Homeopat - yrkesintervju

- Det beste er utvilsamt å kunne bruke eigen kunnskap og erfaringar til å hjelpe andre, seier homeopat Kari Malmanger.

Navn: Kari Malmanger

Alder: 33

Yrke: Homeopat

Arbeidsplass: Markveien Naturmedisinske Senter i Oslo

Kvifor valde du dette yrket?

- Eg ville hjelpe folk til ei god helse og har trua på homeopatien. Den spelar på kroppen sine eigne premissar, og styrkar den til å bli sjølvhjelpen.

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

- Eg les journalane og førebur meg til dagens pasientar. Så tek eg imot pasientar, og lengda på konsultasjonane kan variere veldig. Vi pratar om problema til pasientane, og eg prøver å kartleggje psykiske og fysiske plager hos pasienten gjennom samtalar. I tillegg er eg medeigar i senteret her, så ein del av dagane går med til administrativt arbeid

Kva utdanning og kva kvalifikasjonar må til for å bli homeopat?

- Utdanninga er eit fem års deltidsstudium. Ein kan ta utdanninga på to skular i Oslo, SIKH (Skandinavisk Institutt for Klassisk Homeopati) og NAN (Norsk Akademi for Naturmedisin).

Som person må ein ha gode empatiske og kommunikative evner, og vere flink til å observere detaljar for å finne riktige midlar. Og så må ein ha ei evne til å trekke ut essensen i det pasientar fortel ein. Likevel er det viktigaste å ha eit dedikert ynskje om å hjelpe andre.

Kva er det beste med yrket ditt?

- Det beste er utvilsamt å kunne bruke eigen kunnskap og erfaringar til å hjelpe andre. Det er samfunnsnyttig på den måten at når kundane mine har det bra, har òg dei rundt det bra. Dessutan er det godt å hjelpe folk ut i arbeid att etter sjukemeldingar.

Kva misliker du mest med yrket ditt?

- Å ikkje kunne hjelpe alle, men det kan jo ingen.

Kva andre arbeidsområde/mogligheiter fins innanfor ditt yrke?

- Det er viktig med kurs og å få fagleg påfyll innan ulike tema. Nokre vidareutdannar seg innan andre naturmedisinske metodar som akupunktur eller soneterapi. Mange har jo eigen praksis, og det går an å spesialisere seg innan eitt spesielt område.

Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?

- Det er veldig individuelt. Har ein fulle pasientlister og kapasitet til å ta imot mange, kan ein tene rundt 300 000 og meir.

Hvordan anser du sjansene for å få jobb innen dette yrket?

- Som homeopat er du sjølvstendig næringsdrivande. Du bestemmer sjølv over arbeidsdagen din. Å ha ein eigen praksis krever at ein er sjølvstendig og har litt ekstra ståpå-vilje.

Les yrkesbeskrivelsen av homeopat

Les fleire yrkesintervju

Tekst og foto: Maria Pile Svaasand

Oppdatert:

16 feb 2011
Skriv ut
Kari Malmanger
Foto: Maria Pile Svaasand
bildelisensikon
Homeopati skal stimulere immunsystemet til aktivitet
Homeopat

Homeopaten driver med en alternativ behandlingsform som benytter medisiner framstilt fra planter og mineraler for å lindre sykdom og plager.