Integrert lektorutdanning med master i fremmedspråk (engelsk, fransk eller tysk)

Ved Universitetet i Bergen

Har du lyst å bli «den gode språklæraren» som blir etterlyst i media? Læraren som både er fagleg dyktig og ein god pedagog som kan motivere elevane til læring?

Noreg er eit lite land i ei stor verd, og det å kunne fleire språk er ein avgjerande kompetanse for oss nordmenn. Næringslivet etterspør språkkunnskapar, og ein stadig meir internasjonalisert arbeidsmarknad krev folk som meistrar ulike framandspråk. Dei som ikkje er i stand til å kommunisere på tvers av språkgrenser blir ofte ståande på sidelinja, både i arbeidslivet og sosialt.

Den norske skulen legg stor vekt på framandspråkopplæringa. Engelskundervisninga startar allereie i første klasse på barneskulen, og andre framandspråk blir introduserte på ungdomsskulen og i vidaregåande skule. God kommunikasjon er avhengig av språkleg kompetanse, men også av kunnskap om kulturelle likskapar og skilnader og ulike samfunnstilhøve rundt omkring i verda. Den gode språklæraren skal spreie språkglede. For språk - det å lære språk, bruke språk og dukke ned i ein annan kultur - er noko av det mest morosame og utviklande ein kan halde på med.

Den integrerte lærarutdanninga utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for den vidaregåande skulen. Utdanninga kombinerer praktisk-pedagogisk opplæring med solid fagkunnskap i minst to universitetsfag.

Studiet skal gi eit solid grunnlag i dei respektive vitskapsfaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, gi kunnskap om skulefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

Studiet skal gi vitskapleg funderte kunnskapar og evner i det faget studenten tek mastergrad i. Det skal gi ei god innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig arbeide med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.

Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og kompetente til å ta medansvar for elevars læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.

Framandspråkstudiet skal både gje teoretisk kunnskap om språk og praktisk dugleik i språk. Emna kan her vere knytte til t.d. språkstruktur, språket i bruk, språkhistorie, omsetjing, grammatisk analyse. Men eit språkstudium er også studium av kultur og samfunnstilhøve og ikkje minst litteratur. Gjennom tekstlesing er det eit mål å gjere studentane kjende med litteraturen og med sosiale, kulturelle og politiske tilhøve i språkområdet som vert studert. På høgare nivå i studiet vert det høve til å spesialisere seg i sjølvvalde faglege emne.

Som andrefag kan det veljast eit anna universitetsfag med eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lærarutdanningsprogrammet. Studentane vert oppmoda om å velje eit anna språkfag i tillegg til masterfaget.

Studiets oppbygning

1. semester (haust):
Førstesemesterstudiet:
- EXPHIL-HF, Examen philosophicum
- EXFAC00SK, Examen facultatum - Språk og kommunikasjon
- Pedagogikk, 10 stp: PEDA111
- 5 dagar skuleerfaring

2. semester (vår):
- Fag 1, 100-nivå, 30 stp:
Engelsk: ENG101, ENG125 ( ENG123 eller ENG124)
Fransk: FRAN101, FRAN103
Tysk: TYS111, TYS112

3. semester (haust):
- Fag 1, 100-nivå, 25 stp:
Engelsk: ENG106 og ENG122L, eller ENG106L og ENG122
Fransk: FRAN114, FRAN105, FRAN106
Tysk: TYS113, TYS124
- Fagdidaktikk i fag 1, 5 stp.: ENGDI101, FRANDI101 eller TYSDI101
- 5 dagar skuleerfaring, knytt til fagdidaktikk

4. semester (vår):
- Fag 2, 100-nivå, 30 stp:
Engelsk: ENG101, ENG125
Fransk: FRAN101, FRAN103
Spansk: SPLA101, SPLA104
Tysk: TYS111, TYS112
Nordisk: NOSP102, NOLI102

Religion: RELV103, RELV105

Historie: HIS102 (obligatorisk), og ett av emna:HIS116 eller HIS115 eller HIS108 eller HIM101 eller HIS111

5. semester (haust):
- Fag 2, 100-nivå, 20 stp:
Engelsk: ENG106L, ENG122L
Fransk: FRAN114, FRAN105
Spansk: SPLA105, SPLA106
Tysk: TYS123, TYS124
Nordisk: NOSP103-L, NOLI103-L

Religion:RELV102 og RELV101L

Historie: HIS101, HIS120

- Pedagogikk, 5 stp: PEDA112
- Fagdidaktikk i fag 2, 5 stp.
- 5 dagar skuleerfaring, knytt til fagdidaktikk i fag 2 og PEDA112

6. semester (vår):
- Fag 1, 200-nivå, 25 stp:
Engelsk: ENG251 og ENG212L eller ENG252 og ENG211L
Fransk: FRAN201L og FRAN253 og FRANDI201, eller FRAN201 og FRAN253L
Tysk: TYS251 og TYS202L eller TYS252 og TYS201L
- Fagdidaktikk i fag 2, 5 stp: ENGDI201, TYSDI201

7. semester (haust):
- Fag 1, 300-nivå, 15 stp:
Engelsk: ENG301 eller ENG302 eller ENG303 eller ENG304
Fransk: FRAN301 eller FRAN303 eller FRAN304
Tysk: TYS311
- Pedagogikk, 10 stp: PEDA113
- Fagdidaktikk i fag 2, 5 stp
- 8 veker praksis

8. semester (vår):
- Fag 1, 300-nivå, 15 stp:
Engelsk: ENG305 eller ENG306 eller ENG309
Fransk: FRAN302 eller FRAN303 eller FRAN304
Tysk: TYS314 eller TYS315 eller TYS316 eller TYS317
- Pedagogikk, 5 stp: PEDA114,
- Fagdidaktikk i fag 1, 10 stp: ENGDI301, FRANDI301, TYSDI301
- 8 veker praksis

9. semester (haust) og 10. semester (vår):
Fag 1, masteroppgåve, 60 stp: ENG350 / FRAN350 / TYS350

Undervisningsopplegg

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Studenten skal gjennom studiet få møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåve, problembasert læring, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verkty. For nærmare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skulen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planleggje og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevars læring og utvikling.

I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.

Anbefalt forhåndskunnskap

Tilrådd startgrunnlag er 5-timars kurset i engelsk og fordjuping frå Vg3 i andre framandspråk.

I undervisning og pensum vert det lagt til grunn at studenten på førehand har teke Examen facultatum - Språk og kommunikasjon.

Karrieremuligheter

Fullført og greidd studium medfører sertifisering som lærar. Utdanninga kvalifiserer først og fremst for undervisningsarbeid med undervisningsstilling som lektor i skulen.

Utenlandsstudie

Studentane vert oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Utanlandsopphald vert avtalt og lagt til rette i samarbeid med dei fagleg ansvarlege institutta.

Opptaksinformasjon

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til lektorutdanning med master i framandspråk.

Informasjonen er levert av
Universitetet i Bergen

Oppdatert

6 feb 2012
Skriv ut
Master, 5 år
Master, lektorutdanning, kultur-, språk- og samfunnsfag, femårig
Undervisning ved lærestedet
300
Heltid