Advokatsekretær - Yrkesintervju

Cecilie Wiese har varierte arbeidsoppgåver og organiserer arbeidsdagen sjølv i jobben som advokatassistent DNA.

Namn: Cecilie Wiese

Alder: 54

Yrke: Advokatassistent DNA

Arbeidsplass: Advokatfirmaet Thommessen AS, Bergen

Kvifor valde du dette yrket?

- Det har vel blitt ei blanding av tilfeldige hendingar og interesser.

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

- Eg tek hand om og administrerar fire partnarar og fem fullmektige sine daglige behov for oppretting av nye klientar og saker i systema våre. Eg skriv og les korrektur på notat, e-postar, brev og liknande og eg produserar juridiske og faktiske utdrag til bruk i domstolane. I tillegg bestiller eg reiser, svarar på førespurnadar frå klientar, motpartar og domstolar og eg hentar inn opplysingar frå forskjellige kjelder, til dømes Brønnøysundregistra, Statens Kartvert eller Tinglysinga.

Kva utdanning og/eller kvalifikasjonar er naudsynte?

- Ein kan utdanne seg til å bli advokatsekretær på forskjellige privatskular. Dersom du er flink i norsk og engelsk i tillegg til å skrive raskt og nøyaktig på pc og å forstå systematikken i arbeidet ditt, treng du ikkje ei formell utdanning for å få jobb. Dei fleste advokatfirma har eigne system og rutinar som ein uansett må få opplæring i.

Kva er det beste med yrket ditt?

- Ein jobbar veldig sjølvstendig, og organiserer arbeidsdagen sjølv. I tillegg er arbeidsoppgåvene veldig varierte, og det er utfordrande å få jobbe med nokre av dei beste advokatane i landet.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

- Det kan til tider vere veldig travelt med store arbeidsoppgåver og korte fristar.

Kva andre arbeidsområde/mogligheiter fins innanfor yrket ditt?

- Etter tre år i praksis som sekretær har ein mogligheit til å begynne utdanninga til den beskytta tittelen Advokatassistent DNA hos Juristenes Utdanningssenter. Studiet er ei innføring i jus, og ein studerar på deltid i eitt og eit halvt år før ein tek ein praktisk og teoretisk eksamen.

Ein kan også få seg jobb innan det private næringslivet, til dømes i forsikringsselskap, oljeselskap eller andre som har eigne juridiske avdelingar, og kan tilby relevant arbeid. Ein kan dessutan få seg jobb i domstolane, hos politiet og i dei fleste andre offentlige etatar.

Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?

- Det kjem an på kvar ein jobbar, men i det private kan ein rekne med ei byrjarløn på om lag 280 000 kr, toppløn kan vel komme opp i 450-480 000 kr. I det offentlege er løna generelt lågare.

Korleis ser du sjansene for å få jobb innen dette yrket?

- Med utdanning som advokatsekretær trur eg det er svært gode sjansar for å få seg jobb.

Les flere yrkesintervju

Les flere utdanningsintervju

Tekst og foto: Maria Pile Svaasand

Oppdatert:

6 des 2011
Skriv ut
Cecilie Wiese
Foto: Maria Pile Svaasand
bildelisensikon
Kvinnelig advokatsekretær
Advokatsekretær

Som advokatsekretær jobber du med sekretær- og saksbehandlingsarbeid. Advokatsekretærens oppgave er å få kontoret til å fungere på en effektiv måte.