Fengselsbetjent - yrkesintervju
Amund Sønsteby ville jobbe med menneske og ha ein variert kvardag. Det gjer han som fengselsbetjent.
Navn: Amund Sønsteby
Alder: 31 år
Yrke: Fengselsbetjent
Arbeidsplass: Oslo fengsel
Kvifor valde du dette yrket?
- Eg visste ikkje kva eg skulle bli, men jobba litt som vekter og liknande, og byrja å tenkje i retning politiyrket. Det var ganske tilfeldig at det blei fengselsbetjent. Eg jobba eit år som ufaglært på Ila, og då fekk eg lyst til å byrje på fengselsskulen. Å jobbe med menneske og å ha ein variert kvardag, var viktige kriterium i yrkesvalet mitt, og det får eg her.
Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?
- Vi byrjar med morgonparole og ei gjennomgang av det siste døgnet. Deretter går vi opp på avdelinga, låser opp cellene og ynskjer dei innsette god morgon. Vi må ha kontroll med kven som skal på jobb og skule, og få dei dit. Elles er det ein del rutineoppgåver med sjekk og kontroll. I tillegg er ein jo ein slags miljøarbeidar og hjelper dei innsette til eit meir normalt liv og til å komme på rett kjøl. Det kan vere å hjelpe dei med papirarbeid og liknande, eller å berre prate.
Kva utdanning og/eller kvalifikasjonar er naudsynte?
- For å bli fengselsbetjent må ein gå på Fengselsskulen ved Kriminalomsorgens Utdanningssenter (KRUS) på Teisen. Ein må gjennom ein fysisk opptaksprøve og eit intervju før det blir bestemt om ein får skuleplass. Utdanninga byrjar med ein månads teorikurs før ein blir utplassert i eit aspirantfengsel og jobbar som fengselsbetjent der med nokre skuledagar i veka. Det andre året er eit teoriår på skulen. Etter dei to skuleåra må ein ta eit år i pliktteneste i eit av fengsla i landet, dette er fordi ein får løn under utdanninga.
- Det er nokre kriterium for å søke på Fengselsskulen. Mellom anna må ein vere 21 år, ha minst eitt års arbeidserfaring og ein plettfri vandelsattest.
- Som person må ein ha beina godt planta på jorda, og kanskje ha opplevd litt. Ein blir ein god menneskekjennar etter kvart, og ein må vere trygg, kunne setje klare grenser og ha ein god porsjon sunn fornuft.
Kva er det beste med yrket ditt?
- Det er eit veldig godt arbeidsmiljø her. I tillegg likar eg å gjere ein jobb eg føler at betyr noko.
Kva mislikar du mest med yrket ditt?
- Det er litt dårleg betalt i forhold til den samfunnsnytta vi gjer. Vi er litt usynlege, og media plukkar stort sett berre opp det negative.
Kva andre arbeidsområde/mogligheiter fins innanfor ditt yrke?
- Det er jo veldig mange forskjellige avdelingar som krev forskjellige typar arbeid, i tillegg er det friomsorgen. Ein kan ta forskjellige kurs ved KRUS for å få meir fagleg input.
Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?
- Under utdanninga tener ein om lag 250 000 i året. Som ferdig utdanna er grunnløna rundt 310 000, men det er utan kvelds- og helgetillegg. Med alle tillegg tener ein rundt 400 000.
Korleis ser du sjansane for å få jobb innan dette yrket?
- Ein er garantert jobb i pliktåret, og så godt som garantert jobb etterpå då inntaket til Fengselsskulen speglar behovet for fengselsbetjentar.
Tekst og foto: Maria Pile Svaasand
