Helsesøster - yrkesintervju
- Som helsesøster har vi ei stor verd å boltre oss i, seier Hilary Hamper.
Namn: Hilary Hamper
Alder: 52 år
Yrke: Helsesøster
Arbeidsstad: Gaular kommune
Kvifor valte du dette yrket?
- Eigentleg vurderte eg å bli lærar, men far min var skeptisk. Han ville at eg skulle velje eit tryggare og betre betalt fagfelt. Då eg var rundt 17 år las eg om helsesøsteryrket, og eg vart interessert i blandinga av sjukepleie og undervisning som faget inneheld.
Kva for oppgåver har du i laupet av arbeidsdagen?
- Det er utruleg mykje forskjellig, men det vi jobbar mest med er helsefremmande og forebyggande arbeid. Vi treff alle nyfødde born, har regelmessig oppfølging av dei, og vi snakkar med foreldre og rettleiar dei. Ein del av jobben går ut på å sjå om born har normal utvikling, i håp om at vi kan oppdage problem så tidleg som mogleg. Nokre av dei tinga vi då sjekkar er om borna har normal høyrsel, syn og normalt språk. Vi tilbyr heimebesøk,og vi har helsestasjon der born og unge kan stikke innom uanmeldt og gratis, og spørje om kva dei ynskjer.
I tillegg har vi ansvar for skulehelseteneste, smittevern, vaksinering, undervisning i seksualitet og andre tema i puberteten. Vi samarbeidar altså ein del med lærarar. Jobben inneber òg ein del miljøaretta arbeid (som til dømes å sjekke luftkvalitet, hygiene og antall toalett i barnehagar).
Som helsesøster har vi ei stor verd å boltre oss i. Vi jobbar både med fysisk og psykisk helse, og vi har ansvar for born og unge mellom null og 20 år i kommunen. Jobben er ikkje fysisk tung, men den kan vere slitsam mentalt.
Kva for utdanning er naudsynt for å bli helsesøster?
- Då eg tok utdanning i Storbritannia på 70-80-talet, måtte eg ta sjukepleiar- og jordmorutdanning før eg kunne ta helsesøsterutdanninga.
I Noreg må du først bli autorisert sjukepleiar og deretter ha minst eitt år med relevant praksis, før du kan søke opptak til helsesøsterutdanninga
Studiet omfattar alt ifrå psykologi, sosiologi og barneutvikling, til sosialpolitikk og studier om helsefremmande tiltak. Anatomi, sjukdomslære og liknande lærar du på sjukepleiarstudiet.
Kva for kvalifikasjonar er naudsynte for å bli helsesøster?
- Det er veldig viktig å ha respekt for menneske. Mange trur at ei helsesøster kommanderer og dikterer, men i røynda freister vi å samarbeide og rettleie til dømes foreldre. Det må ein gjere med respekt, og utan å vere dømmande.
I tillegg må ein ha evne til å jobbe sjølvstendig. Helsesøstre jobbar jo mykje åleine i kommunane, og må planlegge sjølv korleis opplegget skal vere.
Sidan mykje av arbeidet er forebyggjande, kan det vere vanskeleg å måle resultat. Då trur eg det kan vere viktig å ha trua på at jobben du gjer er viktig.
Kva er det beste med å vere helsesøster?
- Det må vere den enorme variasjonen. Ingen dag er lik, og arbeidsfeltet er stort. Eg må gi mykje av meg sjølv, og bruke mange ulike evner. Ein dag møter eg små born på helsestasjonen, og den neste treff eg ungdom i skulehelsetenesta. Å vere helsesøster er ein gjevande jobb.
Kva misliker du mest med å vere helsesøster?
- At ein ikkje så lett kan sjå resultatet av den jobben ein gjer kan vere frustrande. I tillegg har mange kommunar trang økonomi, og ein skulle jo alltid ynskje ein hadde råd til fleire tiltak. Men, det vanskelegaste med jobben min, er nok dei konfrontasjonane som kan oppstå med foreldre. Ein veit ikkje korleis foreldre reagerer, og dersom ein til dømes må involvere barnevernet kan reaksjonane blir særs negative. Det er det eg mislikar mest, men noko eg berre må takle som ein del av jobben.
Kva for andre arbeidsområder og moglegheiter finnast det innanfor ditt yrke?
- Ein kan arbeide i bedriftshelseteneste, spesialisere seg som rusarbeidar, for born og unge med spesielle diagnosar, eller innanfor andre områder. Ein kan jo sjølvsagt vere sjukepleiar, eller ein kan jobbe som forskar, undervise i helsefag, eller jobbe knytta til asylmottak. I tillegg kan ein arbeide i ulike organisasjonar, som til dømes Leger utan grenser og Røde Kors.
Kva kan ein vente i lønn som helsesøster?
- Eg er usikker, men vil tru mellom 360 000 og 410 000 kroner i året. Det er avhengig av forhandlingane i den kommunen du jobbar i.
Korleis vurderer du moglegheitene for å få jobb som helsesøster?
- I dei store byane er det nok vanskeleg, fordi det er så få stillingar i kvar kommune. Men på landet vil eg tru det er litt lettare, fordi det her er færre søkarar. Mange må nok vere villige til å flytte på seg for å få jobb.
Du kan jo jobbe kvar som helst! Alle kommunar må jo ha helsesøstre. Eg har jobba som helsesøster både i England, Wales, Noreg og Australia.
[node/370759 | Les utdanningsintervju med helsesøster]
Tekst og foto: Tora Hope

