Lokfører - yrkesintervju

Bengt-Arild Stenerud, som er den femte generasjonen av lokførarar i sin familie, gler seg framleis over flotte naturopplevingar og utfordrande arbeidsdagar.

Namn: Bengt-Arild Stenerud

Alder: 54 år

Yrke: Lokførar

Arbeidsstad: NSB Bergen

Kvifor valte du å bli lokførar?

- Lokføraryrket har vore i familien min i 150 år, så du kan sei at det var arveleg betinga for meg å ha dette yrket. Eg vurderte andre retningar, men bestemte meg for å bite tennene saman, fullføre dei tøffe krava og bli lokførar.

Kva for arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

- Vi startar alltid med teknisk uttak og visitasjon. I tråd med faste prosedyrer utfører vi sikkerheitsrelaterte sjekkar av materialet, altså toget. Alt frå bremser til sikkerheitsutstyr må sjekkast. Undervegs har vi òg ein del litt mindre omfattande prosedyrer, som å sjå etter defektar og sjekke brannutstyr og sjukeartiklar.

Ein stor del av arbeidet er sjølvsagt å køyre tog. Det skal vi gjere sikkert, komfortabelt og energiøkonomisk. Strekningane eg køyrer er som regel Bergen til Oslo, eller Bergen til Ål. Undervegs skal vi gje stasjonsopplysningar og anna informasjon. Ein lokførar må òg kunne handtere avvikssituasjonar, og halde sertifikat og godkjenningar ved like.

Eg er kursa vidare, og er difor køyrelærar. Det tyder at eg er veiledar for studentar innanfor område som rutiner, sikkerheitsforståing, tolking av signal på linjene, og køyring av tog. Det er ein omfattande prosess å lære å køyre tog.

Kva for utdanning og kvalifikasjonar er naudsynte for å bli lokførar?

- For å bli lokførar må du utdanne deg ved Norsk Jernbaneskole. Du må vere minst 20 år for å starte på denne utdanninga, som går over to semester. I tillegg må ein gjennom ein del testar, til dømes helsesjekk, før ein kan bli godkjent.

Ein lokførar bør takle pressa situasjonar. Ein kan jo hamne i ulukker der det er mykje støy, skadde folk og liknande. Men lokføraren bør òg vere serviceinnstilt, høfleg, ansvarsmedviten og samarbeidsvillig. I tillegg er det jo ein fordel med teknisk forståing. Ettersom tog følgjer eit innfløkt signalsystem med ulike fargar, må ein ha fargesyn.

Kva er det beste med å vere lokførar?

- Lokføraryrket er eit yrke der ingen heng over skuldrane dine – det er klokka som er mi sjef. Det å køyre tog er gøy - ein får brukt hovudet sitt, samstundes som det gjer mange flotte naturopplevingar. I tillegg arbeider eg med flotte kollegar i eit godt arbeidsmiljø.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

- Ferieordninga er ikkje alltid så populær. Vi må ofte jobbe når andre har ferie, nettopp fordi det er flest som reiser då. Ein må òg jobbe ein del heilagdagar, helger og kveld- og nattvakter. Det kan vere slitsamt.

Kva for andre arbeidsområder og moglegheiter finst innanfor yrket ditt?

- Ein kan bli lokomotivleiar, som mellom anna jobbar med kursing på materiell. Ein kan òg jobbe som togleiar eller togekspeditør. I tillegg kan ein kurse seg vidare til køyrelærar eller instruktør ved Norsk Jernbaneskole.

Kva kan ein vente i lønn som lokførar?

- Eg vil anslå at ein lokførar tener mellom 350 000 og 500 000, men ein kan tene både over og under dette. Ettersom vi jobbar ein del kveld, helg og heilagdagar er løna påverka av tillegg.

Korleis vurderer du sjansane for å få jobb innan lokføraryrket?

- Dersom ein først er komen inn på jernbaneskulen, er sjansane for å få jobb veldig gode. Ofte sponsar ulike selskap studentane si utdanning, og dei ferdigutdanna får som regel jobb i desse selskapa.

Les meir om lokførar

Lokfører - utdanningsintervju

Les fleire yrkesintervju

Tekst og foto: Tora Hope

Oppdatert:

16 feb 2011
Skriv ut
Bengt-Arild Stenerud
Foto: Tora Hope
bildelisensikon
Flytoget
Lokomotivfører

Lokførere kjører tog og passer på at det tekniske anlegget på toget fungerer som det skal.

Flytoget i Oslo
Ombordansvarlig

Ombordansvarlige jobber på tog, og har ansvaret for passasjerenes sikkerhet under hele reisen.