Kort om grunnskoleopplæringa
Grunnskoleopplæringa i Noreg er tiårig, og elevane startar på skolen det kalenderåret dei fyller seks år. Dei fleste skolane i Noreg er kommunale, og det er kommunen som er ansvarleg for drift og administrasjon av skolane sine.
Grunnskolen er delt inn i to hovudtrinn:
- barnetrinnet (1.-7.)
- ungdomstrinnet (8.-10.trinn)
Grunnskoleopplæringa er gratis og byggjer på prinsippet om likeverd og tilpassa opplæring for alle. Alle barn og unge skal få del i eit felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlag.
Vurdering i grunnskolen
Når ein elev blir skriven ut av grunnskolen, får han eller ho eit vitnemål som bevis på gjennomført opplæring. Vitnemålet viser avgangskarakterar (standpunktkarakterar og eventuelle avgangsprøvekarakterar) og karakterar i orden og oppførsel.
Også elevar som er blitt fritekne for vurdering med karakterar, skal ha vitnemål som viser at dei har fullført grunnskolen.
Det skal ikkje givast karakterar på barnetrinnet eller mellomtrinnet. På ungdomstrinnet skal elevane ha karakterar i dei obligatoriske faga til jul og ved slutten av skoleåret.
Les meir om vurdering i grunnskolen på Lovdata.no
Kunnskapsløftet
Hausten 2006 blei skolereforma Kunnskapsløftet innført. Mål og prinsipp for grunnopplæringa er nedfelt i læreplanverket for Kunnskapsløftet. Læreplanverket gjeld for grunnskolen og vidaregåande opplæring.
Skolefritidsordningar (SFO)
Det er lovheimla at alle kommunar skal ha eit tilbod om skolefritidsordning, før og etter skoletid, for 1.-4. klassetrinn.
Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i barnas alder, funksjonsnivå og interesser. Barn med funksjonshemmingar skal ha gode utviklingskår i skolefritidsordninga.
Opplæring etter læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk
I samarbeid med Sametinget er det utvikla eit eige læreplanverk for grunnopplæring i samiske distrikt. Læreplanane er dels særskilte planar, slik som i samisk språk og duodji, og dels tilpassa parallelle planar, slik som i naturfag, musikk og andre fag. I tillegg til at elevar i grunnopplæringa, i samiske distrikt, får opplæring på samisk etter dette læreplanverket, har samiske elevar ein individuell rett til opplæring i samisk språk. Dette har dei uavhengig av bustad.
Den offentlege grunnskoleopplæringa blir regulert i opplæringslova
