Hudpleier - yrkesintervju
- Det fine med hudpleieryrket er at ein alltid kan bygge på det, seier Neba Al-Nasrallah som arbeider som hudpleier i Oslo.
Navn: Neba Al-Nasrallah
Alder: 20 år
Yrke: Hudpleier
Arbeidsplass: Alle’s Beauty Clinique i Oslo
Kvifor valde du dette yrket?
- Eg har alltid vore interessert i skjønnhet, make-up og helse, men eg hadde aldri tenkt på å bli hudpleier. Så ringte ei venninne og fortalte at ho skulle begynne på det, og då fekk eg og lyst. I løpet av to veker søkte eg og begynte på Hudpleieakademiet, og eg har aldri angra.
Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?
- Eg tek imot kundar og utfører forskjellige behandlingar. Det er mykje voksing, forskjellige ansiktsbehandlingar og massasje. I tillegg brukar eg mykje tid på hygiene, det er ekstremt viktig at alt er reint og sterilisert, så ein del av dagen går med på å vaske i salongen og å sterilisere utstyr og gjere det klart for neste kunde.
Kva utdanning og/eller kvalifikasjonar er naudsynt?
- Ein kan gå på offentlig skule og ta Vg 1 i helse- og sosialfag og så Vg 2 og 3 hudpleie. Men det er veldig mange som går på privatskule, der er det stort ei eittårig utdanning med både teori og praksis. Det fins mange privatskular som tilbyr utdanninga. Eg gjekk på Hudpleieakademiet, og var veldig nøgd.
Som person må ein vere veldig tålmodig og nøye med det ein gjer. Det er ganske slitsomt å vere hudpleiar, så det er viktig å halde seg i form og passe på helsa. Likevel er det aller viktigaste å like å vere med menneske, og å forstå forskjellige kulturar og forventningar til behandlinga.
Kva er det beste med yrket ditt?
- Det beste er ein kunde som er nøgd med behandlinga, og som går ut døra med eit ”vi sjåast!”.
Kva mislikar du mest med yrket ditt?
- Det må vere om ein kunde ikkje er nøgd, og det skjer jo alle, men det er viktig å ikkje ta der personlig. I tillegg er det negativt at yrket er så slitande på kroppen, det fører til at det fins få eldre hudpleierar.
Kva andre arbeidsområde/mogligheiter fins innanfor ditt yrke?
- Det som er det fine med hudpleieryrket er at ein alltid kan bygge på det. Det fins ei mengd kurs ein kan ta for å spesialisere seg innan til dømes negledesign og forskjellige teknikkar eller ein kan bli make-up-artist. Det er også moglig å jobbe innan markedsføring og med sal for produktleverandørane eller ein kan jobbe innan spa eller helsekost.
Kva kan man forvente i løn i dette yrket?
- Eg meinar hudpleierar tjener for dårlig i Noreg. Vi har ingen tariffavtale og dei fleste går på provisjon. Det er derfor veldig viktig å følgje opp kundane sine så dei kjem tilbake og det nesten ikkje ”lov” å vere sjuk. Begynnarløna er på om lag 103-105 kroner timen og med godt belegg har ein etter kvart mellom 20 og 25 tusen i månaden trur eg.
Korleis ser du sjansane for å få jobb innan dette yrket?
- Cirka midt på treet trur eg. Veldig mange startar for seg sjølv allereie med ein gong dei er fedig utdanna. Ein kan leige seg eit kabinett og jobbe i til dømes ein frisørsalong eller liknande. Å få fast jobb i større salongar er vel kanskje litt vanskeligare.
Tekst og foto: Maria Pile


