Arkivar - yrkesintervju

I eit interessant fagleg miljø på Riksarkivet formidlar arkivar Gunn Løwe kunnskap om arkivet til publikum.

Namn: Gunn Løwe

Alder: 39 år

Yrke: Arkivar

Arbeidsstad: Riksarkivet ved Sognsvann i Oslo

Kvifor valte du å bli arkivar?

- Det var litt tilfeldig. Eg hadde tatt hovudfag i historie, og tykte difor at mellom anna dei historiske kjeldene ved Riksarkivet var veldig interessante. Då eg fekk moglegheiten til å jobbe der greip eg sjansen.

Kva for arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

- Det finst to typar arkivarstillinger. I den eine arbeider ein i eit daglegarkiv, og arbeidsoppgåvene dreier seg i hovudsak om å journalføre innkomne saker, og sørge for at arkivet som lagast følgjer gjeldande retningslinjer. I den andre arbeider ein i eit depot-arkiv, som Riksarkivet, eit av dei åtte statsarkiva, Samisk arkiv, fylkes- eller kommunearkiv. Her er arbeidsoppgåvene svært varierte.

I Riksarkivet tar vi vare på arkivmateriale frå statleg verksemd, og gjer det klart for bruk. I tillegg formidler vi kunnskap om arkiva, fører tilsyn med arkivarbeidet i staten, fylkeskommunane og kommunane, og vi bidrar til bevaring av privatarkiv.

Eg arbeider i Publikumsavdelinga på Riksarkivet. Medan andre avdelingar arbeider med avlevering av arkiv, kva som skal ivaretas og så vidare, har eg meir kontakt med publikum.

Å svare på førespurnadar frå publikum er ein stor og viktig del av arbeidet mitt. Vi får alle moglege typar spørsmål. Det viktigaste her er å folk med å kunne dokumenter sine rettar. I tillegg vert vi kontakta av ein del forskarar og studentar som treng materiale, til dømes frå studentar som skal ta master i historie. Til sist tek vi imot ein del hobbyførespurnader, som kan gjelde alt mellom himmel og jord.

Eg arbeider òg med formidling. Det vil seie at eg har ein del omvisningar, til dømes med skuleklassar eller andre grupper. Desse får òg prøve seg på ulike oppgåver, der hovudtemaet er kjeldekritikk. Vi Vi lagar utstillingar både i Riksarkivet og på nett. Arbeidet mitt femner difor veldig vidt.

Kva for utdanning og kvalifikasjonar er naudsynte for å bli arkivar?

- Det finst arkiv på ulike nivå, og det er veldig ulike krav til bakgrunn og utdanning på dei ulike nivåa. For å arbeide i Riksarkivet må du ha høgare utdanning. Tradisjonelt har dei tilsett folk med master i historie. Ein kan òg bli vurdert med anna fagleg bakgrunn, men ein må ha arkivfag i fagkretsen. I tillegg bør ein ha erfaring frå arbeid i arkiv for å få jobb som arkivar i Riksarkivet.

Det er mogleg å få andre stillingar i Riksarkivet først, og seinare bli vurdert for ei arkivarstilling.

I mitt arbeid har eg jo mykje kontakt med publikum. Då er det eit fortrinn å trivast med folk, samt å vere van med å leie og snakke til forsamlingar.

Kva er det beste med å vere arkivar?

- For meg som har hovudfag i historie, er det gøy å arbeide med historiske kjelder. Det at jobben har så mange ulike arbeidsoppgåver gjer òg arkivar til eit spanande yrke. I tillegg fører det gode faglege miljøet til at eg trivst godt.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

- Ofte har vi mykje å gjere på korte tidsfristar. Når tida er knapp og arbeidsoppgåvene mange, kan jobben vere stressande.

Kva for andre arbeidsområder og moglegheiter finst inannfor ditt yrke?

- Arkivaryrket er veldig variert. Det kan vere alt frå å lage arkiv til å handsame arkiv. Medan eg arbeidar med å formidle kunnskap om bruk av arkiv, kan ein òg jobbe med å ta vare på arkivet og gjere det tilgjengeleg for bruk.

Ein kan arbeide med å føre tilsyn med at dei daglege arkiva, mellom anna dei statlege og kommunale, følgjer reglane som gjeld for bevaring av arkiv. I Riksarkivet har vi ei mengd fotomateriale i arkiva, og det finst eigne fotoarkivarar som jobbar med dette. Ein kan òg arbeide innanfor ulike typar spesialmateriale, som kan vere alt frå mellomaldermateriale til moderne elektronisk materiale.

Som arkivar kan ein arbeide i offentleg eller privat sektor. Det finst mange ulike typar arkiv, og det er store skilnadar i krava til utdanning og bakgrunn for å arbeide i dei ulike arkiva.

Kva kan ein vente i lønn som arkivar?

- I Riksarkivet er vi jo offentlege tilsette, og følgjer difor staten sitt lønnsregulativ.

Korleis vurderer du sjansane for å få jobb innan arkivaryrket?

Som nyutdanna vil du nok stille ganske svakt om du søkjer på stilling som arkivar i Riksarkivet, fordi vi har krav om relevant erfaring. Men ein kan jo byrje i andre stillinger, og moglegvis få arkivartittel seinare.

Tradisjonelt har det vore relativt få stillingar hos Riksarkivet, og dei tilsette har hatt jobbane sine lenge. Eg har likevel sett ein del stillingsutlysningar i det siste, og i tillegg har vi ein del mellombelse engasjement. Eit godt tips kan vere å følgje med på våre Riksarkivet sine heimesider.

Les flere yrkesintervju

Les flere utdanningsintervju

Tekst og foto: Tora Hope

Oppdatert:

31 aug 2011
Skriv ut
Gunn Løwe
Foto: Tora Hope
bildelisensikon
Arkiv med hyllerekker og permer
Arkivar

En arkivar organiserer dokumentasjon slik at informasjonen bevares og gjøres tilgjengelig, også for ettertiden.