Næringsmiddeltekniker - Yrkesintervju

Når næringsmiddelteknikar Katinka Arntsen får teikne, prøve og feile, blir ho lukkeleg.

Namn: Katinka Arntsen

Alder: 31 år

Yrke: Næringsmiddelteknikar/produktutviklar

Arbeidsstad: Tine Forskning og Utvikling på Kalbakken i Oslo

Kvifor valte du å bli næringsmiddelteknikar?

- Eg er veldig interessert i mat, og ynskte meg eit yrke som var praktisk og kreativt. Mat er eit stort felt, som går på mellom anna teknologi, ingrediensar, utsjånad og smak.

Kva for arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

- Eg arbeider som produktutviklar i Tine. Det tyder at eg utviklar nye produkt, eller forbetrar gamle.

Oftast er det marknadsavdelinga som undersøker kva kundane ynskjer, og så freistar vi å lage dette. Då arbeider vi mykje i forsøksanlegget vårt. Der nyttar vi ingrediensar som er kjent frå før, eller som er heilt nye, til å sy i hop eit produkt. Vi testar til dømes konsistens og temperatur. Når vi forbetrar gamle produkt, lagar vi gjerne nye smakar. Eg har til dømes vore med på Litago-mjølka med peanøtt-, sjokolade- og karamell-smak.

Dessutan er det ein del kontorarbeid. Det er veldig strenge krav for matproduksjon i Noreg, og alt må dokumenterast grundig. Eg tek òg imot ein del kundeførespurnader, og har kontakt med og oppfølging av produksjonsanlegga våre. Som næringsmiddelteknikar arbeider ein nesten aldri åleine.

Eg reiser dessutan ein del utanlands på jobboppdrag. Og sist, men ikkje minst, er ein næringsmiddelteknikar gjerne med på å utvikle utsjånad på ulike produkt. Då får eg teikne og vere kreativ, noko eg liker godt.

Kva for utdanning og kvalifikasjonar er naudsynte for å bli næringsmiddelteknikar?

- Eg har teke master i matvitskap på Ås, men ein kan òg studere på Statens næringsmiddeltekniske høgskole på Tunga i Trondheim. (Du kan òg studere matteknikk på fagskole red.anm.)

Ein næringsmiddelteknikar bør vere fleksibel, for dagane blir aldri som ein har planlagt. I tillegg bør ein vere kreativ og nysgjerrig for å vere god i jobben. Ein må gjerne vere strukturert, og ein kan ikkje ha allergi mot maskiner. Det er viktig å vere tålmodig, då arbeidsmetoden ofte er å prøve og feile. I tillegg må ein evne å samarbeide med andre.

Kva er det beste med å vere næringsmiddelteknikar?

- Det beste er at dagane er varierte og fulle av overraskingar. Det er òg fantastisk å sjå produktet ditt i butikken, og høyre korleis folk reagerer. Kundane har veldig sterke meiningar om produkta, på godt og vondt. Å vere næringsmiddelteknikar er utfordrande og hyggeleg.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

- Eg sit ein del i møte, og det kan vere kjedeleg. At dagane aldri kan planleggast kan dessutan også vere negativt. På dårlege dagar har ein gjerne berre lyst å sitje framfor dataskjermen, noko som ofte ikkje er mogleg.

Kva for andre arbeidsområder og moglegheiter finst innanfor yrket ditt?

- Arbeidsmarknaden er enorm. Ein kan arbeide innanfor heile næringsmiddelindustrien, frå godteri til vegetar- eller kjøtmat. Mange arbeider i Mattilsynet, men ein kan òg arbeide med levering av ingrediensar, undervisning, forsking, å lage emballasje eller med installasjon og utvikling av næringsmiddelmaskiner. I tillegg kan ein arbeide på produksjonsanlegg.

Kva kan ein vente i løn som næringsmiddelteknikar?

- Om ein har master i matvitskap kan ein vente mellom 350 000 og 420 000 kroner i startlønn. Dersom ein tek ein bachelor kan ein vente litt mindre. Løna er òg avhengig av kor du arbeider.

Korleis vurderer du sjansane for å få jobb som næringsmiddelteknikar?

- Det er relativt enkelt å få jobb som næringsmiddelteknikar. I klassa mi frå Ås fekk alle seg jobb etter avslutta studier.

Les flere yrkesintervju

Les flere utdanningsintervju

Tekst og foto: Tora Hope

Oppdatert:

23 jun 2011
Skriv ut
Katinka Arntsen
Foto: Tora Hope
bildelisensikon
Omega 3 kapsler
Marin bioteknolog

Marine bioteknologer er i stor grad produktutviklere. Gjennom langvarig og avansert forskning utvikles nye produkter med ressurser fra havet.

Næringsmiddeltekniker analyserer mat
Næringsmiddeltekniker

En næringsmiddeltekniker har ansvar for å kontrollere råvarer og produkter slik at de matvarene forbrukere kjøper i butikken, har den kvaliteten og smaken de forventer.