Integrert lektorutdanning med master i nordisk
Det norske språket angår oss alle, vi høyrer det rundt oss heile tida, og det er ein del av historia og kulturen vår. Vil du bli ein av dei engasjerte lærarane som formidlar kunnskap om denne viktige delen av livet?
Norskfaget står heilt sentralt i skulen og er eit utfordrande og samansett undervisningsfag. Gjennom studiet lærer du både om den historiske utviklinga til dei nordiske språka og korleis moderne språk er strukturerte. Ein tek for seg språkbruksanalyse, talemål og norrønt. I andrespråksopplæringa ser ein for eksempel på korleis ulike innvandrarar lærer seg norsk.
Litteraturundervisninga gir deg innblikk i norsk og nordisk kulturhistorie. I løpet av studiet lærer du om norsk litteratur før og etter 1900, frå sagalitteraturen og Edda-diktinga til sakprosa og nyare fiksjonslitteratur. Du møter sentrale forfattarskap og ulike sjangrar.
Store delar av arbeidslivet krev gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Ein blir betre i norsk av å lese og skrive, og ei av dei viktigaste oppgåvene til framtidige norsklærarar vil vere å skape leselyst og skriveglede!
Den integrerte lektorutdanninga utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for den vidaregåande skulen. Utdanninga kombinerer praktisk-pedagogisk opplæring med solid fagkunnskap i minst to universitetsfag.
Studiet skal gi eit solid grunnlag i dei respektive vitskapsfaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, gi kunnskap om skulefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.
Studiet skal gi vitskapleg funderte kunnskapar og evner i det faget studenten tek mastergrad i. Det skal gi ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og handlar om det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.
Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og kompetente til å ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.
Det fyrste studieåret i nordiskfaget er delt mellom eit språkleg og eit litterært studium. Språkstudiet gir innsikt i korleis språket er oppbygt som system, korleis språket har utvikla seg, og kva som er bakgrunnen for dei variantane av skriftmål og talemål vi har i dag. Litteraturstudiet går inn på nordiske litterære tekstar, litteraturhistorie og tekstteori, og gir innsikt i sentrale forfattarskapar, ulike sjangrar og kulturhistorie. På høgare nivå vert det høve til å spesialisere seg i sjølvvalde faglege emne.
Namnet på faget understrekar eit nordisk perspektiv, men likevel vil hovudtyngda i studiet liggje på norsk språk og norsk litteratur. I kor stor grad studenten arbeider med nordiske eller reint norske fagområde, vil òg studenten sjølv kunne avgjere.
Som andrefag kan det veljast eit anna universitetsfag med eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lektorutdanningsprogrammet.
Studiets oppbygning
1. semester: Førstesemesterstudiet
- EXPHIL-HF, Examen philosophicum, 10 stp.
- EXFAC00SK, Examen facultatum: språk og kommunikasjon, 10 stp.
- PEDA111, Pedagogikk, 10 stp.
- 5 dagar skuleerfaring
2. semester: Nordisk 100-nivå
- NOSP102 Nordisk: Moderne språk, 15 stp.
- NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900, 15 stp.
3. semester: Nordisk 100-nivå
- NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen, 15 stp.
- NOSP103-L Nordisk: Språkhistorie og talemål for integrert lektorutdanning, 10 stp.
- NODI101, Norskdidaktikk, 5 stp.
- 5 dagar skuleerfaring, knytt til norskdidaktikk
4. semester: Fag II, 100-nivå
- Fagemne, 30 stp.
5. semester: Fag II, 100-nivå
- Fagemne, (med tilrettelagt tilbod i fagdidaktikk), 20 stp.
- PEDA112, Pedagogikk, 5 stp.
- Fagdidaktikk i fag II, 5 stp.
- 5 dagar skuleerfaring, knytt til fagdidaktikk i fag II og PEDA112
6. semester: Nordisk 200-nivå
- NODI201, Norskdidaktikk, 5 stp.
Eitt av desse emna skal veljast:
NOLI210-L Nordisk: Litterær analyse og teori for integrert lektorutdanning
NOSP210-L Nordisk: Språkbruksanalyse for integrert lektorutdanning
Dersom ein vel NOLI210-L, skal eitt av desse emna veljast:
NORAN251-L Andrespråkslæring og -undervisning for integrert lektorutdanning
NOSP250 Nordisk: Språkbruksanalyse
NOSP251: Nordisk: Språkleg variasjon og endring 1
Dersom ein vel NOSP210-L, skal eitt av desse emna veljast:
NOLI250 Nordisk: Litterær analyse og teori
NOLI251 Nordisk: Litterært fordjupingsemne 1
7. semester: Nordisk 300-nivå
- PEDA113, Pedagogikk, 10 stp.
- Fagdidaktikk i fag II, 5 stp.
- Eitt av desse emna skal veljast:
NOFI302 Spesialisert emne i norrøn filologi 1
NOLI311 Nordisk: Litterært masteremne C
NOLI320 Nordisk: Litterært særemne
NOLI322 Nordisk: Litterært masteremne B
NOSP211 Nordisk: Språk i Norden
NOSP320 Nordisk: Språkleg særemne
NOSP322 Nordisk: Namnegransking 2
NOSP323 Nordisk: Språksystemet 2
- 60 timar praksis
8. semester: Nordisk 300-nivå
- NOLISP300 Nordisk: Prosjektførebuande emne
- PEDA114, Pedagogikk, 5 stp.
- NODI302, Norskdidaktikk, 10 stp.
- 60 timar praksis
9. semester og 10. semester: Nordisk 300-nivå
NOLISP350, Mastergradsoppgåve i nordisk, 60 stp.
Praksis gir ikkje studiepoeng, men er ein obligatorisk del av pedagogikk og fagdidaktikk
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Politiattest (jf. forskrift ved opptak til høgare utdanning, § 2 og §§ 6-10). Tilrådd startgrunnlag er norskeksamen i felles allmenne fag ved studieretning for allmenne fag frå vidaregåande skule.
Karrieremuligheter
Lærarutdanninga med master i nordisk kvalifiserer for tilsetjing i grunnskulen (mellom- og ungdomstrinnet) og i vidaregåande skule. Lærarutdanninga gir undervisningskompetanse i norsk og det faget ein vel som fag II.
Utenlandsstudie
Studentane vert oppmoda til å ta delar av studiet i utlandet. Utanlandsopphald vert avtalt og lagt til rette i samarbeid med dei fagleg ansvarlege institutta.
Opptaksinformasjon
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til lektorutdanning med master i nordisk.
