Utdanning.no

Fakta om høgre utdanning

Høgre utdanning omfattar universitets- og høgskoleutdanning, og utdanninga byggjer normalt på eksamen frå treårig vidaregåande opplæring.

Høyere utdanning

Høgre utdanning byggjer normalt på bestått treårig vidaregåande opplæring. Dei fleste høgre utdanningsinstitusjonane er statlege, og dei har sjølve ansvar for kvaliteten i utdanninga, forsking og formidling. Omtrent 12,5 prosent av studentane i høgre utdanning studerer ved private institusjonar.

Universitet og vitskaplege høgskolar

Vi har i dag 7 universitet, 22 høgskolar og 6 vitskaplege høgskolar, samd to kunsthøgskolar under statleg eigarskap.

Det er 7 universitet i Noreg - alle statlege:

Det er 7 vitskaplege høgskolar – 6 statlege og ein privat (2010):

Dei statlege er

Den private vitskaplege høgskolen er

Målet med dei statlege høgskolane er å gi fleire tilgang til utdanning, og å tilføre distrikta meir fagleg kompetanse. Dei 27 høgskolane tilbyr fleire kortare og meir yrkesretta utdanningar enn universiteta, oftast på bachelornivå. Fleire tilbyr også mastergradar, og fire av dei har rett til å tildele doktorgrad i eitt eller fleire fag. De vanlegaste fagtilboda er lærar-, førskolelærar-, ingeniør-, helse- og sosialfagutdanningar. Høgskolane skal også drive forskings- og utviklingsarbeid.

Oversikt over høgskolar på Noreg.no

Kunsthøgskolar

Det finst éin kunsthøgskole i Oslo og éin i Bergen. Begge er statlege, og begge har varierte utdanningstilbod i biletkunst og design. Kunsthøgskolen i Oslo har også scenekunstutdanningar (teater, opera og ballett).

Forutan utdanning og formidling har universiteta og dei vitskaplege høgskolane eit særleg ansvar for forsking og forskarutdanning gjennom doktorgradsprogramma. Dei fire tradisjonelle universiteta (Oslo, Bergen, NTNU og Tromsø) har også ansvar for museum.

Kunsthøgskolen i Bergen
Kunsthøgskolen i Oslo

Kvalitetsreforma i høgre utdanning

Kvalitetsreforma har ført til ei rekkje endringar i norsk høgre utdanning. Dette gjeld både gradsstruktur og berekning av omfanget på studia, nytt karaktersystem ved universiteta og høgskolane, og også moglegheitene for å studere i utlandet.

Gradssystem

Bachelorstudium :
Eit tre-årig program som fører fram til graden bachelor. Du kan byggje ut denne graden til mastergrad og vidare til doktorgrad.

Masterstudium
Eit masterstudium er eit to-årig fulltidsstudium (tidlegere hovudfagsstudium). Studiet byggjer på fagleg fordjuping i bachelor- (cand.mag-) graden. Universitet, vitskaplege høgskolar og enkelte statlege høgskolar tilbyr masterstudium med eigne opptak direkte til lærestaden.

Profesjonsstudium
Profesjonsstudia har fastlagte fagplanar over fleire år innanfor eit fagområde. Profesjonsstudium i tre år gir bachelorgrad. Eksempel på slike studium er sjukepleiar og sosionomutdanning.

Femårige profesjonsstudium gir ein mastergrad. Farmasi, fiskerifag, jus, odontologi (tannlege), lærarutdanning og samfunnsøkonomi er eksempel på slike studium ved universiteta.

Profesjonsstudium på seks år gir eigne gradar. Medisin, veterinær, psykologi og teologi gir gradane cand.med, cand.med.vet, cand.psychol og cand.theol.

Kandidatstudium
To-årige fulltidsstudium ved høgskolane som gir tittelen høgskolekandidat.

Yrkesutdanninger
Fleire av høgskolane har fire-årige lærarutdanningar. Kandidatane kan få tildelt graden bachelor etter tre år dersom utdanninga fyller krava til graden etter høgskolen si forskrift. Lærarkompetanse blir først oppnådd etter fire år.

Årsstudium
Det finst ei rekkje årsstudium ved lærestadene. Mange av dei kan inngå i ein bachelorgrad. I tillegg kan nokre av dei vere grunnlag for eit profesjonsstudium i faget, for eksempel psykologi.

Doktorgrad (ph.d):
Denne graden byggjer på mastergrad eller tilsvarande utdanning og er den høgste akademiske graden ein kan oppnå i Noreg. Desse studia kan gjennomførast innanfor rammene av eit forskarutdanningsprogram og gir graden ph.d.

Studiepoeng og karakterar

Kursa ved universiteta og høgskolane blir målte i studiepoeng i samsvar med ECTS-standarden (European Credit Transfer System credits). Eittårig fulltidsstudium blir rekna til 60 studiepoeng, og ein 3-årig bachelorgrad gir 180 studiepoeng. Studentar både på lågare- og høgregradsstudium får karakterar etter eit bokstavsystem frå A (best) til F (stryk), og der E er lågaste ståkarakter. I tillegg blir det ved nokre eksamenar gitt en bestått/ikkje bestått-karakter.

Endringane i Kvalitetsreforma er i tråd med Bolognaprosessen, som har som mål å skape eit felles høgre utdanningsområde for heile Europa innan 2010. I dag deltek 46 av i alt 47 europeiske land i arbeidet med Bolognaprosessen.

NOKUT

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, NOKUT,er eit uavhengig, statleg organ som skal kontrollere og bidra til å utvikle kvaliteten på høgre utdanning og fagskoleutdanning i Noreg. Og det er sentralt i arbeidet med godkjenning av utanlandsk høgre utdanning.

NOKUT har myndigheit til å:

  • akkreditere nye studietilbod innan høgre utdanning som institusjonane sjølve ikkje har myndigheit til å etablere
  • akkreditere statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar
  • gi generell godkjenning av utanlandsk høgre utdanning og av norsk utdanning som ikkje er gitt av institusjon under universitets- og høgskolelova
  • godkjenne fagskoleutdanning

Gå til NOKUT

Studere i utlandet

Du har rett til å ta eit opphald ved ein lærestad i utlandet i løpet av utdanninga di dersom du ønskjer det. Alle universitet og høgskolar skal leggje til rette for at du kan få eit utanlandsopphald som fagleg passar inn i den utdanninga du har valt. Lærestadene skal ha eit nettverk for studentutveksling med studiestader i andre land.

Søk etter land og studie på ansa.no

Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU)

SIU blei etablert som statleg forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (KD) i 2004. Senteret administrerer internasjonale samarbeidsprogram innan utdanning og forsking på vegne av Kunnskapsdepartementet og andre. I tillegg har SIU i oppdrag å profilere norsk høgre utdanning og norske universitet og høgskolar overfor andre land, og også bidra med informasjon, kompetanseoppbygging, rådgiving og utgreiing for å fremje internasjonalisering av høgre utdanning.

Gå til SIU