Kunstner - yrkesintervju

Som biletkunstnar får Britt Juul arbeide med å uttrykkje det ho ynskjer.

Namn: Britt Juul

Alder: 45 år

Yrke: Biletkunstnar

Arbeidsstad: Har verkstad på Høytorp Fort ved Mysen

Kvifor valte du å bli kunstnar?

- Då eg skjønte at biletkunst var det eg var mest interessert i, tykte eg det var verdt å prøve. Eg var oppteken av biletkunst, men visste eigentleg ikkje at det var mogleg å utdanne seg til kunstnar. På vidaregåande gjekk eg på form og farge, og etterkvart skjønte eg at det var kunst eg ynskte å drive med.

Kva for arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

- Eg byrjar ofte dagen med å gjere unna administrative oppgåver. Det kan vere å skrive søknadar om stipend, kontakte leverandørar av tenester eller materiale, betale rekningar og gjere bestillingar. For min del er det viktig å få gjort desse oppgåvene før eg går i atelieret.

Det er viktig å finne konsentrasjonen når eg skal arbeide. Ofte kan det ta tid, og då gjeld det å vere i atelieret utan å tenke på andre oppgåver eller måtte rekke noko. Medan eg forsøker å finne konsentrasjonen vaskar eg penslar, strekker lerret og ryddar i verkstaden.

For det meste målar eller teiknar eg bilete, men eg driv og litt med trykking og grafikk.

Kva for utdanning og kvalifikasjonar er naudsynte for å bli kunstnar?

- Eg har fire år på Kunstakademiet i Oslo, men ein kan og vere kunstnar utan å utdanne seg.

Ein kunstnar bør vere utholdande og tålmodig. Ein bør ha stor arbeidskapasitet, for det ligg mykje arbeid bak eit ferdig produkt. Dessutan bør ein nok ha eit visst talent.

Det krever mykje å drive med kunst, og mange byrjar med andre ting når dei får seg familie eller manglar pengar. Ein må difor ville det veldig om ein skal halde på lenge.

Kva er det beste med å vere kunstnar?

- Eg liker at eg kan arbeide med å uttrykkje det eg ynskjer. Det er veldig tilfredstillande når eg er konsentrert ein heil dag, og klarer å skape det eg vil. I tillegg er det ingen som ber meg gjere noko, og det kjennast som eit privilegium.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

- Heilt konkret tykkjer eg det kan vere kjedeleg å vaske penslar og gjere dei administrative oppgåvene. I litt breiare forstand kan yrket vere slitsamt. Av og til må eg forsvare yrket mitt, fordi folk ikkje forstår kor mykje arbeid som ligg bak. I tillegg kan det vere eit einsamt yrke.

Kva for andre arbeidsområder og moglegheiter finst i ditt yrke?

- Ofte arbeider kunstnarar ved sidan av å drive med kunst. Det er berre nokre få i Noreg som tener nok til å leve av kunsten åleine.

Nokre vert engasjerte som kunstnarar, medan andre arbeider med å undervise. Eg har sett mange som endar opp som til dømes datadesignarar og interiørarkitektar.

Kva kan ein vente i lønn som kunstnar?

- Mange kunstnarar tener ikkje noko særleg på kunsten sin, men nokre få er heldige nok til å tene ganske bra. Dei fleste klarer seg ved hjelp av ulike stipend, eller ved å arbeide ved sidan av.

Korleis vurderer du sjansane for å få jobb som kunstnar?

- Som nyutdanna må du arbeide hardt for å få stille ut kunsten din. Nokon får mykje merksemd tidleg, medan andre aldri slår igjennom. Veldig mange arbeider ved sidan av kunsten, og klarer seg på den måten.

Eg har fått eit tre-årig stipend, noko som medverkar til at eg dei siste åra stort sett har arbeida som kunstnar. Ytre faktorar spelar i tillegg inn, som om ein har midlar frå før, og kor rimeleg ein er villig til å leve.

Les flere utdanningsintervju

Les flere yrkesintervju

Tekst: Tora Hope
Foto: Harald Kensland

Oppdatert:

21 jun 2011
Skriv ut
Britt Juul
Foto: Harald Kensland
bildelisensikon
tegner i aksjon
Billedkunstner

En billedkunster jobber med formidling av kunst gjennom bilder. Kunstformen spenner vidt og innebærer en rekke ulike sjangre.

Keramiker i arbeid
Keramiker

Keramikere lager gjenstander av keramikk. Som keramiker bør du ha god form- og fargesans og være tålmodig.

Kunsthåndverker i arbeid
Kunsthåndverker

En kunsthåndverker lager bruksting som har en kunstnerisk form.

Kunstneren jobber med et nytt maleri
Kunstner

Som kunstner utøver eller produserer du kunst av estetisk verdi. Det viktigste for en kunstner er å ha kunstneriske evner og god form- og fargesans.

Lydkunst
Lydkunstner

Lydkunstneren jobber med formidling av kunst gjennom lyder og musikk.

Videokunstneren filmer
Videokunstner

En videokunster formidler kunst ved bruk av levende bilder, med eller uten lyd.