Forfatter - yrkesintervju
Ei sterk trang til å skrive er forfattar Stig Holmås si drivkraft i arbeidet.
Namn: Stig Holmås
Alder: 63 år
Yrke: Skjønnlitterær forfattar
Arbeidsplass: Heimekontor i Bergen.
Kvifor valde du dette yrket?
- Valde og valde, fru Blom. Eg har dikta på papiret sidan eg lærte å setje saman bokstavar til ord - og ord til setningar. Mi fyrste lange forteljing skreiv eg då eg var 9 år. Den fylte tre linjerte kladdebøker, handla om eit vikingskip fullt av kanoner og heitte ”Dragens øye”. Klassekameratane mine var mine fyrste lesarar. Etter at eg var ferdig med gymnasiet, var eg medforfattar i gruppebok ”Åtte fra Bergen”. Då eg var student ved Statens Bibliotekskole i Oslo i 1970, debuterte eg for alvor med ei diktsamling. Etter at eg var ferdig utdanna og hadde fått jobb som bibliotekar på Voss Folkeboksamling, ga eg ut diktsamling nummer to, og det var då eg bestemte meg for å prøve meg som forfattar på heiltid. Det gjekk heller skralt, reint økonomisk, og i ein periode jobba eg som anleggsarbeidar. Deretter hadde eg i mange år ”attåtnæring” (to månader kvart år) som bibliotekar på bokbåten Epos, det flytande biblioteket langs Vestlandakysta. Frå 1983 har eg vore forfattar på heiltid.
Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?
- Enten så sitter eg og diktar, eller så driv eg research. Eg brukar ein god del tid på bibliotek.
Kva utdanning og/eller kvalifikasjonar er nødvendig?
- I mitt yrke trur eg det fyrst og fremst trengs talent og ei sterk trang til å skrive, ein slags: Det er dette eg vil, og eg kan ikkje la vere. Mi utdanning har bestått i å øve, øve, øve, altså skrive, skrive, skrive. Det har også hjulpe at eg har lest god litteratur skrevet av andre.
Kva er det beste med yrket ditt?
- At eg har fått gjere ein hobby og ein lidenskap til yrke. Eg ville ikkje ha bytt jobb med nokon.
Kva mislikar du mest med yrket ditt?
- At eg tener for lite på det beste eg skriv. Som revyforfattar for Kvinner på Randen tente eg meir på ein månad med arbeid for dei enn eg gjorde på fire år med slit med ein dritbra roman. (Det betyr ikkje dermed at eg som revyforfattar firte på kravet om litterær kvalitet.)
Kva andre arbeidsområde/mogligheiter fins innanfor ditt yrke?
- Eg tener ein del på opplesing av eigne tekstar, på kåseriverksemd og den slags. Eg skreiv ein del romanar for born og ungdom på 80- og i byrjinga av 90-tallet. Dei blei mykje lest, og eg drog rundt på forfattarbesøk i skuler over heile landet. Det hjalp på økonomien.
Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?
- Med mindre du er krimforfattar eller skriv kiosklitteratur tener du ikkje særlig mykje. Men det hjelper å ha fleire forfattarbein å stå på. Sjølv har eg skrive skjønnlitterære bøker for voksne, for born og ungdom, pluss skodespel, revytekstar, prologar, osv. You name it. Samt ei og ana populærfagleg bok på bestilling. Har du som intensjon å bli rik på bøker, bør du bli forleggar eller bokhandlar, ikkje dikter.
Korleis ser du på sjansane for å få jobb innan dette yrket?
- Dei aller fleste manuskripta norske forlag tek imot, blir refusert. Mange har lyst til å leve av sitt forfattarskap, få klarar det. Min hovudregel er: Skriv det du må skrive, etterpå kan du håpe at nokon vil lese det.
Les yrkesbeskrivelsen av forfattar
Tekst: Maria Pile



