Elektriker - yrkesintervju

Som elektrikar får Kjersti Rongved Titlestad vere kreativ og finne løysingar.

Namn: Kjersti Rongved Titlestad

Alder: 21 år

Yrke: elektrikar

Arbeidsstad: Bergen Elteknikk i Bergen

Kvifor valte du å bli elektrikar?

- Eg ville ikkje gå allmennfag på vidaregåande, men finne noko som eg trudde ville gi ei meir interessant framtid for meg. Mange eg kjenner valte å bli elektrikar, noko som også påverka meg. Dessutan fanga faget interessa mi. Det er fengslande at ein kan trykke på ein brytar, så kjem lyset på.

I tillegg freista det med ein fysisk jobb – eg kunne aldri ha sete på eit kontor. Og sidan elektrikar er fysisk lettare enn andre yrkesfag, som tømrar og rørleggar, vart det den vegen.

Kva for arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

- I bedrifta mi har vi både serviceelektrikarar og anleggs- og industrielektrikarar. Servicelektrikaren er den som reiser heim til folk og bedrifter.

Som anleggs- og industrielektrikar kan ein arbeide fleire månadar på same stad, og ein samarbeider med andre yrkesgrupper, som tømrarar.
Elektrikaren arbeider med alle typar elektriske system. Vi bygger sikringsskap, trekker kablar, lager stikkontakter og skifter ringeklokker. Vi arbeider med alt frå basseng til kjølerom, og frå straumbrytarar til ventilasjonsanlegg.

Kva for utdanning og kvalifikasjonar er naudsynte for å bli elektrikar?

- For å blir elektrikar må du ta to år med elektrofag, samt to og eit halvt år som lærling.

Du kan ikkje vere redd for å bli skiten på hendene om du vil bli elektrikar. Å vere praktisk og ha forståing for faget er naturlegvis viktig. Du kan ikkje alt når du kjem ut av skulen – i byrjinga forstod eg ikkje så mykje – men du lærer fort når du byrjer å arbeide.

Vi samarbeidar mykje med blant andre tømrarar, målarar og rørleggarar. Då hjelp det å ha samarbeidsevne. Ein bør óg kunne behandle ein kunde riktig.

Kva er det beste med å vere elektrikar?

- Vi har bra miljø på jobben. Eg må tåle litt guteprat, men det er ikkje noko problem. Eg er nøgd med oppgåvene eg får, og eg er glad i å finne løysingar. I tillegg liker eg ansvaret, kreativiteten, variasjonen og at vi ofte arbeider sjølvstendig. Dagen blir aldri slik du har planlagt den, og det er spanande.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

- Eg liker ikkje så godt når dei eg jobber med stressar, og ofte kan ein oppleve mangel på samarbeidsvilje mellom dei ulike gruppene som arbeider i lag. Arbeider ein som serviceelektrikar får ein gjerne ein del jobbar som ikkje er så kjekke óg, som å klatre på loftet og rulle i Glava.
Som anleggs- og industrielektrikar blir du vand til at det er skittent overalt, og det går fint. Men å stå opp tidleg er eg ikkje så glad i.

Kva for andre arbeidsområder og moglegheiter finst inannfor ditt yrke?

- Ein kan til dømes bygge vidare med pedagogikk, og undervise i elektrofag. Ein kan bli installatør, og starte eige firma. Ein kan óg gå vidare å bli blant anna elektroingeniør, togelektrikar eller høgspentmontør. På vidaregåande kan du óg velje å bli telekommunikasjonsmontør eller heismontør. Det finst mange moglegheiter som elektrikar.

Kva kan ein vente i lønn som elektrikar?

- Eg vil anslå at ein elektrikar tener i frå 175 til 215 kroner i timen.

Korleis vurderer du sjansane for å få jobb innan elektrikaryrket?

- Då eg leitte etter jobb, fekk alle arbeid med ein gong. Ein har som regel utplassering i eit firma, og om ein gjer ein god jobb får ein ofte jobb i det firmaet.

Akkurat no er vi kanskje inne i ein litt usikker periode. I mitt firma har vi i det siste leigd inn folk, medan andre firma leiger ut. Men sender ein nok søknadar, så får ein jobb.

Tekst og foto: Tora Hope

Yrkesbeskrivelse av elektrikar

Fleire yrkesintervju

Oppdatert:

16 feb 2011
Skriv ut
Kjersti Rongved Titlestad
Foto: Tora Hope
bildelisensikon
Elektriker i arbeid
Elektriker

Elektrikere monterer og reparerer elektriske anlegg.

Elektroreparatøren reparerer en oppvaskmaskin
Elektroreparatør

Elektroreparatøren reparerer og vedlikeholder elektriske apparater og utstyr.

Elkraft-nettverket må ha kontinuerlig vedlikehold
Energimontør

En energimontør jobber med å bygge og vedlikeholde el-kraftnettet.

Air-conditoning anlegg
Kulde- og varmepumpemontør

En kulde- og varmepumpemontør monterer og vedlikeholder kjøleanlegg og varmegjenvinningsanlegg.

Togstasjon
Signalmontør

En signalmontør arbeider med montering og vedlikehold av signalanlegg. Fagfeltet inkluderer blant annet mekanikk, elektromekanikk og datateknologi.

Skipselektrikere i arbeid
Skipselektriker

Som skipselektriker er du spesialist på elektriske instrumenter på skip. Du kan arbeide både på skip, borefartøy eller i skipsrelatert industri.

Tavlemontør
Tavlemontør

Tavlemontøren monterer, kobler og kontrollerer elektriske tavler i bygninger.

Telekommunikasjonsmontører jobber over hele Norge med telenettverket
Telekommunikasjonsmontør

Som telekommunikasjonsmontør driver du med installasjon, drift og vedlikehold av telenett, kabelnett, satellittsamband og datanett.

Togstasjon
Togelektriker

Som togelektriker arbeider du med vedlikehold, reparasjon og installasjon ved og rundt toganlegg. Yrket er fysisk krevende og det kreves teknisk innsikt og interesse for elektrikerfaget.

Strømkabler
Vikler- og transformatormontør

Vikler- og transformatormontøren er en elektriker som jobber med montering og vedlikehold av elektriske maskiner.