie før eg byrja å jobbe her, men no ser eg i tidskrifta våre at det blir færre stillingsannonsar. Eg trur likevel det er lettare å få jobb utanfor storbyane.

Yrkesbeskrivelse av optiker

Fleire yrkesintervju

Tekst og foto: Tora Hope

Oppdatert:

16 feb 2011
Skriv ut
Guro Vigdahl Svendsen
Foto: Tora Hope
bildelisensikon
Optiker
Optiker

Optikeren foretar undersøkelser av syn og avdekker synsfeil hos mennesker.