Dommer - yrkesintervju

Som dommar får Tine Kari Nordengen jobbe med praktisk konfliktløysing. Til tider må ho ta tunge og vanskelege avgjerdsler.

Navn: Tine Kari Nordengen

Yrke: Dommar i fyrsteinstans

Arbeidsplass: Oslo Tingrett

Kvifor valde du dette yrket?

- Som advokat likte eg alltid å vere i retten. Eg ville jobbe med praktisk konfliktløysing og som dommar får eg både ein litt teoretisk jobb, og lov til å jobbe med mennesker.

Kva arbeidsoppgaver består yrkeskvardagen din av?

- Eg behandlar sivile sakar og straffesakar. Stort sett er eg i retten, høyrer på sakane og avgjer sakane i ein dom. I sivile sakar kan eg vere med på rettsmekling mellom partane.

Kva utdanning og kva kvalifikasjonar må til for å verte dommar?

- Før måtte ein ha juridisk embedseksamen, no må ein ha ein Masters of law. Og ein må ha minst 10 år med yrkeserfaring som jurist. Eg har jobba i forvaltninga, som dommarfullmektig og som advokat, før eg fekk jobb som dommar for ti år sidan.
Som person må ein vere sterk og tørre å ta avgjerdsel og så må ein må ha ein god rettferdighetssans. Litt menneskekunnskap er óg bra å ha.

Kva er det beste med yrket ditt?

- At det er variert og sjeldan keisamt. Eg får jobbe innan alle typar rettsområde, og eg har ein meiningsfylt jobb.

Kva misliker du mest med yrket ditt?

- Til tider må ein ta tunge og vanskelege avgjerdsler. Ein ser ting som er psykisk belastande og det er til tider mykje stress.

Kva andre arbeidsområde/mogligheiter fins innanfor ditt yrke?

- Ein kan byrje som dommar i lagmannsretten og ein kan bli leiar, men det er få som sluttar i dette yrket, då sluttar dei som oftast for ein advokatjobb eller liknande.

Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?

- Som dommar i tingretten får ein 807 000 kroner i året. I lagmannsretten får ein 848 000 og i høgsterett 1.362.0001.

Korleis ser du på sjansene for å få jobb innan dette yrket?

- Det er mange om beinet. Ein må ha den rette erfaringa og rett personleg innstilling i tillegg til gode karakterar frå universitetet.

Tekst og foto: Maria Pile

Les yrkesbeskrivelsen av dommer

Les flere yrkesintervjuer

Oppdatert:

16 feb 2011
Skriv ut
Tine Kari Nordengen
Foto: Maria Pile
bildelisensikon
Norges lover
Advokat

Advokater gir juridiske råd, forhandler på vegne av klienter og fører saker for retten.

Kvinnelig dommer med møteklubbe
Dommer

Som dommer leder du møter i rettssystemet, og avgjør utfallet i saker ved dom.

Jurist i rettslokalet
Jurist

Som jurist skal du formidle juss enkelt og forståelig til klienter og andre som trenger rettshjelp.