Integrert lektorutdanning med master i naturvitenskap eller matematikk
Har du lyst på eit yrke der du dagleg møter ungdom i ein spennande fase i livet? Der du kan bidra til å skape interesse for faga som er avgjerande for å sikre Noreg si framtid som høgteknologisk nasjon?
Norsk ungdom ligg i verdstoppen når det gjeld å bruke ny teknologi. Vil du bidra til å auke interessa deira for kunnskapen som ligg bak mobiltelefonane, datamaskinene og internett? Ei interesse for realfag er avgjerande når vi veit at satsing på teknisk-naturvitskaplege fag er blant dei viktigaste tiltaka for å gjere norsk industri og næringsliv meir nyskapande.
Den spennande, interessevekkjande undervisninga i realfaga må starte i grunnskolen og på ungdomsskolen. Korleis kan ein få elevane til å oppleve dei klassiske naturvitskaplege faga som anna enn berre tunge og teoretiske? Vi trur at gode lærarar med høg kompetanse vil kunne gi meir engasjerande undervisning og slik utvikle positive holdningar til realfaga.
Lektorutdanninga med master i naturvitskap er ei femårig integrert lærarutdanning (300 studiepoeng). Utdanninga er ei lektorutdanning som fører fram til graden master i naturvitskap og matematikk - integrert praktisk-pedagogisk utdanning.
Den integrerte lektorutdanninga utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for den vidaregåande skulen. Utdanninga kombinerer praktisk-pedagogisk opplæring med solid fagkunnskap i minst to universitetsfag.
Studiet skal gi eit solid grunnlag i dei respektive vitskapsfaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, gi kunnskap om skulefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.
Studiet skal gi vitskaplege funderte kunnskapar og evner i det faget studenten tek mastergrad i. Det skal gi ei god innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig arbeide med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.
Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og kompetente til å ta medansvar for elevars læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.
I lektorutdanninga med master i naturvitskap og matematikk vel studenten to fag; eit masterfag og eit sidefag. Dette gir studenten grunnlag for undervisningskompetanse i to fag i vidaregåande skule. I fleire av dei tilrådde studieløpa vil det vere mulig å skaffe seg grunnlag frå undervisningskompetanse tre fag i vidaregåande skole; to programfag, samt naturfag, men kun to fag er obligatoriske. Utdanninga avsluttes med ei masteroppgåve i matematikk, fysikk, kjemi eller biologi avhengig av val av masterfag.
Studiets oppbygning
På denne nettsida finner du ein oversikt over oppbygginga av dei ulike studieretningane: http://link.uib.no/?OEC9
Læringsmål
A) Fagleg kunnskap
- Studenten skal ha tileigna seg den fagkunnskapen som gjeld for dei respektive universitetsfaga, og kunne arbeide med fagkunnskapen på ein sjølvstendig måte.
- Studenten skal kunne arbeide sjølvstendig med relativt omfattande og krevjande faglege oppgåver.
- Studenten skal ha utvikla ei sjølvstendig og kritisk haldning til innhaldet i faga og til den rolla faga spelar i skulen og samfunnet.
- Studenten skal kunne setje sentrale styringsdokument for faga i ein historisk og ideologisk samanheng.
- Studenten skal kunne gjere greie for og drøfte grunnlagsspørsmål og teoriar i pedagogikk og fagdidaktikk, og bruke det som grunnlag for kritisk refleksjon over egen undervisningspraksis og tilrettelegging for elevars læring.
B) Tilrettelegging for elevars læring i faga
- Studenten skal kunne bruke faget og undervise i det, ut frå fagleg spesifikke tenkjemåtar, arbeidsmåtar og tekstformer.
- Studenten skal kunne bruke fagleg innsikt i samtale og samarbeid med elevar, kollegaer og foreldre.
- Studenten skal kunne demonstrere fenomen i naturen samt praktisk bruk av matematikk, og leggje til rette for elevers læring gjennom praktisk observasjon og eksperimentering.
- Studenten skal kunne fremme elevers kompetanse til å sjå korleis prinsipp og tenkjemåtar i faget kan nyttast i møte med fagrelaterte utfordringar i samfunnet og ved deltaking i demokratiske prosesser.
- Studenten skal kunne leggje til rette for tilpassa undervisning for den enkelte elev og ulike skuleslag gjennom eit breitt spekter av framgangsmåtar.
- Studenten skal kunne gjennomføre og leggje til rette for faglege dialogar med elevane, individuelt og i grupper, om observasjonar og fenomen i naturen og om fagets omgrep og teoriar gjennom bruk av konkretiseringar og ulike forenklingsnivå.
- Studenten skal kunne utvikle elevars innsikt i og evne til å ta hand om eiga læring.
- Studenten skal kunne møte utfordringar knytte til den fleirkulturelle og fleirspråklege skulen.
- Studenten skal kunne drøfte utfordringar knytt til vurdering for og av læring generelt og særskilt i eigne fag.
- Studenten skal kunne setje dei ulike delane innanfor fagemna saman, og sjå korleis emna heng saman med andre emne, samstundes som ein har auge for det mangfaldet som fagemna spenner over.
C) Profesjonskompetanse
- Studenten skal ha forståing for den rolla faget og skulen spelar for samfunnet som heilskap.
- Studenten skal kunne vise etisk yrkesutøving overfor elevar og ulike samarbeidspartnarar, og ha medvit om lærarens og skulens rolle.
- Studenten skal kunne bidra til eit godt læringsmiljø gjennom demokratiske læringsfellesskap.
- Studenten skal kunne være ein tydelig leiar og i tillegg til kunnskapsformidling beherske dei ulike arbeidsoppgåver som elles ligg til lærarprofesjonen.
- Studenten skal ha kjennskap til og kunne vurdere organiseringsmåtar og styringsformer i skulen.
- Studenten skal ha utvikla kunnskap og innsikt som gjer ein i stand til å utvikle seg vidare som lærar.
- Studenten skal kunne vurdere samt gjennomføre undersøkingar knytt til elevars læring og utvikling og kommunisere resultat munnleg og skriftleg.
- Studenten skal kunne fremme miljømedvit, naturglede og respekt for naturens tålegrenser.
Undervisningsopplegg
Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Studenten skal gjennom studiet få møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåve, problembasert læring, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verkty. I tillegg vil det i enkelte emnar inngå laboratoriearbeid, ekskursjonar og rapportskriving. For nærmare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.
Læring gjennom rettleidd praksis i skulen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planleggje og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.
Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevars læring og utvikling.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du oppfylle krav om realfag (LÆREAL). Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?2rEgn
Politiattest (jfr. forskrift ved opptak til høgare utdanning).
Anbefalt forhåndskunnskap
For å kunne gjennomføre utdanninga på normert tid bør studenten ha full fordjuping frå vidaregåande skule i dei to sentrale faga som inngår i studieretninga.
Karrieremuligheter
Fullført og greidd studium medfører sertifisering som lærar. Utdanninga kvalifiserer først og fremst for undervisningsarbeid med undervisningsstilling som lektor i skulen.
Utenlandsstudie
Studentane vert oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Utanlandsopphald vert avtalt og lagt til rette i samarbeid med dei fagleg ansvarlege institutta.
Kva semester som er egna for utanlandsopphald avhenger av studieretning. På alle syv studieretningar er det mogeleg å ha utanlandsopphald eit semester med emne i vitskapsfaga. Det er også mulig å gjennomføre praksisperioden i 7. semester utanlands. Universitetet i Bergen har ein avtale om slik utveksling med University of Western Cape, Sør-Afrika. Studenter som gjennomfører praksisperioden i 7. semester i utlandet, har ikkje anledning til å ta prosjektemne i Vitskapsteori, teknologi og forskingslære i dette semesteret.
Se http://link.uib.no/?1vDGL for mer informasjon.
